cover

The Thorns

The Thorns

CD (2003) - Aware / Sony Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Countrypop / Singer/songwriter / Psykedelia

Spor:
Runaway Feeling
I Can't Remember
Blue
Think It Over
Thorns
No Blue Sky
Now I Know
Dragonfly
Long Sweet Summer Night
I Told You
Such a Shame
I Set the World On Fire
Among the Living

Referanser:
The Jayhawks
Crosby, Stills & Nash
Simon & Garfunkel
Tom Petty
The Eagles

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Det sangharmoniske fellesskap

Ein dreven trio som dyrkar sangharmoni og velklang.

Ein av dei beste platene frå det tidlege 90-talet er Matthew Sweet sin Girlfriend (1991). Det var ein strålande oppvisning i låtskrivarkunst og gitardreven power-pop. Sjølv om Sweet aldri har klart å matche denne utgjevinga, har han heile tida sidan vore ein trufast leverandør av solid musikk henta frå den same gata (rett nok også ispedd idear gravt fram frå andre musikalske krokar).

Nå har Matthew Sweet slått seg saman med to andre utøvarar som også gjorde sine viktigaste bidrag på pop/rock fronten i 90-åra. Shawn Mullins vil vel hugsast best for hiten Lullaby, medan Pete Droge opererte i smalare kretsar med sin variasjon av pop og rock musikk, utan at nokon av dei gjorde det store inntrykket på underteikna. Diverse tilfeldighetar og kryssande vegar førte til at desse tre begynte å snuse på eit lite samarbeidsprosjekt. Resultatet ligg no føre i form av denne absolutt ikkje uefne plata. Matthew Sweet har nok levert sterkare saker ved tidlegare anledningar, men dette kan godt være det beste Shawn Mullins og Pete Droge har vore med og frambrakt av musikk.

The Thorns, som dei har valgt å kalle seg, dyrkar sangharmoniar og velklang på dei 13 låtane vi blir skjenka her. Dei vev stemmene sine saman på eit vis som på sitt beste blir eit sprudlande felttog i den organiske poplåten sin tjeneste. Slikt blant andre Simon & Garfunkel og Crosby, Stills & Nash var talsmenn for, for over 30 år sidan. Nå er ikkje alle komposisjonane her av det sylskarpe slaget, og heile seansen kan kanskje virke i drøyaste laget velsmurt. Det hadde slett ikkje vore så dumt med litt meir skjødeslaushet for spre ein smule forvirring. Men for all del, det er musikk her som kan behage ein doven kropp og salve ein solbrent rygg. Først og fremst i briljante pop-injeksjonar som I Can't Remember, I Told You og Among the Living, alle med det til felles at det lyder umiskjennelig Matthew Sweet. Medan det på nydelige låtar som Long Sweet Summer Night og den Tom Petty influerte Runaway Feeling virkar som dei to andre sine idear har fått meir spelerom. Ikkje for det, harmonisangen her er så sammenvevd, og bandet så opptatt av å være ei eining, at det kan være eg blir lurt, og at mine påstandar er av det risikable slaget. Uansett blir det feil å trekke fram nokon som viktigare enn andre, for det er tre sangarar som bidrar til å gjere dette til ein lett fordøyeleg porsjon sommarleg lykke.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo