cover

Fade

Yo La Tengo

CD (2013) - Matador / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Elegante veteranar

Den sympatiske Hoboken-trioen byr på ei ganske så støysvak og homogen plate denne gongen.

Stupid Things er slett ikkje dum. Den er fem minutt lang og dukkar opp midtvegs inne på den nye plata til Yo La Tengo. Lyriske gitartonar sildrar som ein klar vårbekk rundt eit hypnotisk groove som går og går. Ynde og kraft i potent samklang. Og ein songar som syng om den sterke kjærleiken, den som overlever dumme ting, humpete tilstandar og slikt. "We always wake up before we fall, and I always know that when we wake up, you're mine". Den finn sin plass der opp saman med dei andre meisterlige Yo La Tengo låtane. Det er i grunn blitt mange av dei etter kvart.

Meir enn eit kvart århundre er gått, men tida har ikkje gått i frå Yo La Tengo. Dei har sysla med sitt, der over på den andre sida av Hudson River. Med to-tre års mellomrom har dei komme med ei plate. Noko eg har sett på som ei kjær hending kvar einaste gong. Av den grunn at noko slikt som dårlige, eller for den saks skuld middelmåtige, plater er av dei tinga Yo La Tengo aldri har belemra oss med. Dei har heller aldri kava med å prøve å framstå som noko anna enn det dei er. Dei har alltid vore til å kjenne att. Samstundes, det dei er, og det dei har vore, er langt meir enn berre eitt uttrykk. Nokre av platene deira høyrer med til nyare musikkhistorie sine mest sjangerbyksande saker. Men alt dei har gjort har dei gjort fordi dei er Yo La Tengo (ekteparet Ira Kaplan og Georgia Hubley, og bassisten James McNew). Og ingen andre. Aldri har dei gjort det fordi tidsånda eller bevegelsar har venta det av dei. Sånn tenker i alle fall eg om det. Sånn tenker eg at dei har unngått å gå av moten. Sånn tenker eg at tida er på lag med Yo La Tengo, og vil aldri gå i frå dei.

Men åra går, like forbanna. Også for Ira Kaplan, Georgia Hubley og James McNew. Fade er ikkje heilt utan spor av det. Eg meinar å oppfatte, i fleire av songane på plata, ein undertone av, eller ei erkjenning av, å være på veg bort frå noko som aldri vil komme tilbake. Som når dei tre i samstemt union syng "nothing ever stays the same" i opningslåta, Ohm. Ei låt som har form som eit groovy og melodisk vennlig anthem til noko som ikkje heilt kan forklarast, som til dømes at av og til er det dei dårlige folka som går til topps medan dei gode taper. Kaplan krøllar ein sprek gitarsolo rundt låtas stødige gang, før han saman med sine medsamansvorne ramlar inn i eit mantra om at det har vore moro dette her. "Maybe that's okay if we're not so young" lyde det lengre ute i programmet. I ei låt med eit forsonande sonisk vesen, The Point Of It. Her er det vel at livets urokkelige gang blir fundert over i dei tydeligaste ordelaga.

Say that we're afraid
Say the night is close
Honey, that's okay
If we're getting old
If we're not so strong
If our story's told
That's the point of it


På ei plate som er Yo La Tengo sin mest konsistente til dags dato. Sonisk samla om ein tone over mot den mildaste sida av slikt som Yo La Tengo driv på med. Velproporsjonert og levande produsert av John McEntire (Tortoise, The Sea and Cake). Den er absolutt ikkje utan eit vemod, men mest ser eg på den som oppløftande. Og lys, som ei 45 minuttars omfamning av livets uransakelige vesen.

Her får vi den omsorgsfulle visa I'll Be Around, med sitt sirkulerande gitartema. Den Georgia Hubley sungne Before We Run, med sakte sorgtyngde blåsarar og eit liflig strykar tema. Lågmælte Is That Enough som legg seg ved sida av ein Lambchop-song. Den oppfuzza popsaken Paddle Forward sugande på ein Sugarcube. Og den spretne og tette soulpop-saken Well You Better. Av eit band som vel i grunn aldri kjem til å slutte med å gje ut gode plater.



comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo