cover

Hello Blackbird (OST)

Mercury Rev

CD (2006) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Filmmusikk / Instrumental / Ambient

Spor:
Blackbird's Call
Illumination by Street Lamp
Waltz For Alice
Trial by Wire
Daydream For Nina
Audition Scene Sketch (Simply Because)
White Birds
Josef's Vision
Eye of the Blackbird (Travelling Music II)
Last of the White Birds (March Funebre)
Cinema Theme
First Flight of the White Birds
Chimpy Waltz
Dempsy's Theme
Fantasia No 1
Roberto Y Roberto
Travelling Music
Departed Angels
Simply Because
Making of Hello Blackbird (Video)
Grasshopper's Wild Ride (Video)

Vis flere data

Se også:
All Is Dream - Mercury Rev (2001)
The Secret Migration - Mercury Rev (2005)
The Secret Migration - Mercury Rev (2005)
The Secret Migration - Mercury Rev (2005)
The Essential Mercury Rev: Stillness Breathes 1991-2006 - Mercury Rev (2006)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Mindre kvikksølv

I sitt første forsøk på å lage filmmusikk har trioen senka kvikksølvnivået og auka det ambiente fokuset.

Einkvar film treng eit soundtrack. Og eit kvart soundtrack treng ein film. Eller? Det finst faktisk nokre unntak. Angelo Badalamenti, Ennio Morricone og Ry Cooder er tre eg kjem på sånn i farten som har klart å skape filmmusikk som også klarer seg utan filmen. Mercury Rev er ikkje heilt der. I alle fall ikkje enno.

Så vidt eg veit er dette første gongen Mercury Rev har laga tonefylgje til ein film. Filmen heiter Bye Bye Blackbird og er debutarbeidet til franskmannen Robinson Savary. Den handlar om ein sirkusfamilie sine prøvelsar på byrjinga av 1900-talet. Eg har ikkje sett filmen, og kan såleis seie lite om korleis musikken tar seg ut der den er meint å fungere, saman med dei levande bilda.

Det bortimot heil-instrumentale opplegget trioen her leverer ligg langt nærare eit klassisk uttrykk enn eit rockuttrykk. Tonar frå keyboards og programmerte lydar sender, saman med litt nennsamt gitarspel, mjuk rytmikk, ein klarinett, nokre halvtomme vatnglas, den sedvanlige saga og ikkje minst eit piano, ut elastiske og stemningssøkande lydbølgjer. Bølgjer som skaper ei førestelling av vemodsfulle og sakte forteljande bilde i gulbrune fargar. I selskap med scenene til Savary kan dette godt fungere veldig bra det. Utan maktar tonane i liten grad å trenge innafor. Spesielt gjeld dette dei 13 korte snuttane (av ca 1 minutts varigheit). Desse blir ganske enkelt for flyktige og hendingslause.

Litt meir er det å hente i stykka som varer litt lengre. Innleiande Blackbird's Call med sitt litt snirklete vesen og klare trillande pianorender kallar på merksemda, og får den. Det same får albumet sitt lengste stykke The White Birds. Der den ved å veksle mellom det sakrale og meir majestetiske skaper bilde av ein kvitkledd skikkelse glidande og svevande i trapesane høgt oppunder taket i sirkusteltet. I denne og nokre av dei andre stykka kan vi høyre ei kvinnestemme (Bonnie Kate Anthony). Ikkje syngande på ein tekst, men eit instrument som sender den ut langstrakte "aaaaaahaaaa". Absolutt formålstenleg. Den er der i The Last of the White Birds også, ein lengtande sonate bygd opp rundt ein Chopin-komposisjon.

I ein såkalla Enhanced Section kan vi forresten få eit lite innblikk i korleis innspelingane gjekk føre seg. Her kan vi skode Donahue, Grasshopper og Mercel utforske og spele, med filmen gåande non-stop på stort lerret i bakgrunnen.

Eit noko anna Mercury Rev dette her altså, naturlig nok. Men ved sida av album som Yerself is Steam, Deserter's Song og The Secret Migration blir nok ikkje Hello Blackbird stort meir enn ein parentes.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo