cover

The Shadow of an Empire

Fionn Regan

CD (2010) - Heavenly / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Singer/songwriter

Spor:
Protection Racket
Catacombs
Coat Hook
Genocide Matinee
Violent Demeanor
Lines Written In Winter
House Detective
Little Nancy
Lord Help My Poor Soul
The Shadow Of An Empire

Referanser:
Bob Dylan
Ryan Adams
Josh Ritter
Jason McNiff
Simon Joyner
Damien Jurado

Vis flere data

Se også:
The End of History - Fionn Regan (2006)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Folk blir rock

Den akustiske gitaren er bytta ut med den elektriske, men evna til å lage gode låtar er ikkje bytta ut.

Sånn cirka 45 år etter at Dylan gjorde det, går også Fionn Regan elektrisk. Det skal han ikkje kjenne seg alvorlig skjemd over. For heilt utan tilgjorte tendensar, og med ein dugande snert i både fråspark og munnleg avlevering, ramlar han og hans vesle lag stadig inn i tiltalande låtopplegg.

Det var hausten 2006 at han kom med sitt debutalbum. Eit album som var Regan og hans akustiske gitar, og ikkje så mykje meir. Men det var nok det. Han hadde taket på det. På korleis ein målbind med ein song. Med Dylan og Drake i blodet skapte han melodiar og formulerte tekstlinjer som både hadde noko gjenkjennelig i seg, og noko friskt og freidig Regansk i seg.

The End of History var tittelen. Tre og eit halvt år seinare viser det seg altså at det ikkje var slutten på historia. The Shadow Of An Empire er oppfylgjaren som har tatt lengre tid enn slike vanlegvis tar. Ei mellomlanding hos den amerikanske labelen Lost Highway må ta hovudskylda for det. Saman med labelens husprodusent Ethan Johns gjorde Regan ferdig eit album i 2008. Eit album han sjølv beskriv som eit kompromisslaust resultat av to kompromisslause sjelers samarbeid. Lost Highway synst det låt heilt annleis enn dei hadde tenkt seg, surra ein raud tape kring det og putta det i limbo. Regan sa takk for seg, og reiste heim til Irland.

Der, med sin Olympia skrivemaskin som rytmisk inspirator, produserte han ark etter ark med nye songar. Med seg sjølv som eineveldig sjef, ein rytmeduo i ryggen, og eit par-tre andre spreidde aktørar, forma han så desse songane i eit langt meir straumførande bilde enn sist.

Ånda av Drake er nok ikkje så veldig tilstades denne gongen. Men Dylan sin er her. På fleire vis. Den upolerte, intuitive og skranglevorne produksjonen kan absolutt sporast tilbake til ting Dylan var gjennom på 60-talet. Den tidvis ordgytande og ilskne måten Regan angrip sine vers og refreng på er heller ikkje heilt Dylanfjern. Og her er meir enn ei melodilinje med klare Dylanske trekk.

Men å arrestere han og sikte han for utilbørlig omgang med tilårskomne og hevdvunne tonar føler eg ingen trong til. For han stel med talentet til ein som evnar sette det inn i eigne rammer. Og slikt seier jo lova er tillatt. Gjer den ikkje?

Så når eg, for eksempel, tenker om House Detective at den er ein Subterranean Homesick Blues no 2, så tenker eg også; faen, det er ein god nummer to. Ein med driv, og mot, og lukt, og Regansk lynne.

Eit lynne som viser fram ei noko meir harmfull side denne gongen. På Protection Racket, som er eit driftig oppgjer med storkapitalens dukking av den vesle mann. På Genocide Matinee, eit snerrande angrep på imperialismen og anna forkastelig maktutøving. Og på Catacombs, der eit oppgjer av meir privat art står på programmet; "let's take it outside, the kids are sleeping".

Ved enkelte høve viser han fram ei meir forsonande side, både sonisk og verbalt. Lines Written In Winter er eit vakkert stykke musikk av nett det slaget, med eit poetisk sluk i seg - "your lost between the glitter of winter, in the big world darkness". Medan Little Nancy gyngar av garde meir godlynt enn noko anna her, og Laura Murphy syng harmoni.

På tittelsporet høyrer vi berre Regan og pianoet hans. Tonen der har gått vegen om både The Times They Are A-Changin' og Desolation Row før den nådde Regan, men funkar så godt i hans hender òg at den ikkje blir forvist til eit evig skyggetilvære. På det verbale plan prøver han, både i denne og andre songar, å la surrealistiske element vere med å uklarliggjere kor han eigentlig vil hen. Og han lukkast nok også, den luringen.

"God loves a trier, an articulate lier" blir det hevda. Ein sånn ein som Fionn Regan då, skulle eg tru. Eg har ganske så mykje til overs for han eg også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo