cover

Strangers

Simone Felice

CD (2014) - Dualtone

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Countryrock / Soul / Gospel

Spor:
Molly-O!
If You Go to LA
Running Through My Head
Our Lady of the Gun
Bye Bye Palenville
Gettysburg
The Best That Money Can Buy
Heartland
Bastille Day
The Gallows

Referanser:
The Felice Brothers
The Duke & The King
The Band
Levon Helm
Bob Dylan
Dan Penn
Townes Van Zandt
Neil Young
Ryan Adams
Conor Oberst

Vis flere data

Se også:
Simone Felice - Simone Felice (2012)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Folksoul

Den enkle songen, dei evige tema, den sjelfulle røysta.

Framandfolk. Gjestene i livet vårt, eller dei som stod oss nær ein gong men har blitt fjerne med åra. I tråd med tittelen dukkar slike opp titt og ofte på det andre soloalbumet til Simone Felice. Men kanskje tittelen er meint å omfatte endå litt meir. På innsida av coveret står det trykt ein setning som antakelig, i denne samanhengen, handlar om å oppdage den framande i seg sjølv: "People think about who they really are in the stillest hour of the night". At ein i denne timen av kontemplasjon kjem til den erkjenninga at den ein framstår som i mange av dei resterande timane av døgeret der og då kanskje fortonar seg som ulike sortar av framandfolk.

Det er ikkje heilt opplagt, det er litt gåtefullt, men ikkje altfor komplisert. Om lag slik er mine tankar om songane til broren av dei andre Felice-brørne. Han som sa eit adjø til orkesteret dei hadde i hop etter den fjerde plata, spelte inn to plater under signaturen The Duke & The King, skreiv romanen Black Jesus, og som no altså for andre gong er her med eit album under eige namn. 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen. Der country møter folk møter rock møter soul. Simone Felice høyrer med blant desse som forvaltar denne arven på ein uttrykksfull og personleg måte.

Songane hans handlar om folk som prøver å gjere sitt for at dette livet som har blitt dei til del skal ha noko for seg. Folk som på ulikt vis er framande overfor kvarandre, men som ikkje nødvendigvis synst det er ein utprega god ting. "Give me something to believe in" ber songaren om ved ein anledning, "step on out of the mist" held han fram. Det er sjølvsagt ei kvinne han har i tankane. Ei med rødt hår dansande nedover brystet. "You've been running through my head" mannar han seg opp til å erkjenne idet han når fram til refrenget. Ei kvinnerøyst syng med, frå skuggen like bak. I ein ufattelig vakker ballade som ikkje minst tar for seg minner om den tida då ingenting virka å vere umuleg. Den gongen ho og han var overtydde om at dei til og med kunne lære "how to sing like Nina Simone".

I tillegg til framandfolk-elementet er det dei vanlige tema som utgjer gjennomgangsmelodien. Kjærleik, krig/vald og religion. I songar som spenner frå feelgood-kjensla i opningssporet Molly-O! til noko dunkelt og truande i Heartland. Meiningslause massedrap og håplause krigar miksa med ein dose kristendom er hovudtema i det rytmisk rakrygga nummeret Our Lady Of the Gun: "Did Jesus leave us to beat on our drum? They blow us to pieces in the low desert sun". Når Felice like etter kjem til Gettysburg, arena for eit blodig slag under den amerikanske borgarkrigen, handlar det derimot vel så mykje om kjærleik som om krig. Om eit intermesso med ei danseglad kvinne som songens hovudperson no i ettertid ser prøvde å lære han å gje litt blanke i det tunge alvoret som den gong hadde ramma han. Formulert til tonar som tar seg den fridom å danse lettbeint i popretning. Tilliks med denne er heller ikkje Bastille Day ei spesielt blodig affære. Den handlar i grunn særdeles lite om den franske revolusjonen. Igjen handlar det først og fremst om kjærleik. Om to som ikkje fekk det til å funke. Om ein som no minnast dette, og slenger ei stor bøn ut i tomme lufta om å prøve igjen, "on Bastille Day".

Simone Felice vaks opp saman med brørne sine nær Catskill Mountains nord for New York, i ein liten industriby med namn Palenville. I eit av høgdepunkta på plata stegar han inn og ut av fødebyen med ambivalens i blikket. Han manar fram bilde av å vere på flukt frå styggen sjølv, om å bli plaga av krypdyr i hjernen som held ein vaken natterstid, og om menn som sviktar borna sine, men som tilslutt, tilliks med alle, må møta skaparen sin åleine. Men han framstille også bilde som har idyll i seg, om forelsking, song, og barnefødsel. Han syng både "don't let me ever say bye bye Palenville" og eit definitivt "bye bye Palenville". Eit fleirdimensjonalt og melodisk velkomponert stykke musikk med eit piano og nokre strykarar i viktige roller.

Det er ein ikkje ueffen varme i dei fleste spora på albumet. Og i den grad plata har eit melankolsk vesen er det aldri av eit trykkande slag. Sjølv i avslutningssporet der hovudpersonen står ved galgen i vinterregnet, og døden er neste etappe, er ikkje tristessen mørkeleggande. Snarare tvert om. Det er ein song med gospel i seg. Ein song der han som skal avrettast syng "I am light as a sparrow, cause I'm on my way", medan bøddelen har sitt å strid med.

Simone Felice er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria, det overlet han glatt til andre. Men å servere 10 songar som på litt ulikt vis har sin verknad på sin lyttar (i alle fall denne lyttaren) er vel i grunn eit ganske så meiningsfullt virke det også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo