cover

Ghosts

Simon Joyner

CD (2012) - Sing, Eunuchs! / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Folkrock / Blues / Psykedelia

Spor:
Vertigo
Last Will and Testament
Red Bandana Blues
Sing a Little Lullaby
The Tyrant
Will You Stand Up for Me?
Cotes du Rhone
If It's Alright With You (It's Alright With Me) Pt.1
If It's Alright With You (It's Alright With Me) Pt. 2
Answering Machine Blues
Swift River, Run
When the Worst Doesn't Happen
If I Left Tomorrow (Play)
The Last Parade (Play)
Hard Luck Heart
Please Forgive
Ghost

Referanser:
Townes Van Zandt
Leonard Cohen
The Velvet Underground
The Dream Syndicate
Ben Weaver
Richmond Fontaine

Vis flere data

Se også:
Lost With the Lights On - Simon Joyner (2004)
Skeleton Blues - Simon Joyner (2006)
Out Into the Snow - Simon Joyner (2009)
Grass, Branch & Bone - Simon Joyner (2015)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Gnagande tonar

Ein dobbeldose grundig svartmalande og støyplaga countryrock.

Det finst ein fyr i Omaha som ikkje har selt allverden av plater. For all del, det finst mange fyrar i Omaha som ikkje har selt ei einaste plate, men til forskjell frå dei har den fyren eg har i tankane faktisk laga ein god del plater, som så altså ikkje har selt noko særlig. Slikt kan by på utfordringar. Det blei til dømes noko vanskelig å finne midlar til å få spelt inn den der dobbel-lp'en han hadde sett seg i hovudet at han ville lage. Særlig sidan han helst ikkje vil belasta det uavhengige plateselskapet med påfunnet sitt.

Han fant ei løysing.

Simon Joyner søkte den nettbaserte finansieringsplattforma Kickstarter om hjelp. Han fortalte at han var i gang med eit ambisiøst, uryddig dobbeltalbum, med songar om kjærleik, død, og det meste imellom, som han tenkte berre skulle ut på vinyl. Han fekk napp. Han fekk presentere prosjektet sitt på nettstaden. Men fanst det nå verkelig folk der ute som ville yte ein skjerv, eller tre? lurte han sikkert på. Han måtte definere eit mål. Han sette det til 6000 dollar. Meldte det seg nok interessentar, slik at summen blei nådd innan 19. februar 2012, var dollarane hans. Visst ikkje blei det ingenting av det. Då fristen gjekk ut låg det nesten 12 000 dollar og venta på han. Så det er altså ikkje berre meg. Det finst nokre til som synst det høyrest freistande ut med eit dobbeltalbum frå Simon Joyner.

Eg har albumet liggande ved sida av meg no. Det er i gatefold-format, slik eg kan minnast dei kom iblant, for ein mannsalder sidan. Coveret er ein collage av 150 små fotografi av menneske, som smiler, stort sett. På innsida står tekstane å lese, dei smiler ikkje. I to kvite posar finn eg dei svarte vinylplatene. Eg høyrer på dei, vender dei, og høyrer på dei. Igjen og igjen. Men like forbanna svarte blir dei.

Då Simon Joyner spelte inn si første plate, i 1992, song han linjer som "In the dark you can picture me any way you want to" og "All of your bright ideas are now suffering in the dark". Ute i dette dunkle lendet har han i all hovudsak tusla rundt sidan. Nokre gonger som spartansk visesongar, andre gonger med usikra elektrisitet i ryggen. Men heile tida med skreppa velfylt av songar som det ikkje var plass til i herberget, som aldri fant vegen til krybba der dei oppbyggelige tonar vert servert, som inga funklande stjerne har vist vegen fram til.

Han gjer på ingen måte eit unntak frå denne tradisjonen på Ghosts. Han stiller seg ute i gjørma og klorar mot himmelen. Midt i eit dissonantisk utland. Han hevar si krokete røyst og hevdar at "a good man is hard to find, a bad one's even harder to get rid of". Det er stygt. Det er rått. Det er fredlaust. Eit avkledd piano klunkar hult, songaren ser ned på eit par skjelvande hender og syng, nervøst: "In the absence of truth, I abstain, In the presence of a lie, I cup my hands and pray for rain". Det er dystert. Det er dvelande. Det gneg.

Melodiane til Joyner har vel aldri kunna karakteriserast som komplekse musikkstykke. Heller ikkje dei 17 på Ghosts. På sitt vis er dei countrysongar. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Han syng dei ikkje med historias mest treffsikre røyst, men han leverer dei med reinspikka overtydnad. Og dissonansen og gnisselet har fått friare spelerom enn på noko Joyner-plate sidan den smått legendariske 1994-utgjevinga The Cowardly Traveller Pays His Toll.

LP'en kan, litt lausleg, opplevast som ein songsyklus der side 1 startar i dirrande uro, dei to neste sidene grev seg ned mot den ultimate botn, før siste side kryp opp av gjørmeholet og skimtar noko bak ei sky av tvilsam lykke som kanskje kan slekte på håp. Så nei, den er ikkje aksla for eit kvart høve. Så ja, dens 90 minuttar kan definitivt kjennast som nok. Meir enn nok. Likevel har det hendt, at eg etter å ha putta plate 2 tilbake i posen, i neste vending har lagt plate 1 på tallerken att. Og Vertigo har endå ein gong tatt kontroll over rommet. Vertigo, eit frenetisk stykke rock'n roll, med svimle gitarar, og ånda frå Dream Syndicate pustande i nakken. Ein rapport frå ein syndas pøl, der folk heller vil "be caught dead than alone on a Saturday".

Resten av side 1 står i countryrockens teikn. Last Will And Testament, som i melodisk gemyttlige former fortel historia om ein fyr og hans ambivalente kjensler for dama som drog sin veg. Blodig vakre Red Bandana Blues som skildrar ein manns indre dialog kring temaet "I'm leaving, I'm staying". Og saktmodige Sing A Little Lullaby. Om døden, og denne verda som er så full av kjærleik, men som på langt nær har nok.

Det går i grunnen ikkje an å yte Simon Joyner sine tekstar rettferd i ein omtale som dette. Dei dveler som de skjønar ved tema som er blitt behandla i mang ein song. Slik er dei på ingen måte originale. Men så er dei det likevel, på sett og vis. Fordi dei utan tvil er Joyner sine historier. Fortalt slik han fortel dei. Skarpt og rasjonelt formulerte noveller, med eit Joynerpoetisk tilsnitt.

Cotes du Rhone, Cotes du Rhone
I've been squeezed by the grape and it's darkened my tongue
You always swore you'd dish and then run
But the truth is a bitch so I guess I'm drowning some
Drowning some in cheap Cotes du Rhone


Simon Joyner har også laga ein song om korleis han saknar Vic Chesnutt. Om korleis bodskapen om bortgangen lamslo han. Om å prøve å drukne sanninga i billig raudvin. Men den blir like forbanna sann for det. Etterpå syng han songen om å akseptere det. If It's Allright With You (It's All Right With Me). I to deler. Ein skrikande og ustabil blues om det å forsone seg med at venner vel å ta vegen utav livet.

Der, akkurat der er plata på sitt svartaste. Men Answering Machine Blues gjer absolutt ingenting for å løfte stemninga. Her har hovudpersonen jaga både eigen og andres skugge gjennom natta. No sit han i bakrusens einsemd, med gårsdagens meldingar på telefonsvararen gåande på repeat. Det verste har skjedd. Eller? Joyner avsluttar side 3 med å raljere ein smule over temaet. I god gammaldags skranglete countryrockform serverer han den kostelige (sic) When the Worst Doesn't Happen. Og refrenget går sånn her:

When the worst doesn't happen, thats good luck
When it does, you best not complain
Because I've spent some time at rock bottom, you see
And there's always room to get even lower, my friends


Dit tek han ikkje vegen. I staden dempar han støyen, reduserer dissonansen, og lar tonen lysna. Men sit like fullt i skumringa. Drar ein hengslete og twangy Hard Luck Heart. Grunnar, sonisk fordragelig, over temaet If I Left Tomorrow. Og proklamerar: "nothing was wasted here, nothing was sold, we just traded freedom for something even harder to hold".

Dei fleste går sikkert forbi Joyner denne gongen også. Sånn er det visst berre. Men eg kjem no tilbake til han. Gang etter gang. Til Ghosts også. Sånn er det berre.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

JO JO !!! JA JA !!!...
16.08.17 - 14:09

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo