cover

Halos & Lassos

Half-Handed Cloud

CD (2006) - Asthmatic Kitty / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Psykedelia / Avantgarde / Kristenrock

Spor:
Earth Outside of Ghost Will Only Be Quicksand
Tongues That Possess the Earth Instead
Foot On the Brake
A Suit of Clouds to Ride the Skies
Praise Awaits You
Rise to the Heavens on Evaporation
A Picnic Few Want to Attend
In You Now, But Still Below
Eyes Peeled
You Wouldn't Embarrass Me, Would You?
You've Been Faithful to Us Clouds
Skip the Rope
Celebrating Hearts Aligned
They're Bad, But We're Worse
A Bed That Breathes With Him
Feed Your Sheep a Burning Lamp
Rainbow=Warbow
A Tree Replanted Back in Eden
Place Your Wind Against My Sails

Referanser:
Sufjan Stevens
Danielson Famile
The Shins
Rogue Wave
Beach Boys

Vis flere data

Se også:
We Haven't Just Been Told, We Have Been Loved - Half-Handed Cloud (2002)
Thy Is a Word & Feet Need Lamps - Half-Handed Cloud (2005)
Cut Me Down & Count My Rings - Half-Handed Cloud (2009)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Kort og (nokså) godt

Lettbeint pop-psykedelisering, urokkelig tru og ein tidvis litt slitsam synthesizer.

For fjerde gong er Half-Handed Cloud klar med ein liten tettpakka halvtime flyktig 60-tals påverka pop-psykedelisering. Halos & Lassos har nitten låtar, eller kanskje det er meir korrekt å kalle det sekvensar. Dei har ei gjennomsnittleg lengde på dryge minuttet, er bygd rundt eit ganske så likt melodisk mønster, og sprett over i kvarandre før ein har klart å fordøye tittelen deira.

Omtrent slik blir ein sittande og fundere og mumle for seg sjølv dei første gongene i selskap med Halos & Lassos: Skal vi sjå - Earth Outside of Ghost Will Only Be Quicksand – hmm, kva meinast med det tru? Det må vel bety noko slikt som... hei, vent litt. Nei vel – Tongues That Possess The Earth Instead – hmm, den var litt surreal... nei der var den ferdig gitt. Foot On the Brake – lurer på om ikkje det kunne vore ein god idé, ja.

Half-Handed Cloud er i hovudsak eit einmannsverk. Mannen heiter John Ringhofer. Han er god venn med Sufjan Stevens og Daniel Smith, og deler deira syn på Jesus Kristus og hans opphav. På ein likefram, smått naivistisk og lett surrealistisk måte impliserer han både eit og hint frå Bibelen i tekstane sine. Og han sparar ikkje på lovprisingar til sine heltar der oppe i dei himmelske salar. Ja, Ringhofer sine tekstlige eskapadar blir faktisk nesten litt sjarmerande i all sin flyktige omgang med tru, lykke, undring, draumar, lyse skyer og litt mørkare mortalitet. Han har forresten gjengjeve dei inni coveret, men det så smått og tettskrive at det blir ein beint fram slitsam tålmodsprøve å forsøke lese dei.

Ringhofer er ein multi-instrumentalist. Ein må vel nesten vere det for å drive eit einmannsband. Nå har han rett nok med seg to blad Buckner (Brandon og Wendy) på plata, men det meste av lyden tek han ansvar for sjølv. Trombonen, som var det første instrumentet han lærte seg, er med, det same er gitaren, banjoen, marimbaen, bjøllene og ikkje minst ein omnichord. Sistnemnte sender frå seg synthbølgjer og hermetiske rytmar av det hastige slaget. Dette er eit nytt påfunn frå Ringhofer si side, eg synes ikkje det er det beste han har hatt.

Låtane er som nemnt mykje skodd over same lest. Det er likevel nokre som skil seg ut. Skip the Rope og A Bed That Breathes With Him stormar fram i eit snitt det kling litt The Shins av. Suit of Clouds to Ride the Skies blir klappa fram på eit livaktig vis. Medan You've Been Faithful to Us Clouds strekker seg over 3 1/2 minutt, og er i særklasse det lengste sporet. Det beste også, tida blir nytta til både friske "do-do-do" og "ba-ba-ba" og minneverdige linjer som "you wash feet with kisses".

Eigentlig provar han så godt som heile vegen at han har eit dugande grep om å skape livfulle poptonar, men så var det den der omnichorden, då.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo