cover

The Night's Bloom

Pinetop Seven

CD (2005) - Barbary Coast / Empyrean / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Folkrock / Countryrock

Spor:
The Night's Bloom
Easy Company
Fringe
A Fire Burns at the Foot of Our Bed
Born Among the Born Again
A Mouthful of Expensive Teeth
June
A Page From the Desert
His Aging Miss Idaho
Untitled
Witness
Made a Whisper Out of Me
The Comedy Is Ended

Referanser:
Sparklehorse
Lambchop
Willard Grant Conspiracy
Red House Painters
American Music Club

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Haustlige bilete

Låtar i ei cinematisk folkrock-ramme, som veks og blir til vemodige og rike sinnbilete.

Ei mørk ilsken sky drar seg unna, månen sig fram, og natta blomstrar. Ein fugleflokk flyg sin veg og lar det eldgamle furutreet møte dei langsame og stille timane i einsemd. Ein gong kunne ein høyre eit magisk sus frå furua når vinden drog gjennom dei frodige greinene, no høyrer ein berre nokre vemodige stønn frå ei ustø stamme. Nakent, sårbart og kraftlaust står treet der, og for kvar natt som går sig det litt nærare sin frodige og yngre nabo.

Chicago-kollektivet Pinetop Seven er tilbake, og skaper framleis sinnbilete av det vemodige slaget. Cover-illustrasjonen og det eit minutt og tjue sekundar lange instrumentale tittelkuttet er det som sørgjer for at overnemnte filmsnutt byrjar å snurre på det indre lerretet. Når bandet tre kvarter seinare konkluderer The Night's Bloom med ein annan kort instrumental kalla The Comedy Is Ended så ligg det mykje vemodig ironi og dirrar i lufta. For då har frontfigur Darren Richard og hans medsamansvorne nytta tida si godt, og losa oss gjennom eit magisk tonelandskap der sinnet sine meir dunkle avkrokar blir sett i eit gråblått lys. Tynt med komediar altså, men desto fleire tragediar (om enn som regel med ei kime av håp).

Akkurat som åndsfrendane i Lambchop og Willard Grant Conspiracy er også Pinetop Seven eit band fronta av ein toneangjevande låtskrivar og songar med eit melankoli-disponert sinn. Darren Richard starta kollektivet saman med nokre studiekameratar i 1996. Fram til 2001 kom det rimelig tett med utgjevingar frå gjengen (tre "offisielle" album, eit som berre vart tilbode på konsertar og web, samt ein sjuspors EP). The Night's Bloom skulle altså vise seg å trenge ei langt lengre spiretid.

Litt tid treng albumet også til å vekse inn i lyttaren sitt hjerte, men når det først slår rot der trengs det ingen form for kunstig gjødning for å få det til ekspandere. Det som i første runde kunne virke som ei litt for likelydande og finslipt rekke med låtar, står etterkvart fram som eit gåtefullt og melodisk praktfullt verk, der kvar låt teiknar sin personlige signatur innafor ei nedstemt, og i utgangspunktet smal cinematisk folkrock-ramme. Ei ramme Pinetop Seven har hatt for vane å skrapa og dytta litt i ved å tilføre subtile element av både jazz og avant-garde. Rett nok aldri meir enn at fokuset på låta vert trygt halde i hevd, men ofte såpass at det gjer tonane eit lite ekstra puff inn i verkeleg sporsetjande terreng. Darren Richard og venene har ikkje revolusjonert uttrykket sitt dei fire åra som er gått sidan førre Pinetop Seven innspeling. Dei lener seg framleis mot den same dvelande og organiske folkrock-plattforma.

Som den multi-instrumentalisten han er, fyller Darren biletet med eit stort utval lydkjelder. Her er strengetraktering av både glidande og klimprande, elektrisk og akustisk, karakter. Her er piano- og marimbaturar i blå terreng, atmosfæreskaping og taktfull rytmeutøving. Frå Richard sine medhjelparar blir det spedd på med sordinerte tonar frå trompet og horn, og ikkje minst mange effektfulle og vakre strykarparti. Det relativt store omfanget av det siste er nok den viktigaste årsaka til at Pinetop Seven denne gongen står fram i eit litt fyldigare format enn på tidlegare framstøyt.

Bandet hentar sin inspirasjon frå både musikk-, litteratur- og filmverda. Frå musikkverda har eg allereie nemnt eit par åndelige slektningar, men kan vel spe på med Sparklehorse og American Music Club. Richard har sjølv framheva regissøren Jim Jarmusch som ein viktig inspirator. Og ja, Pinetop Seven har noko av den same evna til å finne spenninga i, og skape eigenart utav, det alminnelige. Personleg ser eg også føre meg ein del av dei grågule bileta til Krzysztof Kieslowski når Pinetop Seven sine ord og tonar gjer seg til kjenne. Frå litteraturen er det sjølvsagt nærliggjande å trekke fram Raymond Carver sin reinskorne stil. Nemnast må det også at den irske krimforfattaren John Connolly har gjort det til ein vane å sitere Pinetop Seven tekstar i bøkene sine.

Sitere tekstar lyt vi vel gjere litt i denne omtalen også:

"I've slept in a suitcase, passed around the fringe,
of silent handshakes I'm always taken in,
the face in the bathroom mirror starts to grin,
and a girl's education begins."

Slik går det melodisk vanedannande refrenget i Fringe. Ein song der vi møter ein fyr i kneståande, som fortvila men tilsynelatande håpefullt ber om å få tilgjeving for ufine ting han har gjort. "I did you no harm, did I friend?" spør han tilslutt, men utan å tru på det sjølv.

Fullstendig utan håp er den ulykkelige mannen i A Page From a Desert. Ein gnagande og bekmørk mordballade. Hovudpersonen har aldri opplevd dei store gledene her i livet, så når han anar innpass hos ei dame vil han gjerne vise kva han er kapabel til. Dama viser seg dessverre å vere av det falske slaget og sender den svartaste av latter opp i fjeset på stakkaren, noko som fyller han med eit djevelsk sinne. Så når låta sluttar med setninga "I just wanted to show you, what I was capable of", ja då er det nok alt anna enn kjærlige handlingar han har vist at han meistrar.

Eg veit ikkje om det er tilfeldig, eller om det er ein bevisst finte frå Richard si side, men saken er i alle fall at tre-fire av låtane tar ein minisving innom R.E.M-tonar. Linja "I'm on my way now from my recovery" frå den vokal-harmoniserte og særdeles vakre Born Among the Born Again er til dømes ein slik liten manøver. Ein annan dukkar opp i A Mouthful of Expensive Teeth. Ei låt som ellers bygger seg frå sakral til voldsam, og nok er å forstå som ein kommentar til det amerikanske folket sitt noko tvilsame verdsbilete; "we're bullies grown up on american views, it's hardly good news".

Bandet er ute i litt up-tempo og folkpoppig terreng med June og His Aging Miss Idaho, og gjer det bra. Det er nok likevel når dei er på det litt meir dvelande haustsporet at dei byr på dei aller største opplevingane. Slik som med den blåsarkledde oppbrottslåta Easy Company, med sin vemodige konklusjon; "I offer you my hand, dressed as an honest man, but if you're better off alone, be alone". Eller når Richard sper på med næringsrike banjotonar i eit luftig landskap i den kriminelt flotte Witness. Eit tungt inntrykk gjer også den elegiske Made a Whisper Out of Me, som omhandlar det forferdelige å miste eit barn.

Novembertonar som finn fram, og blir.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo