cover

When I Pretend to Fall

The Long Winters

CD (2003) - Barsuk / Munich / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Indiepop / Indierock

Spor:
Blue Diamonds
Scared Straight
Shapes
Cinnamoon
Bride and Bridle
Blanket Hog
It'll Be a Breeze
Stupid
Prom Night at Hater High
New Girl
The Sound of Coming Down
Nora

Referanser:
The Minus 5
The Posies
Death Cab for Cutie

Vis flere data

Se også:
Ultimatum - The Long Winters (2005)
Putting the Days to Bed - The Long Winters (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Seattle pop-korporasjon

Med god hjelp av halve Seattle, har Long Winters sett saman ei plate med mykje triveleg popmusikk.

Bandets navn er muligens inspirert av det faktum at frontfigur John Roderick hadde sin oppvekst i Alaska. Der held han imidlertid ikkje til lenger. Han har istaden busett seg i byen som for eit drøyt tiår sidan framstod som verdens musikknavle eit lite øyeblikk. Jadå, eg snakkar om Seattle. Til si andre plate, When I Pretend To Fall, har The Long Winters fått med seg mange av byens oppegåande musikkutøverar. Neidå, vi snakkar ikkje om Pearl Jam, men om Ken Stringfellow og Jon Auer (The Posies), Chris Walla (Death Cab for Cutie), Blake Wescott (Pedro the Lion), ein av byens mest kjente innflyttarar Peter Buck (R.E.M.) og Scott McCaughey (The Young Fresh Fellows, Minus 5), berre for å nevne nokre (det er minst eit dusin til).

La oss for øvrig gripe litt fast i sistnevnte,- Scott McCaughey. Han har jo blitt tildelt noko av den samme velvillige bistanden i sine Minus 5 prosjekter. Og musikken som Long Winters møter oss med er slett ikkje så fjernt frå det McCaughey har gjort. Poprock med ein frisk og frigjort tone med andre ord. Tenk gjerne både litt Posies og Death Cab for Cutie også, og kanskje ein liten dæsj Elephant 6 pop i tillegg.

John Roderick har komponert 12 låtar der dei fleste lyt få karakteristikken trivelege saker. Og det er heller ingenting å seie på spelegleda. Nå er det jo ikkje alltid eit stort lag med vennligsinna hjelperar fører berre godt med seg. Men i Long Winters tilfelle går det som oftast vel. Det hender rett nok ved eit par høve at det blir litt for mange som skal hjelpe til på ein gong, slik at låtane får litt oksygen-mangel og dermed står i fare for å drukne. Noko som definitivt ikkje er tilfelle med det jordnære og vakre folkpop eventyret Cinnamon, der Peter Buck sine mandolintonar er med å bringe denne opp blant albumets høgdepunkter. Ein karakteristikk den lyt dele med det pågåande og fuzzy poprock-nummeret New Girl, og den elegante og skarpt svingande Blue Diamonds. Når Shapes gjer seg til kjenne er det nesten som om pop-eksentrikaren Andy Partridge og hans XTC har gjenoppstått. Mens den noko medtatte hovedpersonen i meir laidbacke Bride And Bridle lyt erkjenne at ting har endra seg iløpet av dei 10 åra han har sona sin dom.

Nå har Roderick og gjengen hans nokre meter igjen før dei blir like fargerike som det smått psykedeliske, fantasifulle og raffinerte innleggshefte dei har sett saman. Men eit hyggelig lite opptrinn er det dei tilbyr oss.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo