cover

Phoenix

The Warlocks

CD (2002) - Mute / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Psykedelia / Space rock / Alternativ

Spor:
Shake the Dope Out
Hurricane Heart Attack
Baby Blue
The Dope Feels Good
Cosmic Letdown
Red Rooster
Inside Outside
Stickman Blues
Moving and Shaking
Oh Shadie

Referanser:
The Velvet Underground
13th Floor Elevators
The Stooges
Hawkwind
Spacemen 3
Spiritualized

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Eit sonisk røvartokt

Eit mektig og forrykande angrep på sanseorgana.

Phoenix er ein engelsk/europeisk gjenutgjeving av plata som først bar tittelen Phoenix Album, og som kom ut på labelen Birdman i USA seint 2002. Istadenfor å gje ut albumet slik det var, har Mute (The Warlocks sitt europeiske selskap) altså valgt å endre litt på tittelen, lage nytt cover, samt bytte ut ein låt (slik at fansen som allerede har skaffa seg Birdman utgjevinga "lyt" ha denne også - sleipt nok).

I 1965, på kvar si side av det amerikanske kontinentet eksisterte det to band som begge kalte seg The Warlocks. Det eine bandet var eit slags husband for dei temmelig lausslupne festane til forfattaren Ken Kesey (Gjøkeredet), og favna om folk som blant andre Jerry Garcia, Bob Weir og Phil Lesh, dei skulle snart bli kjent under ein annan signatur; Grateful Dead. Det andre bandet heldt til i New York, men også denne gjengen fant det best å endre navn, og blei i løpet av året til The Velvet Underground.

Sjuarbanden frå Los Angeles som i desse dagar har funnet det høvelig å utstyre seg med navnet The Warlocks, har definitivt meir enn ein fot solid planta i 60-tals rocken. Spesielt er spora etter den før nevnte New York-kvartetten ganske tydelige. Samstundes tilfører dei rock'n'roll-overhalinga si betydelige deler psykedelia, så Grateful Dead linken er heller ikkje heilt ut i det blå, sjølv om den ikkje er like opplagt. For The Warlocks sine syreattack høyrer vel meir heime i lendet til 13th Floor Elevators sin garasje-psykedelia. Når vi nå først er inne på inspirasjonskjelder kan vi jo ta med oss Stooges og Hawkwind frå 70-talet, samt Spacemen 3 og Spiritualized frå seinare år.

Det er eit forrykande åtak The Warlocks gjer seg ut på. Med fire gitaristar og to trommeslagarar i tillegg til utfyllande keyboard/orgeltonar blir det eit sonisk monumentalt stykke rock'n'roll dei presenterer. Likevel er ikkje dette ein fantasilaus og slitsam overkjøring. For uklanderlig plassert innimellom det elektriske regnet stig det fram fleire skarpe låtar.

I kategorien klassisk popfølelse tilført gitardroner finn vi dei to dopfikserte tilfella Shake the Dope Out og The Dope Feels Good, samt den lumske og vidunderlige Baby Blue. Mens bandet bevegar seg over i meir psykedeliserte univers når det kjem til lengre låtar som Cosmic Letdown og Inside Outside. Førstnevnte ein nesten 10 minuttar lang seig symfoni, der dei kanskje går litt over streken når dei avsluttar den med ein einsam orgeltone som strekker seg mot to minuttar. Inside Outside er eit mektig og etsande nummer tilsatt eit suggerande krautrock groove. Den totale freak out blir levert i nesten 15 minuttar lange Oh Shadie, ein instrumental der støy og tonar dansar rundt i eit tåkete landskap.

Med tekstlinjer som "pretty pictures and circular cars, disco bars and cool guitars", samt eit tøft, gatesmart og doprelatert image, er dei nok i grenseland til å leve ut ei posør-rolle. Men på den andre side, er det egentlig så farlig? It's only rock'n'roll.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo