cover

Time For Heroes: The Best of the Libertines

The Libertines

CD (2007) - Rough Trade / Indie

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Garasjerock / Punk / Poppunk

Spor:
Up the Bracket
Time For Heroes
Mayday
Don't Look Back Into the Sun
Tell The King
What Katie Did
Can't Stand Me Now
What a Waster
The Delaney
Boys in the Band
Death on the Stairs
I Get Along
What Became of the Likely Lads

Referanser:
The Kinks
The Rolling Stones
The Clash
Ian Dury & the Blockheads
The Sex Pistols
Oasis
Babyshambles
The Jam

Vis flere data

Se også:
Up the Bracket - The Libertines (2002)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Grei oppsummering

Dersom du likar britisk garasjepunk med innhaldsrike tekstar kan dette vere ei grei innfallsport til eit til tider fornøyeleg band.

Det var faktisk ei tid der Pete Doherty var like opptatt av å lage musikk som det han sidan har blitt i å forderve seg sjølv med narkotiske middel og lovbrot av forskjellig art. Såleis blir dette eit interessant testamente over ei tid der han var ein oppfinnsam låtskrivar, ikkje minst på tekstsida.

Etter The Libertines har ikkje Doherty makta å hatt den same brodden i korkje penn eller akkordar, der han meir eller mindre friviljug har vore meir oppteken av å vere i rettsalen for sine krumspring, sitt av og på forhold til Kate Moss og ikkje minst bli feilaktig framstilt som det nye store tragiske britiske geniet i britisk musikkpresse.

La oss rette opp det med ein gong. Pete Doherty er så visst ikkje noko tragisk geni. For å bli det må du vere genial til å byrje med, og han er ikkje blant dei musikarane som har funne opp krutet. Men saman med sin tidlegare låtskrivarmakker Carl Barat er han ansvarleg for ei handfull fornøyelege pop-punk låtar.

Time For Heroes opnar med eit primalhyl på flotte Up the Bracket, tittelsporet frå debutalbumet. Her setjast standarden for denne samlinga som har teke med seg det grøvste av singlane fram til What Became of The Likely Lads, som ironisk nok var deira siste singel før Doherty forsvann inn i dophelvetet.

Kva har så denne samlinga å tilby i mellom desse? Her får me tretten låtar, der referansar som særleg The Clash, The Kinks, Oasis og Ian Dury renn ein i hu? Ein skifter mellom såre og vare viser, fengslande popharmoniar, litt vaudeville og beinharde energiutblåsningar i beste punkstil. Desse songane boblar alle over av speleglede og ungt pågangsmot og såleis er vitaminpille som mange kan ha glede av, enten ein vil blåse ut litt eller berre er særs glad i denne delen av britisk populærmusikk. Produksjonen er passe rufsete og det er meir vilje enn ferdigheiter som gjer at bandet kjem seg gjennom materialet. Dei har alltid vore betre komponistar enn utøvarar, men i denne typen musikk gjer det ikkje i all verden. Her skal det vere humør, og småfeila ein høyrer i framføringa er meir sjarmerande enn skjemmande.

Musikken på plata er, som lesaren forstår, meir og mindre uangripeleg sidan dette er dei opplesne og vedtekne "beste" til eit av tiårets mest myteomspunne orkester. Det som på den andre sida trekk ned er den sparsommelege innpakningen som Rough Trade legg opp til. For det første får ein inga gulrot ved å kjøpe denne samlinga i form av uutgjevne låtar eller alternative miksar og demoar som kunne vore gledeleg for ei stor mengde av lyarar.

For det andre er omslaget ganske så begredeleg. Her hadde ein venta seg litt liner notes om bandets historie og småsnacks som fakta og anekdoter om dei einskilde songane, men dette får ein ikkje. I staden får ein nokre outtakes frå ulike photoshoot som The Libertines gjorde i samband med cover til platene sine. Dette må ein sjå på som eit stort minus, etter mi audmjuke oppfatning. Det held rett og slett ikkje. Difor er ikkje dette ei plate ein treng dersom ein har studioalbuma til bandet.

Dersom du vil ha ei kjapp innføring i kva The Libertines står for musikalsk er det derimot ei heilt grei oppsummering av ei kort, men like fullt viktig musikalsk karriere.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Helldorado - Director's Cut

(Checkpoint Charlie)

Hemningslaus og morderisk debut frå ein løfterik Stavangerbande.

Flere:

Plastikman - Closer
Samara Lubelski - The Fleeting Skies