cover

Our Caravan

Muzzlewhite

CD (2003) - Big Dipper / Sonet

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Americana / Heartland rock / Norwegian depression

Spor:
It's Only Temporary
Friend In Hell
How You Say Good Night
Our Caravan
Seriously Kidding
Sagging Front Porch
Santa's Drunk Tonight
Uncle Lou
Step Forth
Local Karaoke Queen
Sad All the Time

Referanser:
Cinnamoon
Emmerhoff & The Melancholy Babies
Chris & Carla

Vis flere data

Se også:
My Hero - Muzzlewhite (2001)
Henry's Lunch - Muzzlewhite (1999)
Muzzlewhite - Muzzlewhite (2002)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Lystighet i jammerdalen

Mykje depresjonar, fortvilelse, tragediar og annan faenskap, men innimellom viser bandet fram ei ganske så upretensiøs side.

Innanfor countryrock-sjangeren (eller americana om du vil) finnes det ein bråte artistar. Berre her til lands har det etterkvart vekst fram eit betydelig antall. Så ein skal lage pokker så gode låtar, og være i besittelse av ein viss form for eigenart for å kunne gjere seg bemerka. Kronspørsmålet eg no har lagt opp til er då sjølvsagt: Er Muzzlewhite i besittelse av slike saker?

Vel, dei leverer sin country-rock i eit lågmælt leie, men friskar det opp med både litt banjo og fele innimellom, kanskje ikkje spesielt originalt. På tre av spora er det sangbidrag frå ei svensk dame med navn Frida Eklund. Det friskar opp og skaper variasjon. Dei syng mykje om depresjonar, fortvilelse, tragediar og annan faenskap, det har vi vel og høyrt andre gjere, men innimellom viser bandet fram ei ganske så upretensiøs side der dei bringer inn både sjølvironi og munterhet, og det er kanskje ei litt sjeldnare vare innanfor denne sjangeren.

It's Only Temporary er med sine smittande banjotonar, og for øvrig i all sin enkelhet, eit strålande åpningsnummer - ingen store fakter, kun inspirert og truverdig. Nå er det som tittelen hentyder berre midlertidig, for neste låt Friend In Hell er ein rocketildragelse som saknar både framdrift og melodi, eit problem den deler med nokre kutt til på plata. Tittellåten derimot, som ein for øvrig kan sjå på som eit slags Muzzelwhite-introduksjonsnummer, er ein festlig og usedvanlig inkluderande tur gjennom Europa, og er med sin lause og ledige stil eit av høgdepunkta. I Local Karaoke Queen blir det og brukt humor, sjølv om det er ein temmelig tragisk historie som blir skildra. Den handlar om korleis det er å ha ei mor som er den lokale
karaoke-dronninga, med alle ydmykelsane slikt fører med seg. Faren sin har guten aldri hatt kontakt med, "but I know my daddy's name, I've seen his picture in Kerrang", og no ynskjer han berre at faren kunne komme og ta han med seg ut på turne. Egentlig ein ganske så fornøyelig liten sang.

Kun tragisk er imidlertid beretningen i Santa's Drunk Tonight, ein langsom Cohen'sk melodi, denne er også sett frå eit barns perspektiv, men er så trist at det nesten blir for mykje, og får ein til å lure på om det egentlig er meint som parodi.

Fyndig og bra kling det i midtempo låtar som How You Say Good Night og Sad All the Time, sistnevnte med effektfulle temposkifter og noko som nesten minnar om Johnny Cash sin Boom-Chicka-Boom rytme. Så rullar campingvogna inn i solnedgangen, medan cowboyane med eit lite smil om munnen syng; "where we'll be glad all the time".

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo