cover

Got No Strings

Michelle Shocked

CD (2006) - Mighty Sound / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Western swing / Bluegrass / Americana

Spor:
To Be a Cat
Give a Little Whistle
Got No Strings
Spoonful of Sugar
Spectrum
Wish Upon a Star
Baby Mine
A Dream is a Wish
Bare Necessities
On the Front Porch

Referanser:
k.d. lang
Bob Wills
Hank Thompson

Vis flere data

Se også:
Don't Ask Don't Tell - Michelle Shocked (2006)
Mexican Standoff - Michelle Shocked (2006)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Ein Disney-swing

Ti Disneylåtar blir plassert i rurale og swingande, men noko einspora omgjevnader.

Dei tre første dagane i Michelle Shocked sin hyperaktive fase (sjå teksten om "Don't Ask, Don't Tell for meir om dette), spelte ho inn 10 låtar henta frå ulike Disney-filmar. Albumet er kalla opp etter den velkjente Pinocchio-hymna Got No Strings, og er Michelle og fem medmusikantar i full sving med å flytte kjente og mindre kjente tonar, som tidlegare har levd innafor temmelig så orkestrerte former, inn i eit meir ruralt landskap. Nærare bestemt eit landskap der western swing og bluegrass er dei toneangivande uttrykksformene.

Det sjudoble utbrettscoveret som denne plata (og dei to andre) kjem i, gjer eit forsøk på å illustrere den voldsame kontrasten mellom den fargeglade og vellykka Amerikanske Disneyverda og den grå og håplause situasjonen store deler av Afrika sine barn lever under. Som den aktivisten og solidaritetsforkjemparen Michelle Shocked er, nyttar ho høvet til å fylle opp coveret med informasjon om organisasjonen Save Africa's Children og deira arbeid mot AIDS-pandemien i Afrika.

Dette utan at den dryge halvtimen med musikk som fyller opp albumet i seg sjølv fører tankane i retning globale dimensjonar. For den er som de sikkert har skjønt tufta på lite anna enn amerikanske tonar og kultur.

Medspelarane hennes på lap-steel, banjo, fele, slide-gitar, akustisk gitar og kontrabass skaper eit heiderlig om enn litt for einsarta bilete. Ideen om å gjenskape låtane i uvanlig sonisk form er ikkje dum. Det som er dumt er at Michelle ikkje lagar ramma for korleis lyden skal bli noko breiare.

Graset er på sitt blåaste i den banjokvikke Spectrum. Fela er frisk og Michelle like så i Pinocchio-låtane Give a Little Whistle og Got No Strings. Men etterkvart døyr interessa for seansen ut. Wish Upon a Star kjem i sin ørtande versjon, swingen blir sløvare, ei kjensle av rutine meir enn inspirasjon byrjar å tre fram, og den eine låten liknar den neste meir og meir (i langt større grad enn dei gjer i sine originale lydmønster).

Så når bjørnen Baloo sin signaturlåt Bare Necessities dukkar opp i nest siste swing er vel eg i grunnen langt meir freista til å putte Jungelboka i DVD-spelaren enn å klargjere ein ny runde med Michelle og venner.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo