cover

At Mount Zoomer

Wolf Parade

CD (2008) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Poprock / Post-punk / Prog / Punk

Spor:
Soldier's Grin
Call It a Ritual

Language City

Bang Your Drum
California Dreamer
The Grey Estates

Fine Young Cannibals
An Animal in Your Care
Kissing the Beehive

Referanser:
Sunset Rubdown
Swan Lake
Handsome Furs
Frog Eyes
Modest Mouse
Built to Spill
Arcade Fire
Clap Your Hands Say Yeah
Destroyer
David Bowie
Television

Vis flere data

Se også:
Apologies to the Queen Mary - Wolf Parade (2005)
Apologies to the Queen Mary - Wolf Parade (2005)
Wolf Parade - Wolf Parade (2005)
Expo 86 - Wolf Parade (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein ny parade

Paraden går med litt stødigare skritt gjennom eit meir komplekst landskap denne gongen, men energien er der, og den melodiskapande evna med.

Den første lange paraden var etter seiande full av Apologies to the Queen Mary, men dens fremste kjennemerke var no like fullt at den hadde form som ein vilter og ikkje alltid like fokusert sparringskamp mellom dei to frontmennene Boeckner og Krug. Når denne åtferda i tillegg fekk kraftfull backup av deira medmarsjerande, ja så vart det heile til eit nokså tøyleslaust opptog. Tøyleslaust og hektisk, men definitivt med eit vinnande vesen.

Når gjengen no i desse dagar er ute og paraderer att har dei justert ein del på bevegelsesmønsteret. Den hektiske sparringa er erstatta av meir samordna, om enn ikkje alltid like enkle, dansetrinn. Førre gong hadde dei sine balansevanskar. Denne gongen har dei eit stødigare ganglag. Ja ein kan vel enkelt seie at dei har modnast ein del. Vekke er mykje av det ungdommelige pågangsmotet og den unektelige sjarmfaktoren. Fram på avenyen kjem i staden ein gjeng med større kompleksitet i uttrykket, og ei hakket skarpare utvikla melodiskapande evne.

Eg var aldri inne på tanken å definere Wolf Parade som ei prog-akt førre gong. Langt i frå. Men tanken har meir enn streifa meg denne gongen. Det spretne og popslekta i store deler av melodimønsteret deira, samt eit tidvis nesten manisk postpunkslekta sinnelag, forpurrar imidlertid dei fleste tankar på at det er det dei først og fremst har blitt. Eg tenker vel helst på dei som eit orkester som mitt oppe i sitt mangslungne opplegg ikkje har gløymt bort verdien av å gje hovudrolla til den melodiske grunntonen.

Wolf Parade har sine eigenrådige trekk, men dei driv ikkje med innovasjon. Dei ferdast der andre har vore før. Aller oftast finn ein dei i det stormande landskapet der Built to Spill og Modest Mouse ofte plar gjere opp sine rekneskap. Men dei er heller ikkje framande for å ta ein Bowie her og der. Og i opningssporet liknar dei sannelig meir på Television enn noko anna. Utan å skjemme seg bort av den grunn.

Nei då, Soldier's Grin er eit inspirert stykke musikk det, som startar ut i drivande former før den halvvegs skaper seg om til ein seigare trave. Vokalisten syng ein desillusjonert soldat sin song, og vokalisten heiter Dan Boeckner. Noko han heiter på om lag halvparten av albumet. På den andre halvparten kan vi høyre den noko meir strangulerte røysta til Spencer Krug. Overgangane dei to imellom har eit mindre divergerande vesen på At Mount Zoomer enn kva som var tilfelle på debuten. Eg tykkjer ikkje det er noko minus.

Blant Spencer Krug sine bidrag utmerkar den skarpsindig varierte California Dreamer seg. Låta har lite tilfelles med tonar vi helst forbind med den staten. Med sine sprang frå det tandre til det pågåande er den vel snarare albumet sin fremste eksponent for lys/skygge effekten. Og så har den eit refreng som er fullstendig "postpunk-1979"; Oh I think I might have heard you on the radio, but the radio waves were like snow.

Albumet sitt mest catchy spor er det Boeckner-fronta "Bowie via Jarvis Cocker"-tilfellet The Grey Estates. Tett fulgt av Krug sin kåte og popfunky Bang Your Drum, nok ein gong med eit refreng som markerer seg; oh do they beat that drum to get you back home, or do they beat it to keep you away?

Til slutt slår dei to seg heilt og fullstendig saman i eit episk opplegg kalla Kissing the Beehive (som på eit tidspunkt også var tiltenkt som tittel for albumet). Her duetterar og duellerar dei i pasjonerte og fasetterte former. Om høgt heva overmot og armodsfull anger; "you held your cap in the air and called it a guitar, you put your face on the glass and called it good cinema".

At Mount Zoomer kjennes kanskje litt brattare å entre enn debuten, men har endå litt meir å by på. Så eit par litt fargelause spor til trass (Call It a Ritual og Language City), ingen grunn til å la ulvane paradere forbi utan å slenge seg med denne gongen heller.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo