cover

Jorma Whittaker

Jorma Whittaker

CD (2003) - Secretly Canadian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Alternativ

Spor:
Clocks In the Sun
Leaves
If It's Over
Molly Melancholy
Favorite
Walk/Throw
Man With Money
Fall In Love
Crystal Lines
Birds Are Falling Through The Sky
Popcorn
Morning Meets Evening Walk
Perfect Light

Referanser:
The Velvet Underground
Syd Barrett
Joy Division
Wire
Marmoset

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Ufullendt

Ein litt haltande solo-debut frå Marmosets vokalist.

Etter å ha starta platekarrieren som bassist og vokalist i Indianapolis bandet Marmoset, er Jorma Whittaker nå klar med sin første utgjeving som solo-artist. Lent mot Velvet Underground, Syd Barrett og diverse postpunk band (Wire, Television, Joy Division, The Only Ones), serverer han 13 låtar som dessverre kun unntaksvis formår å engasjere.

Ein blir sittande igjen med ei overordna kjensle av noko ufullendt, låtar som manglar framdrift, ein artist som manglar eigenart, og eit uttrykk som ikkje maktar å skape den store gløden.

Dei 38 minuttane dette varer foregår stort sett i eit ganske dystert lydbilde, med ein monoton og repeterande stil. Den minimalistiske nesten åtte minuttar lange pianoballaden Clocks In the Sun kan stå som eit godt eksempel på nettopp det. Godt eksempel også i den betydning at den er ein av albumets betre øyeblikk, den unngår til og med å bli stilleståande sjølv om den i lengre partier kun er ein gjentakande einsam pianoakkord, og når Jorma sine vokale fraseringar i tillegg minner meg om Pete Perrett (The Only Ones) er eg ikkje så vanskelig å overtyde. I den vidare jakten på tiltalende låtar blir neste stans Favorite, som buldrar sakte av gårde med djupe og urovekkande pianotonar. Eit stykke lenger framme dukkar så Birds Are Falling Through the Sky fram, som ein smårar og ganske vital sang i Syd Barretts ånd.

Men då har eg i grunnen nevnt det som er verd å nevne. For når han til dømes prøver seg i Jesus & Mary Chain terreng med Molly Melancholy, tar for seg Everly Brothers-låta Man With Money, eller forsøker seg med litt vimsete Pavement fakter i Walk/Throw, blir det for identitetslaust. Uten at det nokon gong er direkte dårlig, han klarar berre ikkje å få fram den store spenningen, og blir tumlande rundt i eit litt ullent landskap der den gode melodi sjeldan er å treffe på.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo