cover

I Want to Live a Peaceful Life

Holy Sons

CD (2003) - FILMguerrero

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Lo-fi / Singer/songwriter

Spor:
Trivialized
Stunned
Family Man
Every Mansa Riddle
Getting Old
Spirits High
Last Hurrah
Ready to Die
All the Wrong Things
Hermit's Tune
Washed Out
Desire
Amen

Referanser:
Neil Young
Bonnie Prince Billy
Hayden
Devendra Banhart

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Fredfulle viser i eit småkupert terreng

13 små spor, i eit fredfullt men litt ulendt lo-fi folk-landskap.

Rundt omkring i alskens hjørner av verden sit det folk med ulikt ambisjonsnivå og spelar inn musikk. Manglande interesse, kontaktnett og/eller sjølvtillit gjer sitt til at stoffet sjeldan når særlig langt utanfor soverommet. Oppe i Portland, Oregon har Emil Amos sidan tidleg på 90-talet drevet med slike ting. Og det er nok ikkje så mange, underteikna medrekna, som har fått med seg det han har gjort. Men i tillegg til at han har traktert henholdsvis gitar og trommer i lokale band som Pseudoxis og Grails, har han sitt eige vesle einmannsforetak med det litt forvirrande navnet Holy Sons. Forvirrande fordi fleirtalsformen på navnet skulle tyde på at det var meir enn ein involvert. Etter seiande har imidlertid ikkje det vore tilfelle på mannen sine tre første heimelaga utgjevingar.

I Want to Live a Peaceful Life er Holy Sons sitt fjerde album. Og denne gongen har Emil, i tillegg til at han har lagt største delen av innspelingane til eit proft studio, og involvert ein mann, Timothy Horner (Grails), til å plassere litt lyd frå strykarar her og der. 13 spor, stort sett i eit lo-fi folk-landskap, er det Holy Sons presenterer. Instrumenteringen er sparsommelig men vanligvis effektfullt anretta. Så sjølv om det heile har ein litt vindskeiv og søvnig framtoning sit ein med ei kjensle av at ting ikkje er tilfeldig, og at det ligg gjennomtenkte idéar i bunn av det heile. Utan at alle idéane er like vellykka.

Fem av spora har Emil gjort heime åleine. Best av desse er Desire, den låta her som har soleklart mest sting i gitarlyden, ikkje heilt ulikt Ragged Glory-era Neil Young. Ein mann som og dukkar opp i tankane fleire andre stader her, kanskje mest fordi Emil av og til styrer stemma si over i falsettleie, men og fordi nokre av visene hans har sine vage slektningar hos den meir akustiske Young. Som på den smått jazzige Family Man, eller i dei litt meir psykedeliserte tilfellene Spirits High og All the Wrong Things. Medan nydelige Getting Old varierer mellom baritonsang à la Stephin Merritt og skjøre falsett-tonar. Høgdepunkta på plata er dei to låtane som rammar det heile inn. I åpningssporet Trivialized kan Emil minne om ein litt vimsete Jason Molina, ledig og melodisterkt. Når ein kallar seg heilage søner er det avgjort passande å lukke boka med eit Amen. Ein låt som startar med Emil sin langsomme sang i front og ein gitarlyd i det fjerne. Plutselig smell gitaren og tromma inn heilt i front medan vokalen må tre eit par meter attende. Seig, litt vridd og fin dynamikk.

Jodå, han har absolutt fascinerande saker for seg, der han tuslar rundt med nennsomme skritt i sitt brokete folk-landskap. Sjølv om han nok har eit par elver å krysse før han kan måle seg med musikalske slektningar som Bonnie Prince Billy og Hayden. Men eg har ei kjensle av at han med denne plata er i ferd med å tre ut av eit idérikt skisse-landskap og inn i eit meir fullbrakt territorium. I tilfelle får vi håpe at det skjer utan at noko av spenninga druknar på vegen, for då kan det være snakk om rett så attraktive lytteopplevelsar bak neste knaus.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo