cover

Julie Doiron and the Wooden Stars

Julie Doiron and the Wooden Stars

CD (1999) - Jagjaguwar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Singer/songwriter / Folkrock / Sadcore

Spor:
The Last Time
Gone Gone
The Longest Winter
The Best Thing For Me
In This Dark
Drums and Horns
Dance Music
Au Contraire
Seven
The Second Time
Sweeter

Referanser:
Eric's Trip
Kristin Hersh
Hayden
American Music Club

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Do You Still Love Me?

Til lyden av rasjonelt plasserte lydkjelder framfører Julie Doiron 11 melankolske og ettertenksomme sangar.

Ein gang i grunge-alderen (første halvdel av 1990-åra) eksisterte det i Canada eit band som kalte seg Eric's Trip, navnet fortel mykje om kva musikk dei spelte (Eric's Trip er ein låt frå Sonic Youths Daydream Nation). I 1993 vart det første Canadiske band som fekk platekontrakt hos den sagnomsuste labelen Sub Pop. Det fulgte tre CD-utgivelsar, før dei i 1996 bestemte seg for å oppløyse bandet. Vokalisten og bassisten i dette bandet lydde navnet Julie Doiron. Ho hadde då allerede begynt å skrive og spele inn låtar på eigen hånd, og debuterte som soloartist med den sterkt limiterte Broken Girl i 1996, seinare har det fulgt ytterligare fire album. Dette har skjedd utan at så veldig mange vel egentlig har fått det med seg, underteikna medrekna.

Litt meir historie; Julie oppretta sin eigen label (Sappy records) for å kunne gje ut plater, hennes to siste er imidlertid gitt ut på labelen Jagjaguwar. Denne labelen har og eit program for å gjenutgje hennes plater frå Sappy-åra, og albumet som eg skal fortelja litt om nå høyrer med til denne kategorien. Det er her snakk om ei plate som første gang såg dagens lys i 1999, og er ein innspeling Julie gjorde saman med musikarane i eit band med navn Wooden Star.

Til lyden av rasjonelt plasserte lydkjelder framfører Julie Doiron 11 melankolske og ettertenksomme sangar. Gitaren er det dominerande instrumentet der den på eit sordinert sett malar sine tonar, av og til harmonisk, andre ganger meir skurrande. Stemma til Julie er på eit måte både nennsom og skarp samstundes, og på eit beherska vis maktar ho å fange oppmerksomheten. Sangane er stramt redigerte bilder som beskriver savn, lengsel og sånt. Både musikalsk og tekstmessig føyer Julie seg inn i ein rock-tradisjonen der vi også finn artistar som Hayden, Mark Eitzel og Kristin Hersh.

Som ofte i denne sjangeren kan innhaldet med det samme virka noko flatt, og tilbyr få soniske haldepunkt til å navigere etter, derfor treng ein å gå nokre rundar med låtdetektoren for å finne ut om her skulle være noko av verdi. I dette tilfellet førte søket så definitivt til fleire tiltalande oppdagelsar.

Først og fremst framheva Seven seg, som når ein får fjerna det tynne laget av utilgjengelighet åpenbarer eit skjørt stykke musikk om einsemd og rådlaushet. Sjelden vakker er og The Longest Winter, der ei litt resignert Julie Doiron konstaterer kor vanskelig det kan være å finne varmen når ein ikkje har selskap under teppet. I det country-infiserte avslutningssporet Sweeter bidrar gitarist Julien Beillard med sang, og medvirkar til å sette eit nydelig punktum.

Når sant skal seiast finnest det ikkje direkte svake øyeblikk her, sjølv om ikkje alle funna glitrar med like stor ynde, så er det meir enn nok her til at ein kan krype opp i sofakroken og ta inn over seg litt lutrande melankoli.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo