cover

Dan in Real Life (OST)

Sondre Lerche

CD (2007) - Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Filmmusikk / Orkesterpop

Spor:
Family Theme Waltz
To Be Surprised
I'll Be OK
Dan and Marie Picking Hum
My Hands are Shaking
Dan in Real Life
Hell No
Family Theme
Fever
Airport Taxi Reception
Dan and Marie Melody
Human Hands
I'll Be OK (Instrumental Reprise)
Let My Love Open the Door
Dan and Marie Finale Theme
Modern Nature

Referanser:
The Beatles
Beach Boys
Simon & Garfunkel
Cole Porter
Cat Stevens
Elvis Costello
a-ha
Badly Drawn Boy
Ed Harcourt
Julian Berntzen
Ephemera
Air

Vis flere data

Se også:
Faces Down - Sondre Lerche (2001)
Two Way Monologue - Sondre Lerche (2004)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Be prepared to be surprised!

'I often think the reason we made Dan in Real Life is so more people can hear Sondre's music.'

"I often think the reason we made Dan in Real Life is so more people can hear Sondre's music," seier regissør Peter Hedges i heftet til dette albumet. Det skulle ikkje forundre meg om denne skiva legg grunnlaget for Lerches verdsherredøme.

Dette er alt anna enn kvardagskost. Ein nordmann har laga soundtracket til ein Hollywoodfilm i sin heilskap, så å seie. Sondre Lerche, vidunderbornet frå Bergen, er med denne utgjevinga i ferd med verkeleg å feste grepet i Statane. Her får me 16 låtar, 15 av Sondre sjølv, samt eit lite innhopp av det nye stjerneskotet A Fine Frenzy, alias Alison Sudol. 13 av songane har han laga sjølv, medan me får ein fresig cover av Pete Townshends eviggrøne Let My Love Open the Door og Elvis Costello si jazzperle Human Hands mot slutten av albumet. For Lerche-puristar og samlarar må det også seiast at ikkje alle songane er originale på albumet. Modern Nature, Airport Taxi Reception og den allereie nemnde Human Hands har allereie vore utgjevne på tidlegare plater. Men dette er for bagatellar å rekne, og dette er på alle måtar ei plate som sparkar og gjev meining, sjølv om me enno ikkje har sett filmen her på berget.

Forutan låtane med tekst, dei vaskekte poplåtane, inneheld albumet også som seg hør og bør eit soundtrack fleire instrumentalspor. Her må ein innrømme Lerche for å ikkje gått i fella med å lage det altfor intrikat og vanskeleg tilgjengeleg. The Score, som desse snuttane heiter på filmspråket, er derimot lett gjenkjennelege variasjonar over det same temaet og greier å formidle ein slags tragikomisk stemning som ein kan tenke seg, sjølv utan å ha sett filmen, vil passe godt til ein romantisk komedie. Det slår ein at dette står ganske så mykje i stil med Badly Drawn Boy og hans arbeid på soundtracket til About a Boy. Her skal det seiast at Sondre Lerche har laga eit produkt som, i alle fall i denne platemeldaren sine augo, høyrast meir inspirert og svoltent ut enn det Badly Drawn Boy i si tid gjorde.

Av dei andre songane på albumet må ein seie at spesielt to peikar seg ut som framifrå, og som kanskje noko av det beste i den unge bergensaren sin etterkvart veksande katalog. To Be Surprised, den poppette dittyen han gjorde stor lukke med på David Letterman Show nyleg, er Sondre Lerche på sitt mest vitale, både tekstleg og musikalsk. I ei herleg leiken blanding av country, pop og jazz, og med eit vokalsprang i brua som er tydeleg inspirert av ein viss Morten Harket, leverar han sin kanskje sterkaste komposisjon til dags dato. Ei fryd for øyro. Her skal også backingbandet, The Faces Down, berømmast. Særleg Kato Ådland sine herlege gitarfigurar er med på å løfte songen til, med fare for å bli altfor panegyrisk, stratosfæriske høgder.

Hell No er ein overraskande lett og ledig duett med kritikaryndlingen Regina Spektor, der teksten er ei samtale mellom mann og kvinne og speglar handlinga i filmen, der Dan Burns (i Steve Carrells skikkelese) fell pladask for broren sin kjæraste (Juliette Binoche). Særskilt fornøyeleg er biten der Regina Spektor syng Be careful you fool, there are certain rules, even for a fellow like you. Sondre har verkeleg vokse som tekstforfattar, og me slepp dei fleste av flosklane og litt sære ordspela som, til dels, besudla Faces Down og Two Way Monologue.

Det er i utgangspunktet vanskeleg å tenke seg denne musikken i ein film der dei leiande rollene blir spela av henhaldsvis crazykomikar Steve Carrell og feinschmecker-karakterskodespelar Juliette Binoche. Berre rollesamansetjinga er nok til å få dette prosjektet til å høyrast ganske så fascinerande ut. Regissør Peter Hedges høyrde etter sigande gjennom hundrevis av demoar frå singer/songwriters, men enda opp med å stadig kome attende til Lerche sine songar. Då han til slutt møtte guten blei han fælen over kor ung han var, noko som også kan ha gjort utslaget positivt. "I knew nothing about him, assumed he was my age, only to learn he was young enough to be my son", seier han om episoden.

Det er ofte eit lurt trekk av filmskaparar å la ein og same mann lage all musikken. På den måten kan ein også vere med på å integrere musikken sterkare til filmen og gjere produktet meir heilstøpt. Det er nok å nemne Harold and Maude og musikken til Cat Stevens, eller The Graduate med den minneverdige musikken som Simon & Garfunkel stod for. Sondre Lerche står ikkje attende for nokon av desse lydpspora.

Det er heller tvilsamt om Dan in Real Life blir ein like klassisk film som, til dømes, The Graduate, men det er i alle høve ikkje nordmannen si skuld. Han har levert ei framifrå popskive med ei herleg distanse til det heile. Det er ikkje så 'big deal' med Hollywood verkar det som, og det er ei sunn innstilling. Det gjenstår å sjå om dette gjer Sondre Lerche til superstjerne i USA, men det skulle ikkje forundre meg om dette er augneblinken der Noreg får ei ny verdsstjerne.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Gwen Stefani - Love. Angel. Music. Baby.

(Interscope)

Årets album er her. Gwen Stefani har kastet gutta på dør og leverer på egenhånd. Girl, you've got style!

Flere:

The Megaphonic Thrift - Decay Decoy
Sharon Van Etten - Tramp