cover

The Wonder Show

Wendy McNeill

CD (2006) - DetErMine / V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Folk

Spor:
Restless
Carnation
When the Letter Came
Holly O
Living Was Wild
Nemesis
Such a Common Bird
Treasure
Beyond Longing
Absolute Beauty

Referanser:
Ane Brun
Joni Mitchell
Laura Nyro
Victoria Williams

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ei dame, eit trekkspel, og litt til

Sist høyrt saman med Ane Brun, her serverer ho trekkspel-draperte tonar innafor eit noko smalt skjema.

Den første gongen eg høyrte Wendy McNeill var ho ein av duettpartnarane til Ane Brun på denne sin Duets frå 2005. Songen Such a Common Bird var definitivt ein av dei finaste augeblikka på den plata. Derfor var det ikkje heilt utan forventningar eg møtte opp til The Wonder Show.

Dette er ikkje det første albumet til Wendy, det er det fjerde. Sine første musikalske krumspring gjorde ho i heimbyen sin Edmonton, midt i hjerta av det Canadiske ishockeyland. For nokre år sidan slo ho seg ned i Paris, hamna på turne med svenske The Tiny og Ane Brun, noko som i neste omgang førte til innspelingar saman med svenske musikarar og utgjeving på Brun sin label DetErMine records. Sånn, det var ein kort biografi, over til den musikalske seansen.

Blir forventningane innfridd? Vel, delvis trur eg vi må seie. Med trekkspel som hovudinstrument og ein akustisk gitar som andreval presenterer ho ti låtar i eit lydsnautt og noko tonetrongt landskap. Artistar med særdeles utstrålande evner kan komme i frå slikt på utsøkt vis. Wendy McNeill er vel ikkje heilt der. Such a Common Bird dukkar opp her også. Utan Ane Brun denne gongen, men like bra. Ei låt som kombinerer det intense og det yndige. "I am a lone wolf, a beauty and a beast, both hunter and hunted, soft tongue and sharp teeth". Kontrastar, dilemma, kjærleik og hat. Strykarar og blåsarar, men i nennsame former. Først og fremst er det røysta til Wendy, tiltalande tonar og eit trekkspel. Trekkspelet ja, det drar seg gjennom nokre vene melodilinjer her og der, men det ligg også som ein perkussiv frontfigur med sine "oh-pa-pa" eller "oooh-pa-pa-pa" eller "oha-oha-oha". Det kan bli litt trøyttande innimellom.

Wendy McNeill har tradisjonen som Joni Mitchell og Laura Nyro var med og forma for snart 40 år sidan i årene sine, men ho gjer sakene sine på eit meir primitivt og likefram vis. Det er enkel orkestrering, og det er enkle melodiske løysingar. I låtane der ho nyttar den akustiske gitaren som fremste fylgjesvenn, nyttar ho også den meir som ein perkussiv tingest enn ei melodiøs kjelde. Det er viser i ei cabaretform, chansons og ei dame med mot. Samstundes som det er enkelt, kan det kanskje også vere litt vanskelig å bli heilt fortrulig med lyden av henne. Den har kantar og motstand meir enn den stryk med håra. Vanskeligast i så måte er nok Nemesis med sitt knokkelsnoande og retningsendrande arrangement. Fyrig sak forresten, oppdagar ein når ein har gått nokre rundar med den.

Ho syng om mellommenneskelige tildragingar, men hamnar sjeldan i rolla til den tandre kvinna. Langt meir står ho fram som den sterke, den som slår tilbake. Ho syng om kvinner som slo seg fram som gullgravarar i Alaska på tampen av 1800-talet (Where the Living Was Wild). Og ho syng om ho som hevdar å ikkje vere redd einsemda fordi "her mind gives her more than her lovers" (i den allsong-kallande Holly O).

Ho kan kanskje til tider virke vel teatralsk. Og ein kunne nok ønska seg eit noko breiare og meir rikhaldig tonemønster. Likevel, det skjer saker og ting på The Wonder Show som gjer det verdt billetten. I alle fall den litt billigare på dei bakre radene til venstre for midtgangen.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo