cover

Soft Focus

Euroboys

CD (2004) - EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Softrock / Poprock / Psykedelia

Spor:
Break Away
Sleep 'Til Tomorrow
Hold On
Fears Be Gone
Topanga
One-Way Street
24 Years
Good Enough For Now
Pharoah
Soft Focus
Crystal Pipeline

Referanser:
Crosby, Stills, Nash & Young
Fleetwood Mac
America
Bread
Turboneger

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein smakfull porsjon vellyd

Særlig lengre unna turbolyd enn det vi får servert på Soft Focus er det vel knapt mulig å komme.

Lyden av Euroboys anno 2004 er ganske så forskjellig frå den som stod på programmet den gongen på midten av 90-talet då dei kalte seg Kåre & the Cavemen. Den gongen dei var husband av direkte lykke, hovedsakelig spelte instrumentell surf-rock og debuten Jet Age var eit særdeles friskt innslag i den norske platejungelen anno 1997. På den noko meir søkande og hardare rockande Long Day's Flight Till Tomorrow (1999) og temmelig grumsete Getting Out of Nowhere (2000), begynte dei så smått å innføre vokale innslag. Og nå på sitt fjerde album er ni av dei elleve spora utstyrt med tekstar og sangharmonisk ynde. På eit album der fokuset nok eingong er endra, her er det nemlig dei mjuke og velproporsjonerte sfærer som blir vitja.

Utskiftingane i mannskapet har vore stort i løpet av desse åra. Tilbake frå originalbesetningen finn vi i 2004 berre gitarist og fremste våpendragar Knut Schreiner. Ein kar som dei fleste sikkert også kjenner som gitartraktør i ikkje heilt ukjente Turboneger. Og nettopp gjenforeninga og all viraken som har blitt dette bandet til del dei siste par åra, har nok vore hovedårsaken til at det har tatt såpass med tid før eit nytt Euroboys-album har fått prioritet.

Særlig lengre unna turbolyd enn det vi får servert på Soft Focus er det vel knapt mulig å komme. For her er det dei harmoniske bølgeslagene, det varme og livgjevande sollyset, og lengselen mot sinnsro og hugnad som får det meste av merksemda. Slik dei så perfekt slår det fast med utsøkt melodiøst skarpsyn allereie i den Teenage Fanclub-aktige åpninga Break Away; "I wanna drive across these hills, and get to the ocean, and break away".

Schreiner og hans kompanjongar har funne ei kjelde som det ikkje har blitt drukke så altfor ivrig av dei siste tiåra. Ei kjelde med ein velordna og harmonisk smak. Soft Rock yndar mange å kalle det. Eagles, Fleetwood Mac og Bread er nokre av dei som har operert innafor feltet. Nå legg imidlertid Euroboys seg slett ikkje tett opp til nokon av dei nemnte banda, men finn sin eigen vesle oase, som også byr på fleire smakar enn berre denne soft-is varianten. For her finn ein elementer både i psykedeliske retningar, og som i det før nemnte åpningssporet Break Away, samt i singelvalget One-Way Street, innslag av meir skarplada popimpulsar. Tittelen på den siste hentar jo og fram minner om ei viss live-plate kalt Four Way Street av og med det ofte omtalte firkløveret Crosby, Stills, Nash & Young. Fire herrar som Euroboys nok også har latt seg inspirere av, både i denne konstellasjon og andre alliansar dei har spelt viktige roller i.

Og fint er det. Slik som den saktegåande og mjuke psykedeliske vellyden dei skaper i Sleep 'Til Tomorrow. Der hovedpersonen har landa i senga og ser fram imot ein lang søvn sånn i etterkant av eindel høgtflygande eskapader. Og vellyden held seg stort sett trygt på den rette sida av spenningsfull og tiltrekkande heilt til siste tone forlet fokus i den dorske og smygande Crystal Pipeline.

På Getting Out of Nowhere fekk Mads Engen, yngre bror av tidlegare medlem (no i Turboneger) Christer Engen, så vidt debutere saman med gjengen. Den gongen som bassist på eit kutt. På Soft Focus er han truleg ein like sentral mann for den endelige avlinga som det Knut Schreiner er. Som låtskrivar er han, enten åleine eller saman med Schreiner og/eller gitarist-nykommar Trond Mjøen, ansvarleg for eit fleirtal av låtane. Og han har ei stemme som ber songane vel så godt som Schreiner si. Ei stemme som trer fram i låtar med eit noko større vemod over seg enn kva tilfellet er der Schreiner leiar an. Som på den Mellotron-draperte Fears Be Gone og den smått fatalistiske Good Enough For Now.

Og det er nett kva denne plata er. Good enough for now, altså. Ja faktisk for heile sommaren og vel så det, tenkjer eg vi seier.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo