cover

Cowboy & Indianer Sessions vol. 1

Diverse artister

CD (2007) - NorskAmerikaner / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Country / Countryrock / Folk / Folkrock

Spor:
Weary Blues From Waiting
Forget This Dance
I Shall Be Released
Peace Call
Det Snør På Skogen
Lovin' In My Baby'S Eyes
Lyst
John Wesley Harding
You Can Close Your Eyes
Big River
It Makes No Difference
St. John the Gambler
Love is a Rose
Full House
City Central Pensjonat
Off to America
Honky Tonkin'
To Hender
5:56 (Cowboy & Indianer tema)

Referanser:
Hank Williams
Townes Van Zandt
Bob Dylan

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Norskamericana

Norskamericana frå sjefscowboy Skjeklesæther sitt lydarkiv. Mykje habilt stoff, og litegrann magi.

Når Cowboy & Indianer-sjef Tom Skjeklesæther i desse dagar vil markere femårsjubileet for sitt kjære radioprogram med å gje ut ein CD, vel han like godt å spele ut det beste kortet med det same.

I ein kort tekst om bakgrunnen for dette albumet nyttar Skjeklesæther ord som destillert magi for å beskrive Vidar Vang sin versjon av Hank Williams klassikaren Weary Blues From Waiting. Det er ikkje vanskelig å vere einig med han i det. Åleine med sin akustiske gitar går unge Vang inn i ein varleg og sjelfull nærkamp med den gamle songen. Og han finn all lengselen Williams la inn der, og gjer den til sin. Det er i slike stunder ein ikkje føler trong for å kjekke seg med den klisjéfylte floskelen om at ein kjenner originalen, og at den sjølvsagt er betre.

I løpet av den neste timen gjer ein stor bukett norske (og nokon amerikanske) artistar for det meste coverversjonar av kjente og ikkje fullt så kjente låtar frå dei americana-groande jaktmarker. Alle låtane er spelt inn eksklusivt for programmet. Og dei aller fleste er spelt inn med lite straumtilføring og høg kassegitar faktor. Unplugged kalla dei det visst på MTV ein gong i tida.

Fem av artistane (Christer Knutsen, C.C Cowboys, Karin Wright, Omar Østli og Bill Booth) gjer nedstrippa versjonar av eigenkomponert materiale. Utan at nokon av dei bringer underteikna utav fatning på noko som helst vis. Låtane deira finn seg greitt tilrettes i den store grå dynga av høgst gjennomsnittleg trubaduring. Roy Lønhøiden kler av si eiga gjendikting av Townes Van Zandt sin Snowin' On Raton. Kjenningar av Lønhøiden veit at låta opna hans siste plate på utsøkt vis, den er ikkje nemneverdig svakare her.

Resten av spora er så vidt underteikna kjenner til låtar dei respektive artistane ikkje har gjort innspelte versjonar av før. To bergensarar vel seg Dylan. Sgt. Petter fortel historia om John Wesley Harding på sitt akkurat passe småskakke vis. William Hut og band prøver seg på I Shall Be Released. Dette er vel noko slikt som coverversjon nr. 3000 av akkurat den, og ein ting er sikkert: Hut og hans pertentlige variant er langt unna å finne fram til desperasjonen som Richard Manuel og The Band i si tid fant der. Mens vi snakkar om The Band, Home Groan vågar seg på It Makes No Difference. Det er ikkje Rick Danko-kvalitetar over Martin Hagfors sine vokale fraseringar, men han og resten av gjengen skaper like fullt ei nerve her som gjer versjonen meir enn dugande.

Townes Van Zandt fekk ein gong spørsmålet om kvifor alle songane hans var så triste. "Well they're not all sad", svarte han "some of them are hopeless". Håpet er ikkje ein gong eit fjernt vindpust i hans song om den unge kvinna som kler seg opp og forlet barndomsheimen for å reise og møte den trulause forføraren St. John the Gambler.
Johnny Hide har berre kassegitaren og si flotte røyst å spele på når han gjer sin versjon. Det held lenge. Han syng dei sørgmodig vakre tonane så uttrykksfullt at det er som ein kan kjenne nærværet av "her frozen breath" og "mother's tears".

Opplagt og med mindre Neil Young i røysta enn kva vanleg er gjer Saint Thomas ein absolutt levedyktig versjon av Neil Young sin Love is a Rose. Karen Jo Fields gjer ein personlig og fin versjon av Taj Mahal-låta Lovin' In My Baby Eyes. Hilde Heltberg syng James Taylor sin ikkje heilt ukjente You Can Close Your Eyes. Det har vel aldri vore blant mine favorittlåtar, og blir det ikkje i hennar versjon heller. Kevin Welch har Henning Kvitnes med seg som harmonipartnar i ein av Woody Guthrie sine mindre kjente songar, Peace Call, på habilt vis.

Tom Russell har ei røyst som er ei slags juniorutgåve av Johnny Cash. Det fell seg derfor ikkje heilt unaturleg for han å gjere ein versjon av Big River. Habilt det også. Eg er derimot litt meir usikker på kor naturleg den kraftfulle Texastrioen Grady følte det var å harve over Hank Williams sin Honky Tonkin'. Å høyre dei gjere det er litt artig eit par-tre gonger, men så føler ein seg ferdig med den versjonen.

Bonuskuttet med Onkel Tuka er ei oversetting av Van Zandt sin countrygospel Two Hands, her To Hender. Den blir for tynn og ikkje heilt truverdig (men det siste er kanskje meininga også?).

Alt i alt renn det altså ikkje over av verkelig sublime augeblikk, men ei hyggelig lita markering like fullt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK ...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: