cover

Ring of Fire, The Legend of Johnny Cash

Johnny Cash

CD (2005) - Universal / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Rockabilly / Folk / Gospel / Americana

Spor:
Ring of Fire
I Walk the Line
Jackson
Folsom Prison Blues
A Boy Named Sue (Live)
Big River
Get Rhythm
Cry! Cry! Cry!
Hey Porter
A Thing Called Love
Guess Things Happen That Way
San Quentin
The Man In Black
The Highwayman
The Wanderer
I've Been Everywhere
Rusty Cage
Personal Jesus
Give My Love to Rose
One
Hurt

Referanser:
The Carter Family
The Louvin Brothers
Hank Williams
Elvis Presley
Bob Dylan
Merle Haggard
Kris Kristofferson
Willie Nelson
Waylon Jennings
Steve Earle
Nick Cave

Vis flere data

Se også:
Man In Black - The Very Best of Johnny Cash - Johnny Cash (2001)
Songs of Our Soil - Johnny Cash (1959)
Sings the Ballads of the True West - Johnny Cash (1965)
At Folsom Prison - Johnny Cash (1968)
Silver - Johnny Cash (1979)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Designa for cash (ikkje for Cash)

Endå eit kapittel i den aldri-avsluttande følgjetongen, korleis tene mest mogeleg pengar på ein avdød legende.

Er du på utkikk etter ei samleplate med Johnny Cash, ja då har du mange å velje blant. Eit kort augekast på diskografi-lista hans skulle tyde på nærare 300. Det er alt frå ulike Best of og Greatest Hits til meir tematisk funderte samlingar. Nokre er fleirdoble og rimelig omfattande, men dei fleste er enkle. Berre etter hans død i 2003 har det kome ut nærare 100 stykke. Har så The Legend of Johnny Cash (med tilleggs-tittelen Ring of Fire) noko å tilføye som ikkje alt er gjort?

Om denne samleplata vert det hevda frå ansvarleg utgjevarhald at det er den første som har med låtar frå heile Johnny Cash sin karriere. Med heile meinast ifrå han spelte inn sin første låt i Sun-studioet til Sam Phillips (1954) og fram til mannen sine siste innspelingar for American-labelen til Rick Rubin (2003). Det stemmer for så vidt, nesten. Her er låtar frå Sun-tida (1954-58), Columbia-tida (1958-1986) og American-tida (1994-2003), men her er ikkje med låtar frå åra på Mercury records (1987-91), utan at akkurat det kjennes som eit vesentlig sakn.

I løpet av dei nesten femti åra han helde det gåande spelte han inn fleire tusen låtar. Derav ein rekkje klassikarar. 60 minuttar med musikk, som dei har nøyd seg med her, kan ikkje på langt nær fange alt som må reknast som essensielt. Så då får ein heller rekne dette som eit forsøk på å mikse ein liten aperitiff for nybyrjarar.

Er det så dei rette 21 låtane som er valt ut? Ja om det vil nok dei Cash-entusiastiske stridast. Etter mi meining har dei vel treft bra med sånn cirka 2/3. Seks-sju låtar ville eg ha bytta ut, og samstundes ville eg nytta CD-kapasiteten fullt ut, og slik fått plass til fire-fem låtar til. Då kunne dette kanskje blitt ein slags kanonisert Cash-introduksjon.

Kva som burde blitt utelete? Først og fremst U2-låta The Wanderer. Vidare versjonen av Depeche Mode sin Personal Jesus. Her er vi forresten inne på eit av problema med plata. Den har eit litt irriterande preg av å vere designa mot folk som ikkje er så veldig opptatt av Johnny Cash, og som heller ikkje nødvendigvis har dei store tankane om å bli det. Folk som tenker cirka slik: Litt Cash-musikk i hylla kan jo vere kjekt å ha. For det er visst litt kredibelt det, no. Ja, også er det jo låtar av Soundgarden, Depeche Mode, U2 og Nine Inch Nails her. Tøft.

Rusty Cage (Soundgarden) og Hurt (Nine Inch Nails) ville eg nok likevel ikkje ha fjerna. Absolutt ikkje. Her gjer Cash det han var ein meister til, finn den dirrande sjela i ein sterk song, og gjere den heilt og halden til sin eigen.

U2 er forresten representert med ei låt til her, One. Og Cash sin versjon er bra den, den er likevel ikkje av eit slikt kaliber at den fortener plass på ei plate som tar ordet Legend i sin munn. Frå åttitals-samarbeidet med Nelson, Jennings og Kristoffersen er signaturlåta Highwayman med. Den er for mykje åttital, og for lite sjel, vekk med den. Han har også mange låtar som burde fått plass i staden for I've Been Everywhere, A Thing Called Love og June Carter-duetten Jackson.

Kva som burde få komme inn i varmen? Frå hans tidlegaste Sun-dagar kunne nok både Rock Island Line og So Doggone Lonesome vore inne, og frå hans første Columbia-album burde så absolutt både I Still Miss Someone og Don't Take Your Guns to Town blitt plukka ut. Den grovaste utelatelsen er nok likevel at den fantastiske The Ballad of Ira Hayes ikkje er med her. Peter LaFarge sin gripande historia om indianaren som går nedanom i selskap med whiskey-flaska, er etter underteikna si meining ein av Cash sine aller beste augeblikk. Albumet har gitt plass til to låtar frå den vidgjetne San Quentin vitjinga (San Quentin og A Boy Named Sue), men her er ingen frå den like så sterke Folsom Prison plata. Det kunne det godt ha vore. For eksempel Cocaine Blues og The Long Black Veil.

Johnny Cash starta 70-talet med å lage signatur-låta over alle signatur-låtar, Man In Black. Det vil seie, aller først gjorde han ein minneverdig versjon av Kris Kristoffersen sin bakrus-klassikar Sunday Morning Coming Down. Den burde ein ikkje ha svinga utanom. Seinare skulle ikkje tiåret bringe fram så altfor mange minneverdige Cash-augeblikk. Luther Perkins som heilt frå første stund hadde vore der med sin boom-chicka-boom gitar døydde allereie i 1969, og Cash sine samarbeidspartnarar utover syttitalet pakka mannen inn i eit langt mindre næringsrikt bilete. Ved inngangen til åttitalet kom det imidlertid ei plate verdt å få med seg, Rockabilly Blues. Det hadde absolutt gjort seg om til dømes den hutrande Cold Lonesome Morning hadde blitt huska når legenda skulle verifiserast. Tre år seinare gjorde han to Springsteen-låtar til sine eigne. Både Johnny 99 og Highway Patrolman høyrer så absolutt med til dei klassiske Cash-kutta.

Dei neste ti åra hoppar vi greitt over. Dei var ein gradvis nedoverbakke både kommersielt og kunstnarleg. På byrjinga av 90-talet var karrierebotnen nådd. Då dukkar det opp ein redningsmann. Rick Rubin tar Johnny Cash inn i sin pasjonerte American-varme, og brått vart den svartkledde igjen ein mann som alle uttrykte djup respekt for. Den første Rubin-produserte plata kom i 1994, bar tittelen American Recordings, og er ei levande røyst og ein akustisk gitar. Så enkelt, så sterkt. Då er vi framme ved ein annan stygg miss som konstruktørane av denne samlinga har gjort. Dei har ikkje tatt med ei einaste låt frå denne plata. Sjølvsagt burde det vore plass til både den gamle mordarlåta Delia's Gone, Nick Lowe-signerte The Beast In Me og Tom Waits-komposisjonen Down There By the Train.

Vel, no byrjar eg nok å få alvorlig plassmangel på min alternative samling. Men ein låt til er umogleg å komme utanom. Will Oldham sin fabelaktige I See a Darkness var med på den tredje av dei fire American-albuma. Cash gjer der ein versjon (saman med Oldham) som tangerer original-innspelinga. Det var berre slikt han gjorde.

Framleis står det mange fantastiske songar i kø og ventar på å bli nemnt, nok til både ein og to og sikkert tre CDar. Så å samle klassisk Cash-stoff på ein enkelt CD, for så å kalle det The Legend of Johnny Cash, det blir vel nesten å halde folk litt for narr.

Eg kunne ha nytta høvet til å gå inn i det dryge dusinet med låtar på samlinga som er verkelige klassikarar. Frå Cash med låtar som Hey Porter, I Walk the Line og skjebnetilfellet Folsom Prison Blues på myndig vis nagla sitt reinskorne og nonsens-frie Sun-sound i samarbeid med Sam Phillips og The Tennessee Two (gitaristen Luther Perkins og bassisten Marshall Grant), og fram til han som ein gammal mann avlegge den gamle klassikaren Give My Love to Rose ein skjelvande gjenvisitt. Trur likevel den store Cash-gjennomgangen skal få vente til ein endå meir høveleg anledning dukkar opp.

Som ei ekstra opplysing kan eg forresten nemne at det finst ein amerikansk versjon av denne plata, som er litt annleis. Den har eit anna cover (ein eldre Cash vandrande langs ein landeveg med gitaren i handa), den har ei anna låtrekkefylgje, og den har eit litt anna låtutval. Talet er det same, men fire låtar er ulike i dei to utgåvene. A Thing Called Love, San Quentin, Personal Jesus og One er ikkje med på den amerikanske, i staden får vi der Sunday Morning Coming Down, One Piece At a Time, Delia's Gone og The Man Comes Around. Ein essensiell ut og to inn, det gjer nok ikkje den store forskjellen.

Å karaktersette ei slik utgjeving blir på mange måtar meiningslaust. Her er meir enn nok soliditet til ein sikker groove-seksar, men dei skisserte skavankane ergrar. Ergrar ganske grovt, faktisk.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo