cover

Tally All The Things That You Broke

Parquet Courts

CD-EP (2013) - What's Your Rupture?

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Punk / Post-punk / Garasjerock

Spor:
You've Got Me Wonderin' Now
Descend (The Way)
The More It Works
Fall On Yr Face
He's Seeing Paths

Referanser:
The Modern Lovers
The Fall
Wire
Sonic Youth
Pavement
Beck
Beastie Boys

Vis flere data

Se også:
Light Up Gold - Parquet Courts (2013)
Sunbathing Animal - Parquet Courts (2014)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Slackerpunk

Kvartetten set fyr på fem nye spor. Nokre brenn betre enn andre, men lite blir til aske.

Rock'n roll kan gjerast utan komplekse avtrykk, ganske så enkelt. For å sitere ærverdige Lou Reed: "One chord is fine. Two chords are pushing it. Three chords and you're into jazz". Parquet Courts driv ikkje med jazz. Deira energibombe av eit album, Light Up Gold, fanga meg inn med skarpskodd punkattityde tidlegare i år. No er dei her med ein femspors ep, og den er ikkje akkurat puslete den heller.

Ikkje puslete, men nok ikkje heilt og fullt der dei var med Light Up Gold. Der den plata var 14 låtar med ei gjennomsnittleg speletid på cirka 2 minutt (samt ein allereie legendarisk groovy og gitarsviande Stoned and Starving, på 5 minutt) har denne ep'en eit noko mindre stramt og energisk fokus. Til tider er den noko slentrande og ganske så slackeraktig.

Men det startar på ingen måte slik. You've Got Me Wonderin' Now er eit ivrig stykke punkrock der gitarane får brukt seg og det melodiske er meisla i fengande former. Tre vers der eit par smertelige erfaringar om det ustadige kjærleikslivet blir kasta fram i scenelyset. Ja såpass smertelige er erfaringane at songaren har funne ut at "toothache's better than heartache baby". Så når han kjem til refrenget er det berre å innsjå det: "I thought I knew a thing or two about the blues, but you've got me wonderin' now". Greatest Hits stoff.

Av same kaliber er ikkje dei to andre korte låtane på plata. Descend (The Way) er ein kantete og for så vidt habil sak, medan Fall On Yr Face er ein mindre habil bluespunk parentes. Dei to lange låtane på plata – for ja det er to lange låtar på plata – har imidlertid ganske så mykje for seg. Rett nok forvaltar dei ikkje si lengd like godt som Stoned And Starving. Ei låt som kunne vore ti minutt og minst like bra. Og forsåvidt er det, live. For du verden som bandet, og især songar og gitarist Andrew Savage, svir av den låta på eit par YouTube-kutt eg har komme over. The More It Works har litt av det same potensialet. Ei låt der den "filosofiske" slutninga "the more you use it, the more it works" har rolla som eit frenetisk mantra, og arven frå Pavement er ganske så tydelig. Men så går den inn i ein tomgang og døyr mot slutten. Redigering kunne altså ha gjort seg. Det same gjeld sju minuttar lange He's Seeing Paths. I former som minner meg om Beck frå Odelay-dagane tar Savage oss her med på ein tur gatelangs i New York City. Sentralt i akkompagnementet er sampla beats og ei kubjølle. Groovet er bra, men klarar ikkje halde koken heilt til endes. Det er likevel noko friskt og vågalt over det dei foretar seg, som gjer at sjølv når dei bommar litt går dei seg ikkje bort.

Bandet har skrive om namnet sitt frå Parquet Courts til Parkay Quarts (om det er varig eller midlertidig veit eg ikkje), men dei har ikkje skrive om si evne til å kople enkle grep med energisk åtferd på ein besettande måte. Nett der har dei ikkje flust av likemenn for tida.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo