cover

Silent Hum

William Hut

CD (2009) - Universal / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk / Poprock / West coast / Softrock

Spor:
My Female Queen
Soulcity House
Could I Resign
In Your Arms
Will You Remember Me?
Ironically
Geek
If Only
Streets of Harvest
In Substance
Clouds

Referanser:
Thom Hell
Paal Flaata
Washington
R.E.M.
The Eagles
Jackson Browne
Dan Fogelberg

Vis flere data

Se også:
Road Star Doolittle - William Hut (2001)
Versus the End of Fashion Park - William Hut (2004)
Versus the End of Fashion Park - William Hut (2004)
Days to Remember - William Hut (2004)
Nightfall - William Hut (2006)

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Melankolsk sukkerspinn

Synthfritt, fredfullt og smektande. Og veldig så blodfattig.

Den er ikkje særlig bra den nye plata til William Hut. Hans femte.

Det er ikkje ei sjølvsagt sak at det skulle bli slik. For Hut har levert før. Spesielt i 2004: Versus the End of Fashion Park, Days to Remember. Den første velstappa på minneverdig poprock. Den andre solid på finfin countrypop. Noko mindre minneverdig, men like fullt greitt godkjent, var Nightfall. Frå nyttårsaftan 2006. På Silent Hum finst det lite eg vil ta med meg vidare, veldig lite.

Kva som er så gale? Eg skal prøve å forklare.

Hut si røyst er her, slik vi kjenner den. Lys, fager og med hang for det melankolske stemningsleie. Musikarane kan sine instrument. Både dei vi kjenner frå Lambchop, og alle dei andre. Produsert har ikkje heilt ukjente Mark Nevers gjort. Saman med Bjørn Bunes. Det er noko daft og krampaktig over dynamikken i produksjonen. Det kan virke som at fokuset for mykje har vore på å vere noko, i staden for å bli til noko. Å vere forma i ein mjuk og harmlaus syttitalsskapnad. Kall det yndig pop. Kall det soft-rock. Det blir helst ... bomull. Eller noko som liknar, sukkerspinn.

Instrumentparken består av slikt som fanst før synthesizeren entra manesjen. Men det blir ikkje organisk berre ved å utelate synthetiske og digitaliserte lydar. Organisk blir det helst når lydane som vert skapt og tonane som blir spelt lever saman i pasjonerte former. I Silent Hum sitt tilfelle føler eg at desse berre er saman. Gitarane, pianoet til Tony Crow, strykarane, blåsarane. Velkledde og høflige, men utan å vise særlig med interesse for kvarandre. Og derfor driv dei oftast med maniert tomprat i staden for frodig diskusjon.

Ei viktig årsak til tilstanden har eg mistanke om ligg i at Hut denne gongen har komme opp med ei knippe låtar med sviktande melodiske evner. Slike som manglar ei ibuande inspirasjonsevne. Som ikkje higar etter å bli fortært. Som lener seg på halvgode klisjear, og tronge idear. Heilgarderingar. Forserte duplikat av tidlegare vinnarar.

Kvifor? Kanskje fordi komponisten ikkje fant nøkkelen til det grøderike poplaboratoriet denne gongen. Eller kanskje fordi det kjentes tryggast å tygge drøv på kjente smakar.

"But who am I to judge"

Så seier Hut også. I Will You Remember Me? Ei låt med eit litt luftig, gyngande vesen. Og to dugande vers. Men den har eit traurig refreng og ei baktung avslutning. Så den sviktar. Ironically har eit potensiale for noko dramatisk. Det blir ikkje utnytta. Dermed verkar den puslete og keitete der den kunne blitt opprivande. Først mot slutten kjem det to låtar eg kan strekke meg til å kalle brukbare. In Substance, ei dugande temperert ode til å satse på vennskap i staden for å dyrke einsemd. Og Clouds, ei spartansk vise, eit stillferdig "hummmm", bore fram av ikkje mykje meir enn ein akustisk gitar. Kanskje nokre av dei andre låtane også hadde funne seg betre til rette i ei slik form? Kanskje.

Slik det er blir Silent Hum eit risklaust prosjekt som risikerer å forsvinne inn i historias gløymebok, i staden for oppover hitlister, eller inn i sjel og hjerter. Det kan då ikkje vere meining i sånt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo