cover

My Heart Has a Wish That You Would Not Go Away

Aereogramme

CD (2007) - Chemikal Underground / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Orkesterpop / Softrock / Post-rock

Spor:
Conscious Life for Coma Boy
Barriers
Exits
Life Worth Living
Finding a Light
Living Backwards
Trenches
Nightmares
Running Man
You're Always Welcome

Referanser:
A Northern Chorus
Witness UK
Sweet Honey in the Rock
Poor Rich Ones
Coldplay

Vis flere data

Se også:
Sleep and Release - Aereogramme (2003)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Mjuke menn

Aerogramme har rydda vekk gammalt støy og endt opp som dei mest nystrigla gutane i klassa.

Smugtitting på tidlegare plater har overtydd meg om at skotske Aereogramme i sine beste stunder har ein del å fare med. Men der Glasgow-bandet tidlegare kunne finne på å inkorporere element av både hardcore-vræling og støy inn blant godsakene, har dei denne gongen lete bulderet frå gamle dagar fjerna seg heilt og endt opp som ei kjedelig og streit softrock-gruppe. Det verkar som om Aereogramme utelukkande har bestemt seg for å fokusere på det fine, pompøse og det grandiose, noko som i og for seg kunne vore greit om låtane holdt mål, men med My Heart Has a Wish That You Would Not Go (long og klønete tittel) er diverre ikkje det tilfellet.

Der finnast eit par grunnar til å like Aereogramme. Vokalisten Craig B har ei glasaktig og ven på-gråten-stemme det er lett å absorbere, ikkje ulikt William Hut når eg tenkjer meg om. Tematisk kretsar tekstane hans kring dei viktige tinga i livet. Han syng om kjærleiken, livet og døden, med slik tilsynelatande ærlegdom at det fordrar at ein tek han på alvor. På ingen måte den neste Robert Burns, men heller ikkje så altfor ille. Aereogramme lagar også det ein vel må omtale som "vakker" musikk, i alle fall musikk som innrettar seg mot å pleie dei meir skjøre sidene av menneskekroppen. Det er i så måte vanskeleg å la seg bli veldig støtt av dette her, men også vanskeleg å ta det heilt på alvor.

For det er fleire grunnar til å vere skeptisk til Aereogramme. "Påtatt føleri" var vel ei navngjeving vår skribent brukte når han skildra dei mindre velukka delane av førre Aereogramm-utgjevelse og eg ser ingen grunn til å skifte ut den termen med det første. No skal eg vere den første til å innrømme at ei runde med powerballader på full guffe i svake augneblink kan kjennast både medrivande, oppløftande og vilt romantisk, men der finnast sjølvsagt grenser også blant slike guilty pleasures.

My Heart Has A Wish... manar fram sin orkesterte softrock på lunt varsamt vis, der pianoet, gitaren og den som oftast nærværande konstellasjon av strengar markerar seg som viktigaste element. Lyden på plata er både ruvande og majestetisk, men kun ein ytterst sjeldan gong trøkkast det til i svingane.

Dei klisjeaktige bilda som farer gjennom skallen på meg når eg lyttar til bandet er følgande, for øvrig eit svakt tips til kommande musikkvideoar: Eit helikopter senkar både piano, gitarar og band ned på ei snørik fjellhylle der dei står balanserande med identiske kvite singletar og "arms wide open", sånn berre for å understreke at dette er ektefølt og inderleg. No skal ein vel ikkje dvele for lenge med slike unødige Creed-assosiasjonar, men heller spørge seg om ikkje parodialarmen burde gått av for lengst hos skottane.

Aereogramme har vel omtrent blitt dei penaste, mest nystrigla gutane i klassa, men det spørst om ikkje eit aldri så lite viltert opprør hadde vore på sin plass. Om eg får gi eit råd til lesaren, bør han eller ho heller la merksemda si ledast mot eit anna skotsk band aktuell med plate i desse tider, nemleg The Twilight Sad (spelar også på Øya Klubbdag 7. august). Der får du i alle fall den emosjonen, styrka og dynamikken Aerogramme så inderleg kunne trengt her.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Torgeir Waldemar: Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast...

Hardingfelepsykedelia
The Low Frequency In Stereo + Nils Økland = Hardingfelepsykedelia.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Synes vel ikke det var så...
26.11.14 - 10:37

Hei, jeg heter Adrian og er...
31.10.14 - 12:26

Svart/hvitt er i det minste...
25.10.14 - 07:37

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Torgeir Waldemar - Torgeir Waldemar

(Vestkyst)

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Tidligere:

Ought - More Than Any Other Day