cover

Weird War

Weird War

CD (2002) - Domino / MNW

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Garasjerock / Alternativ / Funkrock

Spor:
Baby It's The Best
Chicago Charlemagne
Who's Who
FN Rat
Grass
Ibex Club
Name Names
Burgers And Fries
Live In A Dream
Pick Up The Phone And Ball
Family Cong
Weird War
Man Is Money

Referanser:
Royal Trux
Nation of Ulysses
The Make-Up
The Stooges
James Brown
Jon Spencer Blues Explosion

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Groovy krig

Weird War er bygd opp rundt ein soul-funk basert groove, der låtane ikkje opererer i noko A4 format.

Weird War kunne vore tittelen på den dagsaktuelle verdenssituasjonen. Istaden er det altså eit rockeband som har smykka seg med dette navnet. Vel, band og band, inntil vidare velger eg å definere det meir som eit samarbeidsprosjekt. For dette er ein happening mellom sangaren Ian Svenonius (sist frå gospelpunk agitatorane i The Make-Up), bassist Michelle Mae (The Make-Up) og gitarist Neil Michael Hagerty (frå avantgarde og støyrockbandet Royal Trux).

Weird War er bygd opp rundt ein soul/funk-basert groove, der låtane ikkje opererer i noko A4 format, for rett som det er bærer det av gårde i uventa retningar. Me får oppleve Ian Svenonius sin herlig skjødeslause sangstil, medan Neil Hagerty bidrar med gitarspel noko på sida av det ein kan kalla harmonisk. Me får bli kjent med eit band som er både viltert og skakt men innimellom litt haltande. Skal eg trekke fram nokre samanlikningar så opplever Weird War nærmast som ei forening av Stooges og James Brown.

Det heile tar av med Baby It's The Best, ein medrivande hyperaktiv rockelåt. Tempo blir skrudd ned i seigare melodiar som Chicago Charlemagne og FN Rat, intensiteten og gløden er imidlertid på plass. Grass og Name Names er utfordrande funk som påkallar heftige bevegelsar i nedre regionar. Eller som mr. Svenonius syng "Don't kiss me on the mouth, When you can kiss me anywhere else". Me får også servert ein fløyte- og trompetbasert instrumental, som er rett så spenstig og viril (Ibex Club).

Etterkvart blir det noko meir ufokusert og springande det som dukker opp. Det livnar imidlertid til liv at i avslutningssporet Man Is Money ein saftig funky rockar som set eit solid punktum. 13 melodiar, og det heile drar seg i land på i overkant av halvtimen. Til tider ein sprek og snodig opplevelse er det.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo