cover

Receivers

Parts & Labor

CD (2008) - Jagjaguwar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Støyrock / Space rock / Psykedelia / Prog

Spor:
Satellites
Nowheres Nigh

Mount Misery

Little Ones
The Ceasing Now

Wedding In a Wasteland

Prefix Free

Solemn Show World

Referanser:
Boredoms
Interpol
Oneida
Sonic Youth
Lightning Bolt

Vis flere data

Se også:
Stay Afraid - Parts & Labor (2006)
Mapmaker - Parts & Labor (2007)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Kompakt og galaktisk

Dei vil fylle deg med lyd, men er greie og gjer deg ein melodi å suge på i tillegg.

Etter å ha gjort seg til kjenne med ein støyande og rungande punkrock-attityde gjennom ei lita handfull plater har Brooklynbandet Parts & Labor denne gongen løyst billett for ei ferd som har brakt dei inn eit veldig så mektig landskap. Utan at støyen vart igjen då dei steig ombord. På ingen måte.

Det har vore skifte i mannskapet sidan sist også. Den hyperaktive trommisen Christopher Weingarten er blitt erstatta med den noko meir avmålte stikkesvingaren Joseph Wong. I tillegg har dei vokse frå trio til kvartett ved å hyre inn Sarah Lipstate til å spele gitar, pluss litt elektronisk rabalder. Rabalder og bombastisk uro frå diverse elektroniske hjelpemiddel serverer også bandet sine grunnleggjarar Dan Friel og BJ Warshaw. Sistnemnte trakterer i tillegg ein bassgitar og drar fram ein saksofon midt inne i ståket ved eit par høve.

Før Parts & Labor starta innspelinga av Receivers kom dei med ei oppfordring til publikum på heimesida si, om å bidra med feltopptak av ymse slag. Dei fekk dugande respons, men var ikkje vanskeligare enn at dei gav rom for alt på det endelige resultatet. Når dei så i tillegg har vore motsatsen av måtehaldne i sin eigen produksjon av lydar og ulydar, ja så forstår de nok at her blir det mykje å fordøye.

For mykje? Kanskje ikkje, men eg synst nok eg har fått nok idet Solemn Show World vrir seg ut av lydsona før albumet passerer 42 minutt. Og nokre gonger, visst lysta til å bli sonisk overmanna ikkje er direkte struttande, kanskje litt før også. For den nesten ugjennomtrengelige soniske veggen dei bygger rundt seg kan opplevast vel utmattande etterkvart.

Av dei åtte spora er det like fullt ingen eg kan karakterisere som særlig anna enn godt dugande. Samstundes er det vel ingen som strekker seg mot dei hypermeisterlige høgder heller. Eit jamt, og jamt over bra album altså. Alle spora driv inn i desse tettpakka balstyrige formene på eit eller anna tidspunkt (som regel ganske så tidlig), samtidig som alle også har eit melodisk ansikt det absolutt går an å finne rimelig tiltrekkande.

Skulle eg likevel velgje meg ut ei lita handfull favorittar ville eg vanskelig komme utanom opningssporet Satellites. Med sine post-punka melodilinjer og sitt apokalyptiske både soniske og tekstlige bilde; "there is nothing more to know here, our wings are urgently diverging feeling set upon the sun, our welded skeletons are relatively ready to be gone".

Det er vel i det heile ikkje ein utprega optimistisk tone om rir albumet. Coverillustrasjonane og det tekstlige har eit futuristisk preg. Men det er vel helst ei framtid som menneska har sparka eit og anna bein under dei skildrar. Albumet kan i så måte kanskje tolkast som bandet sin kommentar til klima-ubalansen og andre smålige og øydeleggande puss vi menneske har spelt kvarandre opp gjennom historia (og nok vil halde fram med å gjere).

"When a future great eradicator comes, biding silently the tidings as there's little left to say" syng dei i den Jesus & Mary Chain slekta Little Ones. Eit medrivande lite refreng erklærer så lakonisk at det er "little time, little minds, little ones". Før det i eit nesten feststemt finaleparti blir køyrt på med både elektroniske basunar og fullblods sekkepipe fanfarer.

"We size up our downfalls, while we undress the pessimist's pose" kan vi klippe frå den seige, psycha og tungt landande The Ceasing Now. Medan ei ikkje heilt upretensiøs linje som "single cliche raven caws savoring the metaphors abused" frå det krautmotoriske avslutningssporet Solemn Show World ikkje står fram som klinkande klar, men legg neppe etter seg særlig med solskin, håp og fred i sinn.

Sjølv om tekstane avgjort ikkje snakkar i klare ordelag, gjev dei inntrykk av å ha eit overmannande og lite forsonlig preg. Slik går dei på eit vis i takt med det titaniske og forvridde lydfølgjet som tidvis truar med å ete dei opp.

Så i siste instans blir nok Receivers ei plate ein skal vere varsam med å stille seg i vegen for. Men finn ein riktig posisjon, og har appetitt på sonisk uvær med melodisk krydder, så skulle ein nok ha meir enn ein svak sjanse til å bli både mett, og nøgd.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo