cover

Giggles in the Dark

Lesbians On Ecstasy

CD (2006) - Alien8 / Dotshop.se

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Elektronika / Techno / Punk

Spor:
Revolt
Tell Me Does She Love The Bass - A Scream Club Remix
The Vegetarian Waving a Rainbow Flag Made of Raw Meat Principle
Queens of Hanson Brothers's Noise Mix
Tell Me Does She Love The Bass - The Jealous Mix
Summer Luv - Everything Was Slo-Mo
Bitchsy
Summer Luv
Manipulate
A Queen's Struggle

Referanser:
Le Tigre
The Faint
Peaches
Nina Hagen

Vis flere data

Se også:
Lesbians On Ecstasy - Lesbians On Ecstasy (2004)

(1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7)


Kva er poenget?

Lesbiske canadiere remikses av blant andre Le Tigre og Scream Club.

Alien8 er eit canadisk plateselskap som verkar å ha spesialisert seg på smale og sære utgjevingar.

Lesbians on Ecstacy er ikkje noko unntak.

Det som skiljer dei ut er at dei er, tilsynelatande, alle lesbiske og skriv om lesbiske ting. So far, so good. Dette er, for å ha det på det reine, ikkje eit ordinært album frå Lesbians On Ecstacy, men eit remixalbum der bandet går gjennom kverna til fleire av sine venner og kollegaer.

Er så dette eit vellukka eksperiment?

Nei, langt der i frå. Dette er eit masete, bråkete album komplett strippa for melodiar. Det einaste du får ved anskaffing av dette verket er 10 spor fulle av skurring, hyling og monoton dur.

Som platemeldar er dette eit særs vanskeleg album å melde, rett og slett fordi at det er ein heilt særegen mangel av musikk til stades. Sagt meir rett ut, det er ikkje antydning til musikk i tradisjonell forstand på denne skiva, noko som er ein prestasjon i seg sjølv.

Eg skal ikkje ha sagt korleis Lesbians On Ecstacy let når dei gjev ut sine ordinære songar, i og med at dei er eit nytt kjennskap for meg, men dette er eit særs mislukka prosjekt på alle måtar. Vil ein ha skurr, dårleg lyd og hovudpine går ein til innkjøp av tranceplater og russehitsplatene i staden. Difor vil denne platemeldaren på det sterkast fråråde denne plata. Eg ynskjer dei sinte lesbene betre lukke neste gong, og vonar dei grip sjansen.

Det er viktig at me har plateselskap som Alien8 som ikkje er opptekne av at alt på død og liv skal vere straumlinjeforma, salgbart og å ha hitpotensiale. Men å vere ein artist som ikkje driv med kommersiell musikk forpliktar også på ein annan måte. Det blir naudsynt å vere nyskapande og tilføre noko nytt og spennande. Dessverre er dette også fråverande på utgjevinga.

Ein blir rett og slett sitjande att med ei kjensle av tomskap når ein lytter til dette og det eine sporet tek det andre utan at ein verkeleg merker at har hendt. Monotonien er total og det er rett og slett slitsamt og irriterande å lytte til. Å vise fram kor kreativt det lesbiske miljøet i Montreal er, og kor mykje bra som har kome frå lesbiske artistar er vel og bra og verdt å applaudere. Men Giggles in the Dark bør alle helst gløyme så fort som mogleg.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Magnet - On Your Side

(Ultimate Dilemma)

Engelske kritikere har trykket Magnet til sine bryst. Fortjent. Det beviser Even Johansen nok en gang med sitt nye bittersøte album.

Flere:

Robert Plant & Alison Krauss - Raising Sand
Gwen Stefani - Love. Angel. Music. Baby.