cover

Closer

Joy Division

2 x CD (1980) - Factory / London / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Post-punk

Spor:
Atrocity Exhibition
Isolation
Passover
Colony
A Means to an End
Heart and Soul
Twenty Four Hours
The Eternal
Decades


Dead Souls
Glass
A Means to an End
Twenty Four Hours
Passover
Insight
Colony
These Days
Love Will Tear Us Apart
Isolation
The Eternal
Digital

Referanser:
The Velvet Underground
David Bowie
Iggy & The Stooges
Roxy Music
Can
Kraftwerk
Wire
Bauhaus
The Sound
New Order

Vis flere data

Se også:
Unknown Pleasures - Joy Division (1979)
Still - Joy Division (1981)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Stengetid

Det finst ikkje mange plater like dystre som Closer. Det finst ikkje mange plater like bra som Closer.

Eg vart først kjent med Joy Division etter at det heile var over. Det aller første møtet fant stad eit par veker etter at Ian Curtis hadde satt sluttstrek på det mest tragiske av vis. Det var på radioen hos Harald Are Lund. Han fortalte om denne unge songaren som hadde hengt seg, og så spelte han ein heilt ny singel, Love Will Tear Us Apart. Eg tenkte; noko så trist, noko så ufattelig einsamt, noko så vakkert.

Men det var sommar, det var ferie, og det var vel ikkje akkurat dette eg skulle bruke den til. Borte vart det like fullt ikkje, dette augeblikket. Magi plar ikkje bli det. Så før sommarferien var heilt over, var både Love Will Tear Us Apart og Closer i hus.

Min første runde med Closer klarte eg ikkje å fullføre. Det var kveld og eg var åleine om å vere vaken. Eg byrja ane uråd allereie nokre sekundar inn i Atrocity Exhibition. "Asylums with doors open wide" song Curtis, og eg var ikkje eit sekund i tvil om at han stod der, midt i døropninga. Dette var noko anna. Dette hadde eg aldri høyrt før. Aldri. Dette var iskald klaustrofobisk angst. Dette var skummelt. Eg stengte skoddene, la meg djupt ned i senga og høyrte Curtis invitere meg inn. "This is the way, step inside". Eg var meir enn usikker på om eg ville takke ja til den invitasjonen.

Eg var ein unggut frå dei grisgrendte strøk. Eg hadde dei siste par åra, sånn heilt på eigehand, byrja rota meg inn i rock'n roll. Eg hadde blitt forelska i Patti Smith der ho elektrisk rasa rundt på scena og song "because the night belong to lovers". Ljomen av London Calling var aldri langt unna. Og nyleg hadde eg golva fullstendig av Magazine sin fabelaktig tverre Song From Under the Floorboards. Men eg var ikkje førebudd på Closer. Eg trudde eg skulle få meir Love Will Tear Us Apart. Og det fekk eg. Men berre så altfor mykje, og meir til. Eg kom meg til vegs ende av side 1. Eg tok, med ikkje altfor stort mot, fatt på side 2.

Eg kom ikkje langt inn i Heart And Soul før eg berre fekk nok. "Heart and soul, one will burn". Det vart for skremmande. For djupt ned i ein mørk og gufsen kjellar. Den fyren må ha hatt ei smerte større enn noko menneske er meint å bere på, tenkte eg. No står han der, gustenbleik og makteslaus, midt i det store mørkret, i ferd med å ta sin einaste venn undergangen i handa. Eg vil ikkje vere med på dette her meir, konkluderte eg.

Eg trur det tok ein månad før eg i det heile drista meg til å sjå på albumet igjen. Eg stira inn i eit gravkammer. Eg putta den inn i hylla att, og fant i staden fram til The Correct Use Of Soap. "I am angry, I am ill, and I'm as ugly as sin, my irritability keeps me alive and kicking", song Howard Devoto. Eg var heilt med på notene.

I musikkpressa skreiv dei masse om Ian Curtis. Ei myte, om ikkje ein ny religion, var i ferd med å gro fram. "Ian Curtis died for you" stod det å lese i ei engelsk musikkblekke. Dette vart berre for sjukt. Like lite som andre som har fått slikt hengande ved seg, like lite døydde Ian Curtis for andre enn seg sjølv. Djupt deprimert, vaklande mellom si kone og vesle dotter og ei belgisk elskerinne, og fullstendig nedkjørt på epilepsimedisin, sette han seg ned ein maikveld og såg ein Herzog-film. Etterpå lytta han til Iggy Pop sin The Idiot. Om morgonen den 18. mai fant Deborah Curtis han hengande på kjøkkenet. Død. Punktum.

La oss ta vegen til tampen av 1980. Til platehylla mi. Closer stod der enno. Ikkje rørt på to månader. Det var ein søndag føremiddag. Ute hadde årets første snø lagt seg. I etasjen over var det radiogudsteneste, eg høyrde ljomen av "gjer døri høg, gjer porten vid" i det fjerne. Eg satt på golvet i lotusstilling og lurte på kva plate eg skulle løfte over på tallerken. Brått kom eg i hug at det var eit eller anna om vide dører på den der Closer-plata også. For tredje gong hadde eg Closer mellom henda. Eg studerte først dette coverbildet som kanskje kunne vere av Jesus på lit de parade, og tre syrgjande venner. Parallellar raste sjølvsagt gjennom hovudet. Eg visste at plata kom ut to månader etter at Curtis gav opp. Men eg hadde også høyrt at coveret vart bestemt to månader før.

Lys til sinns som eg var denne føremiddagen tok eg like fullt sjansen. "This is the way, step inside" song Curtis denne gongen også. Eg tok meg sjølv i å nikke forsiktig, og eg såg fingrane på venstre hånd danse, nesten lystig, i takt med Stephen Morris sitt rullande ur-rytmiske trommetema. "See mass murder on a scale you've never seen" song Curtis. Eg såg ut på snøen. Den var stadig like kvit. "This is the way, step inside" song Curtis. Eg tok sjansen. Eg steig inn.

Eg skal ikkje no hevde at då Curtis 40 minuttar seinare med ustø stemme stiller spørsmålet "where have they been?" så var eg fortapt i Closer. For det var eg ikkje. Men eg var ikkje lenger redd for at den skulle dra meg ned i djupet. Eg høyrde ikkje lenger berre uuthaldelig angst. Eg høyrde også noko uimotståelig vakkert. Og eg kjente på eit groove som gjekk rett i magen. Så dermed, sunt eller ikkje. Closer kom nærmare. Closer byrja å ete seg inn på meg. Closer greip tak i meg.

The past is now part of my future, the present is well out of hand, the present is well out of hand.

Då er eg vel komme dit at eg kanskje bør stanse opp litt for å stille spørsmålet; har eg latt meg forføre av desperasjonen og kapitulasjonen til ein rådvill mann?

Eg trur ikkje det er der forføringa er å finne. Den er det nok Joy Division og slett ikkje Ian Curtis åleine som står bak. For det er heile uttrykket som rammar meg. Ikkje like eggande og manisk groovebasert som på Unknown Pleasures. Men meir variert, og mindre i balanse. Closer jagar, stampar, vaklar og kryp. Den kan vere frontal, frenetisk og kantete, men også monumental og sakral. Den er Peter Hook sine urovekkande basslinjer, Stephen Morris si miskunnlause tromming og Bernard Sumner sine vekselvis desorienterte og velorienterte gitar- og synthframstøyt. Den er Martin Hannett sin klargjerande og romskapande produksjon. Og sjølvsagt, den er Ian Curtis si lidande og framandarta dommedagsrøyst.

Så kan ein hevde, og det sannsynlegvis med rette, at det Curtis syng ut om på Closer nok har ein langt meir personleg karakter enn kva som var tilfelle på Unknown Pleasures. At denne gongen møter vi ein fyr med alvorlig desperasjon i blikket og ei gravferd i sikte. Ja studerer ein tekstane på Closer er det no i ettertid lett å tenke seg at her har vi historia om eit varsla sjølvmord. Kanskje er det slik også, men berre kanskje. For sjølv om påtrengande lyskjelder og forstyrrande optimisme aldri får tilgang til katakomben der Closer er født, så er det luft der, masse luft, og der det er luft går det som kjent an å overleve.

Og det er nett det dei gjer desse ni låtane som er Closer. Ja ikkje berre overlever dei. La meg seie som Per Sivle; "Og det er det stora, og det er det glupa, at merket det stend, um mannen han stupa". Ian Curtis er død, Joy Division er over, men Closer står, for evig.

Så "step inside", og du vil, slik vi alle har gjort ein gong, aller først møte på det alt anna enn godlynte opningsmonstret Atrocity Exhibition (tittelen henta Curtis hos favorittforfattaren sin J.G. Ballard). Ei ugod affære som mellom anna tar føre seg mennesket sin morbide hang etter å la seg underhalde av andre si liding. Og tru om ikkje det er seg sjølv, i eit epileptisk sceneanfall, Curtis har i tankane når han syng: "for entertainment they watch his body twist, behind his eyes he says I still exist".

Isolation har eit synthmelodisk vesen som ved første lytt kan lure ein til å tru at bandet vil fram i lyset. Slik er det sjølvsagt ikkje. "I'm ashamed of the person I am" syng Curtis med pinefull røyst, og ser seg ikkje fortent til stort anna enn "isolation". I Passover kjenner Curtis at krisa han berre visste måtte komme er på veg og heilt slår beina under balansen han har prøvd å bygge opp, og Sumner kastar seg innpå med nokre gitarlinjer som skjær seg gjennom stål berre for å understreke uroa. Sumner sin gitar teier ikkje akkurat still i Colony heller, ei kantete og brennande ode om framandgjering og einsemd og eit håp om at "God in his wisdom took you by the hand".

Og når vi først snakkar om håp, noko ein vel må betrakte som nærast å fare med vas når ein snakkar om Closer; er det ikkje eit ørlite eit som lurer seg fram idet Curtis i A Means to an End ytrar at "we fought for good, stood side by side, our friendship never died"? Det går kanskje an å sjå det sånn. Men det smuldrar i alle fall bort. For når mantraet "I put my trust in you" tar over, sit i alle fall underteikna med ei kjensle av at det burde han nok ikkje ha gjort.

Side 2 er beksvart. Heart and Soul er nådelaus paranoia, eit desperat blikk ned i avgrunnen, skildringa av ein hutrande tilstand som har komme langt forbi der det finst ein veg tilbake. "The past is now part of my future, the present is well out of hand, the present is well out of hand".

Med skyene hengande over seg, og i eit gnagande og temposkiftande mønster jaktar hovudpersonen skjebnen sin i Twenty Four Hours. Spørsmålet er så om det kanskje er nett den han finn i den utanomjordisk vakre og sakralt saktegåande sørgjemarsjen The Eternal. "Procession moves on, the shouting is over, praise to the glory of loved ones now gone". Med galvaniserte slag frå Morris, eit sørgmodig vakkert synth-tema frå Sumners og Curtis som messar om å banke på dørene til "Hell's darker chambers" blir så det heile ført mot sin slutt i Decades.

"Where have they been?" spør Curtis gjentekne gonger før alt blir stille. Vel, Joy Division har vore på plasser ingen andre har vore. Verken før eller seinare. Dei har rørt ved strenger i meg, berre dei har rørt. Dei har skapt eit av dei mest minneverdige albuma i musikkhistoria (for ikkje å seie to). Dei har skapt noko eg aldri blir ferdig med.

PS. Den lekre nyutgjevinga av Closer som nyleg kom ut på London records har eit fyldig intervju med dei tre gjenlevande, ispedd eigne betraktningar av musikkjournalisten og Joy Division-kjennaren Paul Morley. Definitivt lesverdig stoff. Den har også ein bonus-CD med eit live-opptak frå London i februar 1980. Lyden er heller semmer, så eg veit ikkje heilt om akkurat den er så mykje å ha. Kanskje kunne dei heller lagt ved singelen som kom ut like i forkant av Closer. Dei ville ikkje ha den med på Closer, men den har etter mitt syn mykje Closer i seg likevel. Og ikkje minst, den er blant dei aller aller vakraste av songar, ever.

Do you cry out in your sleep
All my failings expose?
Get a taste in my mouth
As desperation takes hold
Is it something so good
Just can't function no more?
When love, love will tear us apart again

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo