cover

Trouble at Jinx Hotel

Molasses

CD (2004) - Alien8

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Eksperimentell / Drone / Sakral / Folk / Lo-fi / Slowcore

Spor:
Siren's Song / La La La Amerika
Saint Cristopher's Blues
Sign of Judgement
Lynn Canyon Wedding
You Can't Win
Trouble In Mind
Las Nînas
Miss Peach's Pawnshop
No Love Lost
Songs From the Basement

Referanser:
A Silver Mt. Zion
Set Fire to Flames
Shalabi Effect
Godspeed You Black Emperor!
Fly Pan Am
Exhaust
Boxhead Ensemble
Dirty Three

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Slakt tempo

Molasses-hjernen Scott Chernoff inviterer kreativ venneflokk til studio. Er det vellukka?

Montreal, Canada; byen står fram som eit yndig "eldorado" for alle musikantar med ambisjonar om å nå lyttaren gjennom å pensle opp rå og brutale dommedagsstemningar. Element av mørkt vanvidd og djevelskap vil ofte vere med på å konstituere den apokalyptiske drone-rocken som har fått slik utbreiing i Montreal. Samstundes som det heile kan oppfattast som veldig mørkt og trist, og ved mange høve temmeleg uhandgripeleg, betyr det likevel ikkje at musikken alltid har som formål å plassere deg i ein ytterst bedrøveleg sinnstilstand framfor cd-spelaren.

Det leiande Montreal-orkesteret er for meg Godspeed You Black Emperor!, som både gjennom musikken og informasjonen publisert ved utgjevingane (til dømes cover-designet på Yanqui U.X.O, 2002), rettar fokus mot lite sjarmerande resultat av vestleg kapitalisme. Uansett om du er einig eller ueinig i slike politiske sprell, er det likevel lov å vere takksam for at plateselskap som Constellation Records, ansvarleg for utgjevinga av ei rekkje meir eller mindre eksperimentelle føretak (A Silver Mount Zion, Exhaust, GY!BE osv), samt selskapet Alien 8 (deriblant Molasses, Set Fire to Flames, Shalabi Effect) ynskjer å satse på artister som befinn seg, tja litt utanfor den kommersielle allfarveg.

Trouble at Jinx Hotel, som er den fjerde utgjevinga til Molasses, var i utgangspunktet planlagt som eit soloprosjekt for frontmann Scott Legrande Chernoff. Men etter å ha fått sydd sammen ei rekkje låtar aleine på gitaren, inviterte han like godt 15 label-"buddies" og andre kjente til å delta på festen, og eit nytt Molasses-album var i sin vorden. Den som er familiær med bandet si forrige utgiving - dobbeltskiva A Slow Messe (2003), vil oppdage at mannskapet stort sett består av samme gjengen som bidrog med hjelpande hender ved sist anledning. Medlemmar med ulik tilknyttning til GY!BE (Efrim Menuck, Bruce Cawdron, Thierry Amar) stiller på respektive harmonium, marimba og bass, Thalia Zedek og Chris Brokaw frå Come har gitarar som sine våpen, medan multiinstumentalist David Michael Curry (Willard Grant Conspiracy, Boxhead Ensemble, Will Oldham) gnukker fiolinar. Saman med den nyankomne vokalisten Jennifer Ménard (og diverse andre) stiller dei velvillig opp på 43 minutter med lavmælte og samfunnskritiske folk-låter, eksperimentell lydkrangel, og det som dessverre blir eit album som etterkvart stagnerar på grunn av mangelfull variasjon frå låt til låt. Det heile åpnar derimot friskt nok.

Introduksjonsporet La La La Amerika gir oss tidlig ein peikepinn på at Molasses ikkje synast å ha forandra seg nevneverdig sidan sist. Basert rundt det sakte og vemodige gitarspelet til Chernoff blir låta oppbygd omtrent som når ein bygger eit murhus - stein for stein. Vokalen er fortsatt blotta for det store fiksfakseriet. Chernoff legg seg tett inn til mikrofonen og nærmast kviskrar sine velvalgte ord. Den ekstremt rolige melodien møter snart sin make, gjennom den flotte celloen som framtvingar englestemning i huset. Den Nick Cave-aktige Saint Christopher's Blues har ein sjelden emosjonell melodi som får meg til å tenke på gravferd og alt som elles er trist i livet.

Sjølv om byrjinga av albumet er unnagjort på hederleg måte, blir det etterkvart openbart at Molasses lid av ei ganske alvorleg form for idétørke her. Det heile framstår meir og meir som rein rutine av eit band som har levert langt betre saker før. Dei fleste låtane manglar difor ein utprega eigenheit, noko som gjev meg kjensla av å lytte til same låten gong på gong. Eit solid unntak er You Can't Win, ein låt Chernoff komponerte i kjølvatnet av 11/9 åttaket mot World Trade Center. Her fremjast det svært spøkelsesaktige stemningar og deskriptive linjer som "the east river is groaning/ when airplanes are exploding/ in the skylines falling limbs", blir møtt med det heller oppgitte koret; "old man, you can't win". Men dessverre er det langt mellom slike høgdepunkt. Blues-sporet Trouble in Mind, som blei utgjeve første gong på 1930-tallet av folkartisten Kid Prince Moore, får her ei lite sjarmerande oppdatering, medan Miss Peach Pawnshop, som visstnok er ein adapsjon av eit dikt skreve av den canadiske poeten Hilary Peach, kunne trengt enda meir bearbeiding. Der deira forrige utgjeving (omtalt som Slow Mass av enkelte kritiske røyster; også Slow-As-Molasses har blitt teke i bruk som skjellsord på rolege band) var ei behageleg affære, går Molasses utvilsomt på tomgang her.

Det er kanskje paradoksalt at eit album som i så stor grad er basert på fri improvisasjon frå svært kreative musikarar ikkje klarar å tilføre grunnmelodiane meir variasjon enn det som er tilfellet her. Dette kan sjølvsagt forsvarast med at det er den opprinnelege melodien, den opprinnelege "folk-feelingen" som Chernoff har skapt, som skal stå i framsetet. Personleg føler eg derimot at ein slik halvgjort fargelegging får ei meir negativ enn positiv effekt på det endelege produktet. Når ein musikalsk formel nyttast for første gong hoppar du kanskje i taket av glede, men når du får den servert ti ganger på rad er munnen din forma som øvste halvdel av ein sirkel.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Domenico+2/Kassin +2/Moreno +2 - Sincerely Hot

(Luaka Bop)

Tre musikere som ikke kjenner noen begrensninger leverer langt over pari.

Flere:

The Samuel Jackson Five - Same, Same, But Different
Sigur Rós - Takk