cover

Pay Me My Money Down

Diverse artister

CD (2007) - McMusic / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Bluegrass / Country & western / Countryrock / Folk

Spor:
Pay Me My Money Down
I Am a Man of Constant Sorrow
Heim te Mor
My Blue Tears
Helluva Heartache
Uncle Pen
Saro Jane
Love You in Vain
Sett Deg I Armkroken Min
Red Clay Halo
Waiting for the One
Kulingbarsel
Single Girl
Hvor er Du
Out of the Woods
Country Chris
Drinker Born
When Morning Comes to America
Valley of the Rogue
The Brightest Morning
Lonesome Side of Town
Ain't Got Time
The Battleship of Maine

Referanser:
Bill Monroe & His Bluegrass Boys
Dolly Parton
Odd Nordstoga
Jonas Fjeld

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Triveleg, men ekkelt kalkulerande

Dersom du er ute etter ei skikkeleg bluegrassplate bør du heller kjøpe eit originalalbum av Bill Monroe.

Bluegrassmusikken har verkeleg fått eit skikkeleg oppsving dei siste åra. På mange måtar starta trenden med filmen O Brother Where Art Thou for nokre år attende der me møtte dei tre fangane på rømmen som fekk seg ei platekarriere under aliaset The Soggy Bottom Boys og med låta I Am a Man of Constant Sorrow.

Det er difor ikkje overraskande at nettopp denne songen er med på samlinga Pay Me My Money Down. Ein kan hevde at hadde det ikkje vore for denne låta si popularitet så hadde ikkje bluegrassrenessansen kome på skinnene til dei grader som den no har gjort. I den samanheng så me også kreditere Bruce Springsteen og hans Pete Seeger-sessions frå fjoråret. Dette var ikkje berre ein salsmessig triumf, men også ein triumf og ei fortent attreising for den amerikanske bluegrass og folkemusikken. Det blei for alvor kult att med denne musikken og mange nye fans fekk opna augo for genren.

Det er likevel med ein litt ekkel bismak i munnen ein lyttar gjennom Pay Me My Money Down. Og la det vere sagt med det same, det er ikkje musikken det står og fell på. Med eit slikt lag av artistar å velje mellom kan ein ikkje tape. Det er også eit stort pluss å få ein ekslusiv og særs fornøyeleg låt, nemleg tittelkuttet, med Jonas Fjeld & Chatham County Line live frå Odda Smelteverk.

Men for å vere heilt ærleg, ein treng verkeleg ikkje dette albumet. Heile konseptet verkar forsert og uhyre kalkulert frå plateselskapet si side. Ein har tydeleg merka seg at bluegrass er "in" og vil gjere sitt for å cashe inn på det. Ein kan også stille seg spørsmålet om dette ikkje også er å lure den jamne musikkjøpar. Det er verkeleg ikkje berre bluegrassmusikk ein får når ein kjøper albumet. Mykje av dette ligg mykje nærare countrylandskapet for ikkje å nemne folkrock (The International Tussler Society, Odd Nordstoga, Roy Lønhøiden for å nemne nokre døme) og ein kan soleis bli særs vonbroten dersom det er reinspikka bluegrass ein er ute etter.

Omslaget er også ei stor skuffing. Når ein kjøper samlingar som dette er det alltid fint å ha eit fint omslag der ein kanskje også får litt snacks om innspelingane og litt liner notes om, i dette høvet, bluegrass. Men diverre verkar det som om samlinga som sådan, og også omslaget, er raska saman i all hast slik at ein kan få det ut fortast mogleg. Varsellampene burde kanskje ha ringt tidlegare då ein såg at det var McMusic som stod for utgjevinga. Det er jo eit konglomerat av fleire selskap med sine artistar og sine eigne agendaer, så i det perspektivet er det ikkje rart at estetikken og kontinuiteten lir. Men, høgst truleg hadde ein fått eit mykje betre og meir spennande album dersom ein hadde teke seg tida med å utforma det betre og vore meir kresen med låtvala.

Musikken på albumet, som sjølvsagt er det viktigaste, er det lite å seie på. Du får eit solid lag av gamle og nye stjerner. Her har du gode, gamle Bill Monroe and his Bluegrass Boys som leverer albumets største augneblink Uncle Pen, du har internasjonale storselgarar som Dolly Parton og den fantastiske og stadig meir suksessrike comboen Nickel Creek.

Blanda inn med desse får du ein handfull store norske namn som Odd Nordstoga, Jonas Fjeld, Ivar Medaas, The International Tussler Society og Øystein Sunde som alle leverer varene, men som strengt tatt kunne ha vore utelatne frå albumet. Alle desse er godt etablerte og treng ikkje denne eksponeringa. Det er difor gledeleg at folk som nykomarane Ila Auto og Olav Larsen and the Alabama Rodeo Stars har kome med. Ein kunne med hell ha teke med fleire, mindre etablerte navn og lagt ein ny dimensjon til albumet.

Når alt kjem til alt, musikken på albumet er triveleg, mange stader briljant utført av særs dyktige artistar, men dersom du er ute etter ei skikkeleg bluegrassplate bør du heller kjøpe eit originalalbum av Bill Monroe and His Bluegrass Boys i staden for denne billige og lite ærbødige samlinga frå McMusic.

comments powered by Disqus