cover

Dan Sartain vs. The Serpientes

Dan Sartain

CD (2003) - Swami / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Punk / Rockabilly / Folkrock / Garasjerock

Spor:
Tryin to Say
P.C.B. 98
I Could Have Had You
Walk Among the Cobras, Pt. 1 Cobras, Pt. 2
Cobras, Pt. 3
Place to Call My Home
Love Is Crimson
Leeches, Pt. 1
Lonely Hearts
Metropolis
Auto Pilot
Romance
Got That Feeling

Referanser:
Eddie Cochran
The Stooges
The Modern Lovers
Violent Femmes

Vis flere data

Se også:
Join Dan Sartain - Dan Sartain (2006)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Om kvinnelist og slangegift

Med punkattityde, garasjelukt og ein solid porsjon sterke låtar presenterer den unge amerikanaren seg på eit primitivt og overtydande vis.

Scene 1 (platecoveret): Ein ung tynn fyr står på tå hev midt i trappeoppgangen med repet stramt rundt halsen, og med ei kriblande uro frå øvst i rockabilly-sveisen til innerst i eit par sveitte sko.

Scene 2 (songane): Med punkattityde, garasjelukt og ein solid porsjon sterke låtar i ryggen kuttar fyren repet og kastar seg ut i ein febrilsk dans i selskap med upålitelige kvinner og lumske slangar. Ja, full av ungdommelig råskap og frenetisk pågangsmot serverer jyplingen ein sprek (om enn ved nokre få høve litt melodisk tvilsam) kombinasjon av Eddie Cochran stimulert rockabilly, The Stooges egga garasjeglød, Modern Lovers influert punkminimalisme og Violent Femmes jagande folkpunk. Det er til å bli yr, vill og ung igjen av.

Dan Sartain kjem frå Birmingham, Alabama og er i byrjinga av 20-åra. Han har vore oppslukt av gitardriven musikk heilt sidan første gong han høyrte lyden av den, og har allereie to sjølvutgjevne album på CV'en sin. Det tredje kjem her sprelsk rockande via den vitale garasjepunkaren John Reis (Rocket From the Crypt og Hot Snakes) sin label Swami. Heilt ferskt er det rett nok ikkje. Det har berre tatt litt tid før det har nådd fram til steinrøysa vår. Vs. The Serpientes er nemlig sett saman av låtar frå dei nemnte sjølvutgjevne platene samt nokre nyare innspelingar gjort i 2003.

Primitivt kan vel vere ein slags fellesnemnar for det meste fyren har på programmet. Han kastar seg uti det med gitaren i usikra stilling og røysta som tennvæske, og tett bakom i knoklete men effektiv stil pressar rytmikken seg på. Her blir det gått direkte til verket både i toneframferd og tekstlig utforming, pynta omvegar blir aldri tatt i bruk. Og det er ting som tyder på at han allereie har opplevd ein overdose trøbbel i sitt unge liv. Sentralt i så måte står det eg velgjer å titulere som Kobra-trilogien. Tre låtar med uforsonlige trekk der fokuset blir retta mot svik, einsemd, mismot og hemntankar. Walk Among the Cobras (pt. I) buktar seg skarpt fram i punkabilly fasong, og gjer råd om "to scream instead of holler".

Cobras (pt. II) tar få melodiske omvegar, og legg heller ingen tekstlige lokk på kva for tankar som står fremst på agendaen; "I figure out a way to hang you by your neck". Medan Cobras (pt. III) har ei meir tilbakelent melodisk form, men touchar kjente og beiske Dylanske utsegn når det i refrenget blir forfekta at "you don't know what it's like to be alone, no baby, you don't know how it feels to have the cobra snappin' at your heels".

Før vi er framme ved Kobra-trilogien har Sartain sparka, stønna, tralla og bjeffa seansen i gang med energiske Tryin' to Say, fylgt opp med like energiske P.C.B 98, og roa seg litt ned med den angerfulle I Could Have Had You. Ikkje fullt så tett med upolerte perler kjem ramlande i albumet sin andre halvdel. Dei litt Pixies-aktige tilfella Love Is Crimson og Leeches (pt. I) strevar i melodisk motbakke, og kjellarbluesen Romance blir i hjelpelausaste slaget.

Metropolis derimot skal få tildelt solid plusskarakter, rytmisk velskapt og melodisk raffinert som den er, i eit vagt latinslekta lende. Sartain viser også at han meistrar dei straumlause formene i dei to akustisk-gitar draperte visene Place to Call My Home og Got That Feeling. I den første fyller han ut biletet med skeive pumpeorgel-tonar, og den andre glir inn i eit blått hornparti midtvegs. I det heile er andre halvdel meir avbalansert, men såleis heller ikkje like spenningsfull som den første.

Rykta fortel at Sartain i desse dagar er i gong med å spele inn rykande ferske låtar for ei 2006 utgjeving. Skulle han der utvikle låtskrivar-åtferda og dei eigenarta rock'n roll manerane sine ytterligare kan det fort vise seg å bli ein av neste år sine meir kjærkomne musikkopplevingar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Senjafestivalen 2014

Strålende konserter, fantastiske omgivelser, sol og føling i fjæra tre dager til ende. Tragedien kom noen uker senere.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

DRUMMER WANTED - NORGES TURN...
26.06.14 - 22:35

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo