cover

Octopus

The Bees (UK)

CD (2007) - Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Funk / Blues / Reggae / Ska / Countryrock / Folkrock / Psykedelia / Poprock / Jazzpop

Spor:
Who Cares What the Question Is?
Love in the Harbour
Left Foot Stepdown
Got to Let Go
Listening Man
Stand
(This Is for the) Better Days
Ocularist
Hot One!
End of the Street

Referanser:
The Coral
The Beta Band
The Aliens
Super Furry Animals
Happy Mondays
The Grateful Dead

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Varmblodige rytmar

Ein stilmiksande og eldfull seanse frå ei sydhavsøy utafor Southampton.

Det er ei kjent sak at bier trivst best, og arbeidar mest iherdig, når sola varmar og blomane blømer. Derfor er det kanskje ikkje så underlig at musikken som Isle of Wight banden The Bees spelar er av det slaget som høver aller best på dei dagar då sveitten renn sjølv om ein berre er ikledd ein shorts.

Sunshine Hit Me heitte det då dei platedebuterte for fem år sidan. Og lyden var laidback, og lyden var så mykje. Pop, reggae, jazz, funk og fuzz i ein psykedelisk blanding. Alt gjort i reidskapsboda til frontfigur Paul Butler. Bandet fekk såpass til merksemd (mellom anna ein Mercury-prize nominasjon) at når neste plate (Free the Bees) skulle spelast inn hyra gjengen plass og tid i Abbey Road-studioet. Om det var atmosfæren der som gjorde det skal ikkje eg ha ei klar meining om men lyden av The Bees tok i alle fall ein Kinks/Beatles/Itchycoo Park dreiing, og kom i kjappare og noko meir skrålande former.

På Octopus er bandet igjen tilbake på øya sør for Southampton. Denne gongen i eit lydstudio som Butler har laga heime hos seg sjølv sidan sist. Og skal eg prøve å plassere denne i eit eller anna forhold til dei to andre albuma, så trur eg den må få plass sånn cirka midt imellom. Sjølv om det å forsøke å plassere The Bees er ei alt anna enn enkel oppgåve. For dei fyk stadig rundt og sankar inspirasjon frå heile blomsterenga, og vel så det. Ein inspirasjon dei omset i fleire gnistrande låtar (og to-tre parentesar).

Dei swingar det i gang med å stille spørsmålet Who Cares What the Question Is? Ein novelty-song med bluesfrisk slide-gitar. Den er artig 1, 2 og 3 gonger, men så blir ein litt lei den. Love In the Harbour derimot har stayerevne. Og då snakkar vi countryrock som kunne kvalifisert til ein plass på Workingman's Dead. Kombinasjonen tilbakelente vers, forrykande refreng og det essensielle spørsmålet "is there any love on the harbour?" har i alle fall gått rett heim her i stova.

Den verkelig sydande stemninga er det imidlertid låtparet Left Foot Stepdown og Got to Let Go som sørgjer for. Til saman ti minuttar som miksar ska, jazz, samba, afrofunk og reggae på eit så sløyt vis at det nok kan kalle fram dei heitaste av øvingar "when the sun meet the night". Blåsarar, feite orgeltonar, eit uimotståelig groove og ein historie om ein som har "the blood of a family man" og derfor, av ein eller annan grunn, har fått seg jobb som gartnar i ein park i Texas for å spare seg opp pengar til ein Lexus. Absurd bra.

Desse to har ein litt meir pop-prega funk-fetter i (This Is For the) Better Days. Ei medrivande oppfordring om å ikkje bli "caught up in time already down the drain", men heller la moralen ta ein pause og stemme i det saliggjerande og sløyt jumpande refrenget; "it's allright now, it should have really happened, well it's allright, this is for the better days".

Jada, eg ser det. Det er eit refreng skapt for allsong og eggande dansefakter, og ikkje for å bli referert i skriftleg form. Så la oss kaste av oss analysefrakken og hive oss i dansen.

For det er sommar, og biene summar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo