cover

The Angel of the Squared Circle

Pedal Steel Transmission

CD (2003) - Cardboard Sangria

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Folkrock / Psykedelia / Prog

Spor:
Waiting
Amy
Maritime Glare
It's Only a Day 'til My Bed Is Warm
Breakin' Windows Everywhere
I Saved the Last Highstyle For You
In Mourning
Silent Like Hands
Editene
Gilman Report
Baionette

Referanser:
Sainte Chapelle
Wilco
Flying Burrito Brothers
Love
Mercury Rev
Built to Spill

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Englar og demonar i firkanta sirklar

Ein stilblandande og frigjerande trip inn i den musikalske salighet.

Er du redd for steel gitarar, høyrest dette bandnavnet sikkert skummelt ut. Men det er ingen grunn til å skygge unna, for Pedal Steel Transmission leverer ein time rockbasert musikk som bør røre ved sjela til langt fleire enn steel gitar interesserte. Ja, når sant skal seiast er det nok atskillig meir å hente her for tilhengarar av frigjort rock'n'roll enn for dogmatiske country-entusiastar. På programmet står nemlig ein saliggjerande mikstur av det meste ein kan tenke seg frå countryrock via psykedelia og progrock til postrock. Og heilt utan at det virkar forvirrande, kun stimulerande.

The Angel of the Squared Circle er denne Chicago-kvartetten sitt tredje album. Og likeins dei to forrige er det i høgaste grad ein uavhengig utgjeving vi har med å gjere. Labelen plata kjem ut på, Cardboard Sangria, er det nemlig bandet sine to frontfigurar Gary Pyskacek og Dan Schneider som i stor grad styrer med.

Pedal Steel Transmission (PST) støttar seg for det meste til organiske kjelder som gitar (elektrisk, akustisk og sjølvsagt pedal steel), piano, bass og tromme, men får og litt assistanse frå meir syntetiske dingsar. Med hjelp av desse redskapene piskar bandet i hop eit av haustens aller mest innbydande rock'n'roll brygg, der ein kan kjenne smaken av alt frå Love og Flying Burrito Brothers til nyare akter som Mercury Rev, Built to Spill og Wilco. Men når det er sagt; blandingen PST serverer er aller mest noko heilt for seg sjølv. Låtane dei presenterer er kun unntaksvis innehavarar av eit stabilt mønster, ja mest kan ein sjå på dei som soniske kaleidoskopiske foretak, der stadig nye fargar og teksturar blir slengt fram for nyting og innvortes stell.

Den første frigjorte affæren vi møter på er ni minuttar lange Waiting. Her blir vi invitert med på eit opplegg som bringer oss frå taktfulle klassiske gitarfigurar over i ørkentango frå samme tonelandskap som deLillos sin Hjernen Er Alene, det er dystert og det er goldt, med ein intens vokal som sjonglerer mellom det lågmælte og det langt meir brutale. Tangoen blir etterkvart gradvis avløyst av eit viltert og uforedla gitarløp som fører låta på ustøe bein mot ei vaklevoren havn. Når bruset av stormen legg seg dukkar så den vakre countryfolk-saken Amy fram, ei fortvila bøn frå ein vraka mann. Litt meir elektrisk blir det i Maritime Glare, men fortsatt er vi i folkrock-sfærer, og fortsatt er det ein ulykkelig mann som fører ordet. Det er i det heile mange motiver henta frå einsame nattetimar der plaga sjeler kjempar ein opprivande kamp mot traurige og destruktive tankar. Eller som det lyder i Breaking Windows Everywhere; "Bleeding night, dayless sight, crying sun, broken love", i ei låt som verkelig kjærteiknar uimotståelige melodilinjer.

Med spor som I Save the Last Highstyle For You og Silent Like Hands viser PST for alvor korleis dei kan kaste låtane sine uti eit virvar av sceneskift og taktomslag men samstundes få ting til å henge uklanderlig saman. The Angel of the Squared Circle når sitt endelige klimaks med Baionette, ein sak som går ut i countryrock-fasong, men som endar som eit frådande blues-åtak med sylskarpe gitarar, skrik og skrål; "It makes you wanna cry, It makes you wanna bleed, It makes you wanna love, love, love..." Nemlig.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo