cover

Love 2

Air

CD (2009) - EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Elektronisk

Stiler:
Elektropop / Chillout

Spor:
Do the Joy
Love
So Light Is Her Footfall
Be A Bee
Missing The Light of the Day
Tropical Disease
Heaven's Light
Night Hunter
Sing Sang Sung
Eat My Beat
You Can Tell It to Everybody
African Velvet

Referanser:
Pink Floyd
Tangerine Dream
Jean-Michel Jarre
Vangelis
Röyksopp
Kraftwerk
Serge Gainsbourg

Vis flere data

Se også:
Premiers Symptomes - Air (1999)
The Virgin Suicides [Soundtrack] - Air (2000)
10000 Hz Legend - Air (2001)
Talkie Walkie - Air (2004)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Fransk Floyd

Frankrikes svar på Pink Floyd og deira beste bidrag til internasjonal popmusikk er attende med sitt beste album sidan klassikaren Moon Safari.

På sitt beste er franskmennene Jean Benoit-Dunckel og Nicolas Godin blant dei ypperste popsmedane me har på denne sida av Atlanteren. Deira samansmelting av fransk popeleganse, chansontradisjonen, kjøleg electronica og psykedelia gjer dei til eit spennande musikalsk bekjentskap. Difor har det vore sørgeleg at dei til tider har rota seg vekk og blitt litt for navlebeskuande og utgjort søte og naive på nokon av dei føregåande utgjevingane sine.

Historien gjentek seg ofte når det kjem til popmusikk. Mange band debuterer altfor bra og får sidan problem med å følge opp førsteskiva. Me har mange døme på dette. A-ha si plate Hunting High & Low er eit, Oasis si Definitely Maybe-skive eit anna. Det er fleire årsaker til dette. Mange gonger blir rett og slett presset for stort og ein greier ikkje å levere dei musikalske varene på dei neste utgjevingane. Andre gonger er rett og slett platemeldarane nådelause og godtek ikkje avvik frå suksessformelen. Den tredje vanlege årsaken er at bandet sjølv bestemmer seg for at dei må vidare og dermed støyter frå seg publikumet sitt. Air er eit av desse banda som stadig blir konfrontert med suksessen til debutalbumet sitt. Moon Safari har vore med oss sidan 1998 og er stadig rekna som eit av dei store chill-out albuma frå forrige tiår. Single-hitar som Sexy Boy, Kelly Watch the Stars og All I Need er stadig å høyre både på tv, filmar og i reklamer. Andre låtar på albumet, kan hende særleg Ce Matin-La, er blitt kulthitar som lever sitt eige liv. Likevel, i staden for å pushe Air opp til vidare stratosfærisk suksess så har Moon Safari blitt eit slags evigvarande spøkelse for duoen. Eit uoverstigeleg kvalitetsmerke dei aldri vil klare å matche i deira vidare karriere.

Dette er på mange måtar særs urettferdig. Air er eit eksperimentelt band som er så mykje anna enn eit knippe på 10 låtar frå slutten av 90-talet. Dei har levert soundtracket til Hollywood-filmen The Virgin Suicides, bidrege til storfilmar som Lost in Translation og Marie Antoinette. I tillegg har dei utgjeve fem til tider sterke album mellom 2001 og 2007.

Eg skreiv ovanfor at dei til tider har rota seg bort på desse, og det er ikkje til å kome frå at einskilde blemmer har førekome. Songar som Surfing on a Rocket, People in the City og Universal Traveller for å nemne nokre vil vel ikkje akkurat gå inn i bøkene som "udødelige klassikere". Likefullt, Dunckel og Godin har gjort mykje godt på desse albuma og i andre samanhengar. Dei har samarbeida med nokon av verdas beste popmusikarar, som Neil Hannon frå The Divine Comedy, Jarvis Cocker, trommefantomet Tony Allen og Charlotte Gainsbourg. Dei har dessutan eksperimentert med nye lydar og klangar og dermed kreert eit lydlandskap som er unikt og umiddelbart gjenkjenneleg.

Det er difor med høge forventningar denne meldaren sit med Love 2, Air sitt første album sidan 2007, mellom hendene. Rapportane har villa hatt det til at dette albumet er eit slags nikk tilbake til sounden frå Moon Safari-tida. Desse rapportane kan eg ikkje umiddelbart seie meg samde med. Det er definitivt tilløp, særleg i spor som førstesinglen Sing Sang Sung og Pink Floyd-pastisjen So Light Is Her Footfall. Likevel er det her spor som høyrest meir ut som om dei kjem frå Talkie Walkie-perioden, ikkje minst Missing the Light of the Day.

Dette er heldigvis ikkje det aller viktigaste. Det som er viktig er at me kan melde at franskmennene har begått sitt mest heilstøypte verk sidan debuten.

Her kjem perlene på rad og rekke, frå solskinn og glede i den utruleg fengande europop-songen Sing Sang Sung til vakker melankolske tonar i Heaven's Light og psykedelisk rockefeeling i So Light Is Her Footfall. Dunckel og Godin spelar denne gongen alle instrumenta sjølv og Dunckel syng på sitt sjarmerande fransk-engelske vis, komplett med sinnsjuk lesping som absolutt kjem til sin rett på Sing Sang Sung: "Sing Sang Sung sing me a song […] Please please please don't be so long." Den einaste utenforståande som har blitt invitert med er den dyktige trommeslagaren Joey Waronker som gjer ein fabelaktig innsats med eit usedvanleg beherska og behageleg trommespel som verkeleg er med på å fargelegge albumet.

Ein fellesnevnar gjennom heile karriera til Air er den cinematiske sounden. Dette blir på alle måtar vidareført på Love 2. Det er store lydlandskap som blir måla i hovudet på lyarane, enten gjennom spretne uptempo-instrumentalar eller jazz-aktige songar som Tropical Disease og African Velvet. Ein kunne nesten mistenke at bandet hadde eit filmscript dei laga musikk til gjennom heile albumet, for dette er verkeleg filmatisk og "music for the silver screen" heile vegen gjennom.

Alt i alt er dette eit album som står som ein påle, med eller utan ein film å setje musikken til. I denne platemeldaren sine augo er dette blant dei beste albuma til duoen. I ljos av Moon Safari sitt rykte er det vanskeleg å setje Love 2 opp mot det og det ville heller ikkje ha vore riktig. Det ein likevel kan seie om dette albumet er at det, akkurat som Moon Safari, står løpet heilt ut og ikkje inneheld eit einaste svakt spor.

Alle som det siste tiåret har forelska seg i Air sitt lydunivers går ein flott haust i møte.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Sufjan Stevens - The Age Of Adz

(Asthmatic Kitty)

Ikke engang Sufjan Stevens kommer seg unna med autotune, men heldigvis er de seksti minuttene før sjokket av ypperste klasse.

Flere:

Koop - Waltz for Koop
Mulatu Astatke & The Heliocentrics - Inspiration Information