cover

The Trumpet Child

Over the Rhine

CD (2007) - Great Speckled Dog / Lo-Fi

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Cabaret / Vokaljazz / Americana / Country

Spor:
I Don't Wanna Waste Your Time
Trouble

I'm On a Roll
Nothing Is Innocent
The Trumpet Child

Entertaining Thoughts

Who'm I Kiddin' But Me

Let's Spend the Day in Bed
Desperate for Love

Don't Wait for Tom
If a Song Could Be President

Referanser:
Norah Jones
Maria McKee
Billie Holiday
Patsy Cline
k.d. lang
Tom Waits

Vis flere data

Se også:
Ohio - Over the Rhine (2003)
Snow Angels - Over the Rhine (2007)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Svalt, mildt, vakkert og natt

Dei kastar slett ikkje bort tida di med musikk du ikkje treng.

Det skjer ein del gonger at ei plate viser seg å vere mindre skarpskodd enn det ein først trur den er. I løpet av dei fem åra eg har synsa om plater på groove skal eg innrømme at eg nokre gonger har trekt konklusjonen før eg har oppdaga det, og slik komme i skade for å dele ut godord og poeng vel rundhanda. Den omvendte problemstilling derimot, at ei plate har vist seg meir skarpskodd enn kva inntrykket fortalte meg då konklusjonen vart trekt, er eit sjeldant fenomen.

Faktisk kan eg berre komme på ein gong der dette har hendt. Ohio er namnet på den plata. Ei dust farga, sakralt framstilt og særdeles innbydande tonesett plate, skapt med nennsam hand og enkle middel av mann og kone duoen Over the Rhine. Dobbel er den også, utan at den tar skade av det. Då eg skreiv nokre ord om den på nyåret i 2004 burde eg nok vore rausare med godorda og endt opp med seks groove-poeng i staden for fem. Ja for det hadde så avgjort den samlinga av sjelfulle songar frå ei kosmisk americana-bakgate fortent.

Turneen som fylgde Ohio sleit på ekteskapet, og dei to (Karin Bergquist og Linford Detweiler) bestemte seg for å nedprioritere musikken for å redde samlivet. Det kan tyde på at dei har lukkast med det, for i 2007 har musikken blitt opprioritert igjen. To nye plater. Snow Angels, som vel var denne julas finaste juleplate, og The Trumpet Child, ein blåfarga men håpefull midtvesten cabaret som har henta sin inspirasjon frå slikt som New Orleanske jazzbuler, gamle hymner og anna amerikansk pre-rock stoff.

Karin Bergquist legg ambisjonane der dei bør leggast når ho i første linje proklamerer fylgjande: "I don't wanna waste your time with music you don't need". Og ho, mannen og deira medmusikantar lever opp til ambisjonane. The Trumpet Child lever i eit sonisk landskap ikkje så heilt ulikt det damer som Norah Jones og Katie Melua tar seg fram i. Men spør du underteikna ja så opplever eg at Over the Rhine går litt djupare enn desse, samstundes som dei tar seg fram med ein frodigare bris i ryggen.

Karin Bergquist er utstyrt med denne forsiktig håse, sterkt sensuelle og myndige røysta som evnar å gjere ein song til eit personleg vitnesbyrd. Laust og ledig men med stor kontroll leiar ho songane langs ein om ikkje akkurat flomlyst så heller ikkje mørklagt veg. Og bakom henne sitt han Detweiler og trillar fram jazzige tema frå eit piano, Brad Jones har basskontroll med kontrabassen og Mickey Grimm spelar meir enn slår på trommene. Ein innhyra Jim Hoke smyg innom med varme tonar frå ein saksofon eller ein klarinett, og Tony Paoletta fargar nokre krokar med tonar frå ein steel-gitar.

Det handlar om kjærleiken. Sett gjennom augne til nokon som trur på den. Nokon som har håp, lyst og framtid. Nokon som vil omfamne og ikkje forkaste. "I don't wanna waste good wine, if you won't stick around" syng ho Karin i opningssporet. "You smell like sweet magnolias and Pentecostal residue" syng ho ein annan stad, men grublar også litt forsiktig over om ho lurer seg sjølv. Det gjer ho ikkje når ytrar eit ynskje til sin kjære om å fordrive heile dagen i senga, der dei kan bli "stoned on love".

Tittelkuttet handlar om kjærleiken til jazzmusikken. Og då spesielt den kraftfulle eller lyriske tone som kan komme når ein som kan det bles i hornet, "with Gabriel's power and Satchmo's grace". Don't Wait For Tom handlar om kjærleiken til Tom Waits. Songe av mannen ved pianoet i ein sjargong veldig tett opp til slik vi kjenner gamle gode Waits; "He takes a little bow and tips his fedora, shouts like he's gonna save Sodom and Gomorrah".

Dei avsluttar albumet i klassisk countryskapnad. Med ei låt som vel kan seiast å handle om kjærleiken den også. Kjærleiken til og trua på krafta i ein song. For If a Song Could Be President ville verda sett ganske så annleis ut om vi skal tru Over the Rhine. Då kunne Steve Earle "anchor the news", Neil Young vore senator, Emmylou Harris ambassadør og John Prine sjef for FBI. Det heile fortalt med minst to glimt i augekroken. Men glimt slett ikkje utan ein viss substans.

The Trumpet Child grev seg kanskje ikkje like djupt inn i sjel og sinn som det Ohio med tida har klart, men den får sinnet til å danse. Med raffinerte og stødige steg. Ikkje kom her og sei at slike tonar ikkje trengs.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo