cover

Trouble

Ray LaMontagne

CD (2004) - RCA / Echo / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Americana / Soul / Folk

Spor:
Trouble
Shelter
Hold You In My Arms
Narrow Escape
Burn
Forever My Friend
Hannah
How Come
Jolene
All the Wild Horses

Referanser:
Stephen Stills
Van Morrison
Otis Redding
Ryan Adams

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


For lite trøbbel

Konvensjonelt og velprøvd i eit dempa og bedagelig toneterreng frå debuterande amerikanar.

Etter ein strevsam oppvekst i fattige kår og på stadig flyttefot såg Ray LaMontagne, ifølge seg sjølv, lyset ein tidleg morgon i ein alder av 20 år. Klokkeradioen slo seg på, og ut i rommet tona Tree Top Flyer med Stephen Stills. Ray gjekk ikkje for å jobbe på skofabrikken den dagen, han oppsøkte istaden den lokale platesjappa. Han gjekk aldri meir på skofabrikken, han byrja istaden å lytte til musikk. Ray Charles, Bob Dylan, Van Morrison, Otis Redding, Neil Young. Etterkvart byrja han spele, synge og laga låtar sjølv. Via spelejobbar, demoinnspelingar og framveksten av ein ørliten fanskare har han no fått platekontrakt. Til å produsere er velrennomerte Ethan Johns leigd inn.

Drøyt tretti år gamal debuterer Ray LaMontagne på platefronten. Det gjer han med tonar som vel ikkje akkurat kan kallast originale. I eit vekselvirke mellom folk, country, pop og soul presenterer han eit ti-låtars felt med særdeles sterke relasjonar til mangt og mykje frå dei siste førti åra i musikkhistorien. Slikt kan av og til gå bra, men langt oftare blir mangelen på personleg preg så pass framtredande at det heile forsvinn i anonymiteten sitt lumske hav. Og det er nok dessverre her plata til Ray også havnar.

Eg skal likevel ikkje heilt nekte for at det i LaMontagne går an å ane konturane av ein dugande sangar og låtskrivar. Han har ei fin stemme, som hvis han hadde våga meir kunne vist seg både sjelfull og fengslande. Han lagar låtar som er innom tiltalande tonar, men som virkar å være kledd i ei tvangstrøye for sterkt farga av beundring og konvensjonell framgangsmåte. Han skriv vemodsfulle tekstar på høgde med mange andre innanfor same sjanger, men utan poetisk sprengkraft til å gjere dei til noko meir enn berre ålreite. I det heile er Ray LaMontagne ein kar som har lært seg mange av triksa, men som ikkje heilt maktar å signere dei med eigen identitet, ikkje førebels i alle fall.

Trouble er varleg orkestrert, stort sett med Ray si stemme og akustisk gitar i sakte tempo. Ethan Johns trillar fram pianotonar. Nokre gonger dukkar det opp litt strykarar. På tre-fire spor får han vokal hjelp av eit par kvinnestemmer. Og i nokre få tilfeller er gitaren elektrisk og det blir dunka litt på trommer. Men frå tittelsporet sine pyntelige Van Morrison- og Otis Redding-fakter til han avsluttar i meir folkprega trakter med All the Wild Horses, er det få ting ein bit seg særlig merke i. Tonane sig velstelt forbi, og klarer aldri å skape det varsla trøbbelet.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Fra Lippo Lippi - In Silence And Small Mercies - The Early Years

(Rune Arkiv)

To nedstøvede kulturskatter til glede for musikkhistorisk interesserte, eller nytere av goth og post-punk.

Flere:

Jens Lekman - Night Falls over Kortedala
Pernice Brothers - Live a Little