cover

Thy Is a Word & Feet Need Lamps

Half-Handed Cloud

CD (2005) - Asthmatic Kitty / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Psykedelia / Avantgarde / Folk

Spor:
You Get a Horseshoe
Mud
Out of Crudeness: Healing
Let's Go Javelin
Ezekiel Bread
The Famine's Hard
Flea Market Temple
Pup-tent Noah
Grandfather Foreskin
Quail
Thumb/Toe Collection
Animals Are Cut In Two
Disaster Will Come Upon You and You Will Not Know How to Conjure It Away
Jael Peg Caper
Everybody Did What Was Right In Their Own Eyes
Considered It a Loan

Referanser:
Animal Collective
Elephant Micah
Olivia Tremor Control

Vis flere data

Se også:
We Haven't Just Been Told, We Have Been Loved - Half-Handed Cloud (2002)
Halos & Lassos - Half-Handed Cloud (2006)
Cut Me Down & Count My Rings - Half-Handed Cloud (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Lydsamlaren

Kompis av Sufjan Stevens og Daniel Smith leverer musikk ute til venstre for konvensjonell pop-framferd.

Kva kan vi vente oss av ein fyr som proklamerer at han kan finne fascinasjon i lyden bakom trykkjeknappen i bøker tiltenkt eitt år gamle barn? Sannsynlegvis alt frå trøyttande autistiske repeteringar til naivistiske men sprelske påfunn. John Ringhofer, mannen bak signaturen Half-Handed Cloud, endar heldigvis oftast opp i sistnemnde kategori.

Ringhofer er som de sikkert skjønar langt meir enn gjennomsnittleg interessert i lydar. Dette fører til at songane hans sjeldan får fred til berre å vere ein song, men vert utsett for mange slags klang-påfunn (både frå konvensjonelle og ukonvensjonelle instrument). Førsteinntrykket er at dette ofte er påfunn for påfunna si skyld, men etterkvart byrjar ting å henge saman, gje ei meining og ein sit att med ei kjensle av å oppleve eit idérikt og dynamisk stykkje musikk, der lydane spelar på lag med songane i staden for å motarbeide dei.

Thy Is a Word & Feet Need Lamps er tredje album frå Half-Handed Cloud, og er seksten låtar gjort unna på ein knapp halvtime (slett ikkje personleg rekord, for på debuten Learning About Your Scale frå 2001 klarte han 25 spor på like mange minuttar). Men på eit vis blir det feil å snakke om låtar i vanleg forstand. Spora glir nemleg over i kvarandre og dannar ein samanhengande ord- og lydmontasje.

Albumet er ute på den vesle labelen Asthmatic Kitty. Dei innvigde skjønar sikkert då at korkje Sufjan Stevens eller Daniel Smith er langt unna. Stevens står her fram som ein noko uortodoks trommeslagar, og Smith har hjelpt Ringhofer i mikseprosessen. Likeins Stevens og Smith vedkjenner også John Ringhofer seg ei kristen tru. Noko som i Half-Handed Cloud-samanheng gjev seg uttrykk i tekstar fundamentert i bibelske historiar. Utan at vi snakkar forkynning, snarare tvert imot. Det er nemleg ein ganske så frilynt omgang mannen har med desse historiane, og han legg meir enn gjerne til eigne fantasirike og surrealistiske framstillingar. Han plukkar nødvendigvis heller ikkje dei mest kanoniserte og kyrkje-vedtekne historiane, heller dei som gjer eit mindre flatterande syn på innhaldet i "den gode bok".

Half-Handed Cloud uttrykket er absolutt noko for seg sjølv, men er ikkje særare enn at ein kan finne mange musikalske slektningar. Her er ein del Brian Wilson-aktige og vitale forsøk på å kle poptonar i "do-do-do-do-dooo" spenstige og haldbare drakter. Her er også avantgardistiske Mother of Invention tendensar, og psykedelia à la Olivia Tremor Control. Litt rarare enn Elephant Micah, men ikkje fullt så innovativt som Animal Collective kan vel og vere ein måte å seie det på.

Sidan halvtimen meir står fram som ei fragmentert men til dels samanhengande reise, skal eg ikkje gå inn i dei titulerte segmenta i særleg grad. Berre nemne at kraftfulle Ezekiel Bread, vimsete Disaster Will Come Upon You... og albumet sitt lengste spor, cellodraperte Everyone Did What Was Right In Their Eyes, i augeblikket er mine personlege favorittar. Men berre lytta til utan avbrot ifrå You Get a Horseshoe presenterer seg og til Considered It a Loan døyr ut vil albumet gje meining.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo