cover

Wilderness Heart

Black Mountain

CD (2010) - Jagjaguwar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Heavy metal / Folk / Folkrock / Psykedelia / Hardrock

Spor:
The Hair Song
Old Fangs
Radiant Hearts
Rollercoaster
Let Spirits Ride
Buried By The Blues
The Way To Gone
Wilderness Heart
The Space Of Your Mind
Sadie

Referanser:
Pink Mountaintops
Blood Meridian
Lightning Dust
Jefferson Airplane
The Rolling Stones
Led Zeppelin
Black Sabbath
Pink Floyd
Richard and Linda Thompson
Primal Scream
The Warlocks
Black Cab

Vis flere data

Se også:
Black Mountain - Black Mountain (2005)
In the Future - Black Mountain (2008)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Folk og metall

Dei strammar seg opp, smalnar fokuset, og reduserer på dei psykedeliske faktene.

Moderne musikk er ikkje noko for Black Mountain. Det proklamerte dei allereie i første spor på si første plate. Og dei har ikkje lagt skjul på det sidan. Ikkje på Wilderness Heart heller.

Wilderness Heart er vel i grunn vel så fastna i dei heilage åra 1966-72 som det Vancouver-banden sine to føregåande album er. Vel så fastna, og meir konsentrert og kompakt i sitt vesen. Denne gongen handlar det gjennomgåande om låtar av 4-minuttars kaliber. Låtar med ein strammare struktur. Her er ingen faseterte underverk a la Tyrants, eller psykedeliske djupdykk a la Bright Lights. Ingen teikn til utflipping, eller snusing på uautorisert syre. Så eit album som bringer banden Viddere er dette ikkje.

Men det førte dei til Los Angeles (og til Seattle). Der det vart til at dei spelte inn store deler av plata, med andre enn seg sjølve i produksjonsrolla. Utan at det kan seiast å ha gått gale. Dei har ikkje latt seg bli glatta til, har ikkje vaska vekk ureine tankar, har ikkje frisert seg grundig og vel, eller funne på å trakka spesielt respektfullt i spora dei fylgjer. Dei dynkar sjela si i klassisk rock'n roll og hevdvunnen folk herligdom, og spelar som om dei har funne opp heile greia sjølv.

"Bang, bang the drum, children having their fun with the blues".

Det har Black Mountain også. Med bluesen, med country og folk, med riffrock og heavy metal, med psykedeliske former og duettsongens dynamikk. Med eit overskot sjølv den mest iherdige kapitalist vil misunne dei, gjer dei det tydelig at dette er tonar dei elskar, dette er tonar dei eig, dette er Black Mountain, og slik gjer vi det.

Med bulder og brak, og maksimal rock'n roll tyngde i The Hair Song. Ein countryrockar i Stoneskappe plassert midt i ein Zeppelinsk himmelstorm. Grunnlagt på ei uimotståelig melodisk kraft, og boren fram av mektige hammarslag og flagrande energi.

Med gitarriff i Sabbath-ånd, og glefset i angrepsposisjon i Old Fangs. Ein stonerfunky sak der keyboardet er psykisk, orgelet fysisk og visjonane blodige.

Med akustisk gitar, og fleirbotna fokus i Radiant Hearts. Ei folkrocklåt der marerittet ligg og ulmar medan håpet prøver gjere seg gjeldande frå ein meir himmelsk vinkel. Ei folkrocklåt der ungane "plays softly around the explosions" og himmelen er tilsmussa av "radiant hearts, waiting to guide you back home". Ei folkrocklåt som ikkje tek seg tid til å lene seg tilbake, men driv krumbøygd mot ...... ja, sei det.

I lag utgjer desse tre ei grundig god første fase. Men så, så er det at albumet styrer seg inn i ein noko mindre engasjerande midtfase. Ei fase med seigriffa Rollercoaster, tempometalliske Let Spirits Ride, og bluesrock a la Jack White i The Way To Gone. Låtar det velkjente dusinet allereie har ein fyldig porsjon av.

Tittellåta derimot gjer greia si. Vilt, mørkt og søvnlaust. Med monsterriff av det farlig tøffe slaget, og Amber Webber i den vokale hovudrolla. Intenst til stades i den vokale hovudrolla.

Amber Webber, dama i banden. Det er berre i tittellåta ho har den vokale hovudrolla. Men det er slett ikkje den einaste songen der ho syng. Ho syng på dei fleste ho. Ved sida av Stephen McBean. Som duetterande partnar, som nynnande kolorist, som motvekt, som dynamisk støtte, som subtil pasningsleggar til den nonchalant bitande røysta til Sephen McBean. Interaksjonen desse to røystene imellom er ein essensiell part av det som til slutt endar opp som Black Mountain-uttrykket. Ja ein beint fram avgjerande part i grunn.

Avgjerande i positiv lei har også dei psykedeliske vindane som har pleidd å farge fjellsidene i all slags fargar vore. Vindar som ikkje bles like virvlande og fargar like intenst denne gongen. Men dei finst her. Mellom anna i folkpopen som omkransar Buried By the Blues. Berre ikkje så ute på kanten som dei kanskje burde ha våga seg, i ei låt som eg tolkar å vere ein tributt til Syd Barrett.

"It's our most metal and most folk oriented record so far" hevdar Stephen McBean i presseskrivet. Han har heilt rett. Og der innleiinga er dominert av inferno og barske riff, er avslutningsfasen ei visestund i to kapittel. Den ikkje heilt trygt jorda countrypsych-balladen The Space Of Your Mind er gjev nok, men Sadie er gjevare. Og mørkare. Ein truande undergangsballade, tilsett statisk gnissel og elektriske render, som endar opp i tung dyster rytmikk og formanande "la-la-la-la-la".

Slik endar Wilderness Heart heilt annleis enn det starta, men slett ikkje mindre interessevekkande. Sagaen om Black Mountain derimot (eller for den saks skyld Pink Mountaintops, Blood Meridian, Lightning Dust, og andre avleggarar) endar neppe her. Det er for mykje brusande blod i omløp der i garden til det. Sjølv om det altså ikkje brusar like spektakulært tvers igjennom Wilderness Heart som det gjorde på In the Future. Men det kjem sikkert tider for slikt igjen.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo