cover

On My Way to Absence

Damien Jurado

CD (2005) - Secretly Canadian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Folk / Countryrock / Poprock

Spor:
White Center
Lottery
Big Decision
Lion Tamer
Fuel
Simple Hello
Sucker
I Am the Mountain
Night Out for the Downer
Northbound
Icicle
A Jealous Heart Is a Heavy Heart

Referanser:
Will Oldham
Richard Buckner
Neil Young
Nick Drake
M. Ward
Dolorean

Vis flere data

Se også:
I Break Chairs - Damien Jurado & Gathered In Song (2002)
Where Shall You Take Me? - Damien Jurado (2003)
Where Shall You Take Me? - Damien Jurado (2003)
Just In Time For Something - Damien Jurado (2004)
And Now That I'm in Your Shadow - Damien Jurado (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ujamn sjalusi

Eit dugande men noko ujamnt album om dunkle kjensler.

Dette er ei historie om dei dovne, dei dugande og dei strålande. Dette er historia om On My Way to Absence.

Damien Jurado har uttalt at hans åttande album handlar om sjalusi. Denne mørke klumpen som ligg på lur i oss alle, og som av og til veks seg altfor stor og dominerande. På eit par unntak nær stemmer nok Jurado sin uttalelse. Det er berre det at han ikkje alltid klarer å gje desse skildringane eit næringsrikt tonefølgje. Eller for å være litt meir presis, songane til den velvaksne karen frå Seattle varierer denne gongen frå det rett så vinnande til det noko tafatte.

Vi startar på botn. Den ordknappe Big Decision byr på syntetisk trommelyd og eit stilleståande melodisk uttrykk. Lion Tamer er melodisk dusinvare. Icicle skildrar kommunikasjonsvanskar og blindt hat, men gjer det heilt utan melodisk dynamikk. Og at velformulerte tekstlinjer ikkje nødvendigvis treng bli stor musikk er Sucker eit godt døme på. Det var dei fire dovne.

Det finst som sagt eit par låtar her som ikkje handlar om sjalusi. Dei skildrar ikkje særleg oppløftande saker av den grunn. White Center er ei usentimental og likefram skildring av eit drap i nabolaget. Konsis i ordval og nennsam i melodisk eskorte. Simple Hello er Jurado som tar ein Neil Young etter å ha høyrt på Jason Molina. Frå same kjelder kjem I Am the Mountain, samstundes som gitarist og produsent Eric Fischer får bandet med seg på eit harvande Crazy Horse-opplegg. Den lealause Night Out for the Downer snakkar om kjensla av å vere "a sinking ship, tied to my lover's waist". Medan konkluderande A Jealous Heart Is a Heavy Heart har slektskap til I See a Darkness, men utan at Jurado skjær like djupt som Bonnie Prince Billy. Det var dei fem dugande.

Den andre låta ein ikkje kan binde direkte opp mot sjalusi temaet er den vesle tonesterke og poetisk treffsikre visa Fuel. Aleine med sin akustiske gitar syng Jurado sårt og nådelaust om den unge mannen som vender tilbake til heimstaden og mora for å finne tilgjeving for noko som skjedde år tilbake. Grunnen er nokså ustabil under hovudpersonen i Northbound også, som er åtte vakre linjer i eit varleg Nick Drake-lende gjort på 1 minutt og 38 sekund. Høgdepunktet er nok likevel Lottery der Rosie Thomas bidrar med utfyllande harmonisong. Ei låt Damien hevdar har sprunge ut av tårene til enka til fyren han syng om. Ein uheldig fyr, men om det er han eller forteljaren som er den usympatiske vert eg ikkje klok på. Eit glødande og briljant fasettert nummer er det i alle fall. Det var dei tre strålande.

Ei svale gjer ingen sommar heiter det. Hmmm, det gjer nok ikkje tre heller.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo