cover

Backwoods Barbie

Dolly Parton

CD (2008) - Dolly Records / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countrypop / Folkpop

Spor:
Better Get to Livin'
Made of Stone
Drives Me Crazy
Backwoods Barbie
Jesus & Gravity
Only Dreamin'
The Tracks of My Tears
The Lonesomes
Cologne
Shinola
I Will Forever Hate Roses
Somebody's Everything

Referanser:
Loretta Lynn
Lynn Anderson
Tanya Tucker
Tammy Wynette
Linda Ronstadt
Emmylou Harris
K.T. Oslin
Reba McEntire

Vis flere data

Se også:
Coat of Many Colors - Dolly Parton (1971)
Jolene - Dolly Parton (1974)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Skogtur på Dollyvis

Ein sterkt rosa og noko overprodusert tur inn i den store skogen.

Det er så definitivt meir med Dolly Parton enn voluminøst hår, svulmande bryst, falske augevipper og høg glamourfaktor. Ho er også ein meir enn habil låtskrivar. Det må ein sjølvsagt vere for å kunne komme opp med meisterlige låtar som Just Because I'm a Woman, Coat Of Many Colors og Jolene. Låtar ho syng med ei røyst ho er ganske så aleine om.

Ho har sjølv aktivt styrt retninga på karrieren sin. Ein karriere som har vart i drygt 40 år. Det har vore fjellfriske songar frå hennar Tennesse Mountain Home, og det har og vore mange og fullt ut medvitne svingar inn på det friserte countrypopmarkedet. Underteikna lyt vel medgje at han set klart størst pris på den countrynære og bluegrass/appalachian tufta utgåva av dama. Eit par plater rundt tusenårsskiftet (The Grass Is Blue og Little Sparrow) av nettopp slik karakter var i så måte særdeles velkomne. Backwoods Barbie har eit sonisk vesen som nok heller meir mot det polerte countrypopområdet.

Eg trur vi kallar albumet ei noko ujamn affære. Her er flust med låtar ein kan høyre har eit potensiale, men litt for mange lide ein identitetslaus død. Ein død forårsaka av overdrivne og låtkvelande arrangement. Ja, det er vel det ein kan kalle ein litt for typisk Nashvilleproduksjon.

Dolly har skrive ni av dei tolv låtane sjølv. Dei handlar om strevsam kjærleik og livsvisdom. Dugande formulert er det, og med eit velkjent og altså slett ikkje ueffent melodisk grunnlag. Nokre av dei vert til og med fare rimelig fint med og overlever produksjonen. Først og fremst gjeld det tittelsporet. Både fela, mandolinen og steelgitaren får rom, i ei låt med melodisk slektskap tilbake til førnemnte Coat of Many Colors. Teksten er derimot eit sjølvironiserande forsøk på å forklare verden at bakom det glamorøse ytret er det slett ikkje grunt og tomt. Måten dama stæsjar seg opp på er visst berre "a country girl's idea of glam". Så "don't let these false eyelashes lead you to believe that I'm as shallow as I look, 'cause I run true and deep". Fornøyelig stoff.

Den i denne samanheng overraskande luftige, strykardraperte, og lengtande folkballaden Only Dreamin' kjem også ut som ei positiv oppleving. Det same kan ein vel seie om pianojazzige The Lonesomes, og den tungt vemodige og klassisk countryballadeforma I Will Forever Hate Roses.

På den aller mest håplause sida finn vi to av coverversjonane. Ein totalt flat versjon av Smokey Robinson sin fine The Track of My Tears, og eit vemmelig countrypopdisco grep om Fine Young Cannibals sin allereie i utgangspunktet heller trøytsame (She) Drives Me Crazy.

Slik blir dette til slutt ein Dollyproduksjon som nok står i fare for å bli borte ein eller annan stad midt inne i den sånn cirka 50 album store haugen av utgjevingar frå dama.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo