cover

Tom Cruise

Ill Lit

CD (2006)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Poprock / Elektronika

Spor:
Across Country
Satan's Doing Fine Without Me
Worth the Wait
The Ghost of Presston Brown
Los Angeles
The Bridge In Tracy
The Homewrecking Ball
This Is Not a Good Time
The Pale Spiritual
You Left After Work

Referanser:
Holopaw
Grandaddy
Clem Snide
Wilco
Shivaree
Boards of Canada

Vis flere data

Se også:
WACMusic - Ill Lit (2002)
I Need You - Ill Lit (2004)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Knitter og twang

Tredje framstøyt med elektronica-utfordra countryrock/pop frå denne LA-trioen.

Eg må innrømme at det gjekk med nokre sekundar til stum undring over kva redaktøren hadde funne på å sende meg, når eg fekk auge på denne inni ei forundringspakke for ei tid tilbake. På ryggen til platecoveret står det Tom Cruise, og framsidebildet viser nakken på ein fyr som veldig vel kan vere den kjente scientolog og skodespelar. Då eg bretta opp coveret oppdaga eg imidlertid ingen teikn på glamour, i staden eit svakt lys, samt eit par namn eg meinte å ha sett før i ein eller annan samanheng. Eg gløtta bort på sjølve CD-plata, og der, like over det famøse namnet står det Ill Lit. Ting byrjar å dette på plass.

For var ikkje Ill Lit det der bandet som sprita opp dei countryinfiserte poprock-tonane sine med litt elektronisk knitter og knas? Eg er ikkje komme så mange sekundane inn i opningssporet før det som skulle vere igjen av tvil er forsvunne. Across the Country er ein klassisk countryrock-ballade. Teksten har sitt solide monn av vemod, lengsel og sjølvøydeleggjande fakter. Spartanske organiske lydar løftar tonane skånsamt fram. Den vesle forskjellen kjem for dagen når korte sprakande elektroniske støyt etterkvart får lov å bringe litt uorden i sakene. Kledelig uorden.

Tom Cruise er Los Angeles-trioen sitt tredje album, og det fylgjer eit spor som kretsar rundt i det same landskapet som forgjengarane. Eit spor band som Clem Snide eller Holopaw kanskje hadde virra seg innpå etter ein liten harmlaus klinsj med Wilco eller Grandaddy. David Ahearn er stadig den fremste stemma, men ein av bandet sine tre grunnleggjarar, Benjamin Provo, har takka for seg sidan sist. Inn i hans stad er det komme ein fyr som kallar seg David J. Han styrkar den songharmoniske faktoren i bandet, og er såleis medansvarlig i å føre uttrykket deira eit lite hakk nærare den gamle vestkyst-harmonien. Best effektuert i sensible og vakre Satan's Doing Fine Without Me og i den drivande poplåta Los Angeles.

I eit par av spora, Worth to Wait og The Homewrecking Ball, er det elektroniske såpass dominerande at det kan minne litt om 90-talet sin trip-hop lyd, men stadig med country-tonen som grunnelementet. Ill Lit kan i desse to minne litt om eit anna California-band, det ikkje altfor vidgjetne Shivaree. Det er vel ikkje mange som har miksa trip-hop og country/folk like overtydande som det dei gjorde på sitt fabelaktig titulerte debutalbum frå 1999, I Oughtta Give You a Shot in the Head For Making Me Live In This Dump. Det gjer ikkje Ill Lit heller.

Ein kan kanskje ha Ill Lit mistenkt for å ty til elektronisk krydder for å dekke over at grunntonen i låtane deira spenner over eit litt vel trongt og lite variabelt register. I tillegg kan ein kanskje riste dei litt for at eit par-tre av låtane har eit visst skissepreg. Når dei er på sitt beste derimot, som dei trass alt er på fleire av spora her, klarer dei å skape tonar og bygge dynamiske arrangement ein absolutt finn hugnad i. Så får det heller vere at eg aldri fant utav kva Tom Cruise hadde med dette å gjere.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo