cover

Blueslivinghollerin'

Ben Weaver

CD (2006) - Fargo / Indie

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Country / Folk / Blues / Countryrock / Singer/songwriter / Americana

Spor:
El Camino Blues
Lonesome As AM Radio
I Cried All Night
Sometimes
Precious Time
Bill Brown
Ella Mae
Living in the Ground
Rose Marie
2 Girls
Ocean Ain't Blue
Blood
Semis Sounded Like Thunder
Sara
Boxcars
Liza
Ballad of a Thin Man
Vapor

Referanser:
Townes Van Zandt
John Prine
Tom Waits
Guy Clark

Vis flere data

Se også:
Hollerin' At a Woodpecker - Ben Weaver (2003)
Stories Under Nails - Ben Weaver (2004)
Paper Sky - Ben Weaver (2007)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Uten filter

Dette er ikkje Weaver sitt femte studioalbum. Dette er ei fyldig sporsamling frå hans pre-Fargo dagar, med eit litt uforståelig tyngdepunkt.

Ei av dei kjæraste oppdagingane eg har gjort på musikkfronten dei siste åra er Ben Weaver frå Minnesota. Ein ung fyr med ei vaksen røyst som skriv låtar som set spor etter seg. I ei eigenarta språkdrakt refererer han frå dei meir grumsete krokane av det menneskelige sjeleliv. "I live for the lines" skreiv Ben i eit liten tekst som fulgte med hans tredje album Hollerin' At a Woodpecker. Ja det tvilar eg ikkje på. Det er få låtsmedar der ute med ei like skarpskodd formuleringsevne som det Weaver er innehavar av.

"I get tired of folk music" hevdar han vidare i nemnte tekst, "love that never was love, just trouble. Folk music used to be about stories and dirty cars and murder and love that lasted, now it's third-rate dime store spirituality, a mid-life crisis looking for a new life and a new duplex. What ever happened to character? Bloodshed? Everybody wants to go to heaven but nobody is willing to die. I think hip-hop is the next form of true music."

Og sant nok, sjølv om det soniske bilete til Ben Wever nok har sitt utspring frå trakter der karar som Tom Waits, Townes Van Zandt og John Prine har luska rundt kan ein i hans direkte og no-nonsens tekstformidling vere ein nesten like så sterk slektskap mot hip-hop som mot trubadur-tradisjonen. Det er i kombinasjonen mellom dette og den naturskapte røysta vi finn signaturen hans. Kanskje var den ikkje heilt klar og tydelig på mannen sine to første album, men på dei to siste er den rissa i stein.

Forresten, når det gjeld det der med kjærleiken og folk-musikk, så er det nok ikkje dei problemfrie og varande forholda som er Ben Weaver si greie heller. I nokre av skildringane hans har kjærleiken knapt nok vakna. Andre stader står den skrive i sand, og vil forsvinne i det tidevatnet kjem smygande. Den kan ligge bakom eit dulgt skuldertrekk hos ein desillusjonert fyr. Eller den ligg midt i ein blodpøl i ein bakgard kalla svik.

Blueslivinghollerin' er ikkje Weaver sitt femte studioalbum. Det held han på og spelar inn saman med Brian Deck akkurat i desse dagar. Blueslivinghollerin' er ei samleplate. Plateselskapet Fargo som gav ut mannen sitt fjerde album, Stories Under Nails, har plukka ut ein del låtar frå dei tre første (som vart gjevne ut på den meir obskure labelen 30/30), plussa på med tre Stories-outtakes og ein Dylan-cover, og dermed er CD-plata stappfull den (78 minuttar).

Debutplata hans heiter El Camino Blues og ber nok merke av at dette er ein Ben Weaver i den formative fasen. Dei fire låtane som er henta derifrå er absolutt greie nok dei, men det er jo ganske så mange tusen songar som er det. Etter El Camino Blues har eg ein mistanke om at han tok trappa ned i ein dunkel kjellar. Der spelte han poker, drakk whiskey og røyka langt meir enn sundt var i selskap med Tom Waits, Nick Cave og eit par utemte blueslegender. Så når han stikk hovudet opp og fortel ein forderva mordhistorie som Ella Mae og ein skranglete røvarhistorie som Bill Brown er det med ei stemme så rusken og rå at ein nesten skulle tru det står Waits rissa inn på stemmebandet. Favoritten frå Living In The Ground (som hans andre album ganske så treffande heiter) er forresten den trekkspel-draperte Precious Time med sitt hardkokte utsegn om at "I don't care if I never see you again, cause you're always on my mind", og si fastslåing av at "there ain't story worth tellin' unless it comes from the places you've been". Han gjer også ein versjon av Van Zandt klassikaren 2 Girls, utan at han heilt klarer å få den til å bli like trist som det opphavsmannen får til.

Så drar han til skogs. Langt nord i Minnesota hamrar, bankar og syng han, og finn ut at det er det siste han likar best. Dermed spelar han inn 63 minuttar og 39 sekundar med musikk som han kallar Hollerin' At a Woodpecker. I all sin enkle, ekte og nådelause skapnad stadig ei like fabelaktig plate som den var den seinsommaren i 2003 då eg høyrde den for aller første gong. Litt uforståelig at dei ansvarlige for denne samlinga berre har funne plass til fire spor frå den, mot seks frå Living in the Ground. Vel vel, Hollerin' skal jo uansett vere på plass i hylla til alle med det minste snev av interesse for det vi noko upresist vel å kalle Americana. Der kan ein få nærare føling med det forsiktige og uimotståelige gynge i Ocean Ain't Blue. Ein kan fylgje hovudpersonen i den gnagande Blood på hans veg mot ruin; "the closer I seem to get, the further I slip away from you". Eller ein kan få treffe han som minnast Sara, men som ikkje går under av den grunn; "I drivin' around all by myself, countin' the stars above". Ja, og så kan ein få ein liten resiterande rapport frå den pre-pubertale tida; "remember sitting in my best friends closet, reading his brothers Penthouse and Playboys, before we even knew about masturbation". Den heiter Semis Sounded Like Thunder, og omfattar etterkvart fantasiar om eit par nabofruer. Det var dei fire låtane som er med her, det er ti til der dei kjem i frå. Vil du vite meir om dei, ja så er du ikkje meir enn eit klikk unna.

Neste gong Weaver var i studio var det litt meir elektrisitet bak lydane. Samstundes senka mørket seg ennå tettare rundt skallen på forteljaren. Kanskje var det ein og anna låt på Stories Under Nails som kunne hatt godt av litt meir hugtakande melodiske linjer, men eit sterkt album er det uansett. Stories er ikkje direkte representert på Blueslivinghollerin’, men tre outtakes frå innspelingane har fått plass. Det er ikkje så vanskelig å forstå kvifor ti minuttar lange Boxcars ikkje vart ein del av Stories Under Nails. Det er for så vidt ein fengslande historie om rastløysa og sjelelig armod, men den manglar essensiell melodisk drivkraft. Når Weaver trør til med såre erkjenningar i Liza og dansar i slow-motion gjennom ruinane i den dystre Vapor er han imidlertid inne på spor som vi likar. Mannen har og eit solid grep om sakene når han kastar seg rundt livet på Dylan sin Ballad of a Thin Man.

Blueslivinghollerin' kan absolutt fungere som ein grei introduksjon til den Weaverske verda, men då skal du samstundes vite at du får ei endå større oppleving om du tek strake vegen rett til Hollerin' At a Woodpecker, for så deretter å fange Stories Under Nails. Og då kan det jo hende at du tek med deg Living In The Ground og El Camino Blues i dragsuget, før du set deg rastlaust ned og ventar på mannen sitt neste framstøyt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo