cover

Motorpsycho Presents the International Tussler Society

The International Tussler Society

CD (2004) - Sony Music / Sony Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Sørstatsrock / Folk / West coast

Spor:
Highway Zen
That Ol' White Line
The West Ain't What It Used to Be
September
Satan's Favourite Son
Laila Lou
Back In Your Bed
When We Were One
Shitbox Ford
Morning Rain
The Skies Are Full of ...Wine?
Cassie (Call on Me)

Referanser:
The Band
Allman Brothers Band
Lynyrd Skynyrd
Neil Young
Flying Burrito Brothers
The Grateful Dead
Crosby, Stills & Nash

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Sju lovlause og ein hund

Motorpsychologar med venner inviterer på eit sevjerikt, variert og raust måltid.

Då motorpsychoane eit par-tre vakante dagar i 1994 fekk med seg nokre venner i ein trivelig liten seanse og spelte inn det som skulle bli The Tussler - Original Motion Picture Soundtrack, skapte dei samstundes ein aldri så liten legende. Kun trykt opp i eit par tusen eksemplar, og med eit ekspanderande rykte om kanskje å være den beste norske countryplata gjennom tidene, vart albumet snart eit ettertrakta samleobjekt. Underteikna høyrer med til dei som ikkje fekk kloa i albumet før det blei gjenutgitt, med ein generøs dose ekstraspor, i 2003. Ei sjarmerande og fin plate er det, men om det er den aller beste countryplata gjeve ut her til lands er eg ikkje heilt sikker på, den har nå i alle fall eit par konkurrentar. Men eg er sikker på at albumet som har okkupert stereoanlegget mitt dei siste dagane er betre enn alle norske countryalbum eg har fått med meg. Det er berre det at eg er ikkje så overtydd om at The International Tussler Society skal bli plassert i countrybåsen denne gongen.

Nå er tonane som flyg rundt her fortsatt veldig amerikanske i sitt vesen. Men dei flyg vidt, frå Neil Young sin Broken Arrow farm, via skogkledde fjellpartier, golde landskap, Macon, Georgia, sumpområder, og fram til ei grav i Jacksonville, Florida. Dei bevegar seg frå tøff rock'n'roll til vare balladar, frå vestkysten sin harmonisang til sørstatsrocken sin meir gruffige tone. Men for all del, det er fortsatt ein god del country å finne i brygget også.

Dette, saman med western-mytologien i cover og tekstar bringer ånda i det heile ein god del mil vest for den trønderske vinteren i Stuggudalen. Men i Tusslarane sine evnerike hender blir dette forholdet aldri flaut og påtatt, og dei forvillar seg heller aldri ut i parodien sin grøftekant. Det dei sju imidlertid gjer, og som få andre norske artistar i same ærend får til, er å sette sitt eige solide stempel på det dei serverer. Derfor gjer det igrunn ingenting at ideane bak dei sjølvskrevne og særdeles vitale låtane kjem langvegs ifrå.

Neidå, her er det berre å kaste seg uti det med hovud og hjerte først. Som belønning får ein då 50 minuttar med varmblodig og livgjevande elektrisk musikk. Framført med stil og usannsynlig seriøs speleglede. Der det sterke åpningssporet Highway Zen med sitt vekselbruk av sørstatsrock og Neil Youngske fargar grip tak hardt og effektivt i første runde. Eit tak som aldri glipp. På den påfølgande That Ol' White Line er det vestkystharmonien som står i sentrum. Medan retningssikre The West Ain't What It Used to Be byr på sørstatsrock med glødande fleirsang.

I avdelingen for balladepreg og varleg melankoli finn vi låtar som September og Morning Rain. Countryrock i sin meir karakteristiske habitt møter vi på The Skies Are Full of... Wine? (denne er også å finne i ei meir Motorpsychotisk drakt på Ozone EPen som kom forut for Trust Us), og i sangen om Tussler sitt assorterte åttande medlem hunden Laila Lou. Løpske banjotonar og heftig pedal steel frontar When We Were One og biltrøbbel-affæren Shitbox Ford, albumet sine lengst-over–i-country-lende tilfeller. Snev av country har også Back In Your Bed, men her er slektskapet til Lynyrd Skynyrd i boogie-slag meir framtredande. Eit slektskap ein og kan spore i Satan's Favourite Son. Ei låt som og har sine rufsete Little Feat fakter, samt eit refreng av kraftfullt melodiøst og vanedannande kaliber. Ein potensiell live-vinnar, og plata si nest størst stund. Den aller største kjem til slutt. Cassie (Call on Me) er ein koloss, ein symbiose av Crosby, Stills & Nash aktige harmoniar, Allman Brothersk dynamikk og eksplosiv rytmikk. Den sparkar, bit og kjælar, og er eit uvær på stigande kurs. Seks og eit halvt minutt etter at den starta gjev den frå seg sin siste tone, lenge før eg har blitt mett. Eit ekstraordinært punktum på noko som godt kan vise seg å være årets beste norske plateutgjeving.

Albumet kjem og med ein DVD. Her får vi servert ein drøy halvtimes dokumentar frå innspelingane, video av Satan's Favourite Son, samt ein del outtakes frå dokumentaren. Her er også det første minuttet av den påståtte filmen som innspelingane i 1994 skulle være eit soundtrack til. Eg veit ikkje om det heilt held som bevis for at den verkelig finst.

comments powered by Disqus

 



Morfar
2004-11-14Mom & Johnson loneliness er bedre!

http://www.geocities.com/johnson_loneliness/index.htm

tor-fredrik s.
2004-11-19helt enig!

jeg må si meg enig i at tussler blir litt tamme og kjedelige. mom & johnson er et kjærkomment, friskt tilskudd til en laber countryscene i landet. selv jeg ikke vet så mye om de. lurer på om det er noen gamle musikalske ringrever, godt kjent fra før?

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo