cover

Desperation

Oblivians

CD (2013) - In the Red

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Garasjerock / Rock'n'Roll / Bluesrock / Punk

Spor:
I'll Be Gone
Loving Cup
Em
Woke Up in a Police Car
Call the Police
Pinball King
Run for Cover
Come A Little Closer
Little War Child
Fire Detector
Oblivion
Back Street Hangout
Desperation
Mama Guitar

Referanser:
Reigning Sound
Screamin' Jay Hawkins
Tav Falco's Panther Burns
The Cramps
The Sonics
Jon Spencer Blues Explosion
The Deadly Snakes
Jay Reatard

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Tøft i garasjen

Femten år etter at Oblivians var her sist dukkar dei opp att. Utan å ha forbetra seg, og takk for det.

Eg tok meg ein tur i garasjen her om dagen, og der støtte eg forsyne meg på Oblivians. Etter alle desse åra dei har vore borte. Borte ifrå kvarandre. Borte ifrå meg. Opptatt av andre saker (som eg for så vidt har fått med meg deler av). Vel, vel, eg kom i alle fall kjapt i hug korleis dei sveitta bra ifrå seg gjennom tre plater på slutten av førre århundre. Før det tok slutt. Trudde eg. Men så var det altså ikkje heilt slutt likevel. For her er dei, her står dei, i levande live. Her flyg dei vegg imellom, i full desperasjon, og er alt anna enn slutt. Dei sveittar og rockar som om tida aldri har flydd ifrå dei. Det gjer dei sjølvsagt heilt rett i, for det har tida sjølvsagt ikkje hatt tankar om å gjere. Den har då så mykje anna, og langt meir meiningslaust, den skal fly ifrå.

Dei er tre. Når dei opptrer saman tar dei Oblivian som sitt etternamn, både Greg (Cartwright), Jack (Yarber) og Eric (Friedl). Dei gjer det enklast mulig. Gneg seg inn til beinet av bluesen og rock'n rollen og formulerer eit primitivt kaos som aldri har vore i nærleiken av ei vaskefille.

Støvet virvlar, lyden er gromsete, miksebordet er skakkøyrt og fokuset er skittent. Screaming Jay Hawkins dunkar med stokken, Tav Falco vrinskar i barten og Lux Interior kneggar frå skuggane. Oblivians har ikkje verdas sikraste ryggdekning. Noko som bekymrar dei mindre enn ein tøddel. "Let's rock'n roll as we get old" skrålar dei fram i opningssporet, og lar det stå til på prisverdig vis.

Kompromisslause har Memphis-trioen alltid vore. Med to gitarar nokre tarvelige trommer og ingen bassgitar trappa dei på nittitalet opp i Sun Studio og skulle spele inn plate. Den ansvarshavande i studioet synst det blei i primitivaste laget, og insisterte på at dei måtte få på plass ein bassist og ei stortromme, elles blei det ikkje noko av innspelinga. Oblivians tok strakaste vegen ut av dei celebre lokala, og fann ein annan plass å spele inn plata si. To plater blei det på det viset. Debutalbumet Soul Food og den råbarka garasjerock-klassikaren Popular Favorites. Den tredje plata si gjorde dei saman med den eksentriske tangent-traktøren Mr. Quintron. Den blei annleis. Den hadde snev av gospel i seg. Den var festlig. Men no var dei ikkje lenger Oblivians slik planen var at dei skulle vere, synst dei. Så dei gjekk kvar til sitt.

Greg Cartwright er vel den som har gjort seg mest bemerka i tida som er gått etter oppløysinga, og då særlig saman med det drivande gode soulrock-laget Reigning Sound. Jack Yarber har på si side spelt med fleire folk enn eg er i nærleiken av å ha oversikt over, og Eric Friedl har drive eit lite plateselskap. I 2009 hadde bandet ein liten gjenforeiningskonsert. Eit lite varsel om at noko kanskje kunne vere på ferde. No er det det, og Desperation kitlar Popular Favorites på hakespissen, med absolutt farlige nok klør.

Songane er i hovudsak sjølvlaga, heimelaga og ferske. Ingen av dei er dressa opp i nystrokne tonar, men alle har dei sitt eige vesen. I'll Be Gone har melodiøsitet av Reigning Sound kaliber. Little War Child tenderar å kunne kallast for powerpop. Pinball King er Beach Boys i garasjetapping. Come A Little Closer er røff Jack White-slekta bluesrock. Back Street Hangout har ei cool og snerrande åtferd. Og tittelkuttet vender seg mot introvert desperasjon med åtakslystne riff. Men høgdepunktet har dei stole hos ei dame. Call the Police er ein zydeco-låt laga av Stephanie McDee. Oblivians kvesser klør og strenger til brestepunktet og leikar katt og mus med originalen. Spesielt mykje zydeco blir det kanskje ikkje att av den, men jambalayaen og gumboen fyk vegg imellom, og ingen vil heim. Eg trur likegodt eg kårar den til årets coverversjon.

Slike comeback er det meining i.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo