cover

Not Exotic

Dolorean

CD (2003) - Yep Roc / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Americana

Spor:
Morningwatch
Trade For Fire
Jenny Place Your Bets
The Light Behind My Head
Still Here With Me
So You're a Touring Band Now
Sleeperhold
Hannibal, Mo
Spoil Your Dawn

Referanser:
Damien Jurado
Ron Sexsmith
The Decemberists
The Standard

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Dolorous

Med enkle midler og i eit varleg, sørgmodig og litt einstonig leie dukkar også Dolorean ned i melankolien sine kjellarlokaler.

Som albumtittelen så korrekt indikerer; vi er ikkje inne på eksotiske marker. Oregon-bandet Dolorean frekventerer nemlig områder mange har vitja tidlegare. Her presenterer dei ni sangar om forliste forhold og andre triste hendingar. Med enkle midler og i eit varleg, sørgmodig og litt einstonig leie dukkar dei ned i denne ofte omsungne og mørke materien. Og det viser seg ganske fort at låtskrivar og frontfigur Al James er blant dei betre i klassen når det gjeld å skape truverdige og gode tekstar frå feltet. Langt meir på det jamne er imidlertid mannen i sin melodibygging.

Not Exotic er Dolorean sin debut i albumformat. Ein debut med stunder av gripande og stimulerande format. Men og ein debut med noko meir grå og anonyme sider. Her kan vi få oppleve sterke saker som The Light Behind My Head, med sine svale mandolin-linjer, funklande pianopartier og små, fine sangharmoniske innslag. Medan melodibildet dessverre er meir fargelaust i tilfeller som Sleeperhold og i Al James sine noko reserverte refleksjonar over temaet So You Want To Be A Rock'n Roll Star, kalt So You're a Touring Band Now.

Dolorean virkar først og fremst å være nemnte Al James sitt prosjekt, men han har med seg fire viktige samarbeidspartnarar på innspelingane. Jay Clarke (The Standand) er ansvarleg for all lyd som dukkar opp frå piano og orgel, og det er ein god del. Ben Nugent kostar meir enn han slår på trommeskinnene. I tillegg til å ta seg av produksjonen bidrar Jeff Saltzmann med basstonar samt litt gitar og mandolin spel. Medan Skip Von Kuske stryk fram fine cello-tonar ved ymse høve. Klarast og tristast dei første tretti sekundane av albumet. Morningwatch er nemlig velsigna med ein cello-intro som set vemodige spor etter seg. Og saman med sin etterfylgjar Traded For Fire utgjer den ein utmerka åpningsduo. Morningwatch med sine lavmælte forbannelsar omkring temaet søvnvanskar. Medan Traded For Fire på si side driv av gårde med fyndige pianoanslag i ein duvande stil. Og stort meir fortvila og sjølvdestruktiv enn hovedpersonen på denne er det vel knapt mulig å verta; "and father forgive me because I knew what I was doing, I set a snare for myself and fell headlong into ruin..."

Personleg kunne eg nok ønskt at Al og hans menn hadde tydd til litt meir snuskete tonar innimellom. Lydbildet blir i lengden litt for velordna, og står såleis i ein slags kontrast til dei uordna skjebnene som blir omtalt her. Kor som er, intensiteten i framføringa blir stort sett halde i hevd. Særlig gjeld dette på albumet sitt episke høgdepunkt Hannibal, Mo. Ein dyster affære med eit visst slektskap både tekstmessig og i melodiføring til Springsteen sin Nebraska-periode. Om den unge mannen som ikkje klarer å godta at hans elskede skal reise frå småbyen og søke utdanning, og tar henne med på ein symjetur der han forlet henne i hjelpelaus tilstand. Han blir satt inn for drap, og utanfor murane ventar jenta sin far med lovnad om hemn.

Not Exotic blir gitt få sjanser til å komme opp å puste inn optimismen sine friskare dufter. Men i si ferd gjennom dei mørke gangane utrettar den såpass til fengslande saker at ein sikkert kan gjere lurt i å merke seg dens opphavsmenn.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo