cover

Klezmer Mongrels

Geoff Berner

CD (2009) - 9PM

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Klezmer / Folk / Cabaret

Spor:
Shut In
Luck In Exile
The Whiskey
Half German Girlfriend
King of the Gangsters
No Tobacco
Play, Gypsy, Play
Authentic Klezmer Weeding Band
One Shoe
High Ground
Fukher

Referanser:
Tom Lehrer
Hawksley Workman
Billy Bragg

Vis flere data

Se også:
We Shall Not Flag or Fail, We Shall Go On To The End - Geoff Berner (2003)
We Shall Not Flag or Fail, We Shall Go On To The End - Geoff Berner (2003)
Whiskey Rabbi - Geoff Berner (2005)
Whiskey Rabbi - Geoff Berner (2005)
The Wedding Dance of the Widow Bride - Geoff Berner (2007)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


I'm so hot, hot, hot, I need a Fukher...

Canada sin finaste trekkspelambassadør er på farta igjen og avsluttar her sin klezmer-trilogi.

Canada sin finaste trekkspelambassadør er på farta igjen. Geoff Berner, mannen som loffar rundt i europeiske storbyar og tettstader og kleskar til med klezmer-infisert visepunk (eller kva ein måtte finne på å kalle musikken hans) avsluttar her sin sjølvpålagte trilogi. Treeininga som tidlegare har inkludert brillefine Whiskey Rabbi (2005) og den for meg mindre gjeve The Wedding Dance of the Widow Bride (2007) bør vere interessant for fleire enn den mest ihuga trekkspelentusiast.

At han smått om sen har blitt litt kjent, både med, og av fleire her til lands skal også være sikkert. Litt av grunnen er naturleg nok at Kaizers Orchestra tok han under sine stadig meir einsformige oompa-vingar og lot han vere toastmaster og oppvarmar under mange av gruppa sine konsertar rundt i Noreg og Europa. Men han gjer seg nok best når han får styre showet på eigne premis og framfor sitt eige publikum Særlig i Bergen og Oslo trekk i alle fall Berner godt med folk til sine opptredenar og gjev mannen det eg mistenker er sjølve driven i ferda hans; menneskehistorier, ei god fylla og eit lite knippe solgte skiver.

Eg husker eg likte Geoff Berner enormt godt. Særlig den ville artisten som hylte og vrengte seg – som song om seriøse tema på ein munter måte, den forbanna jøden og gatepresten som klunka nedpå brennevinet medan han song så fråden og alkoholånden stod ut orr kjeften på han. Eller kanskje var det mest slik han hørtest ut på dei beste spora på Whiskey Rabbi. Som ein kar som har sett både himmelen og helvete, djupet og lyset og som samstundes riv tak i kragen din medan han tvinger deg til å høre detaljerte skildringar frå dette livet. Heilt så absurd godt liker eg ikkje musikken lenger, men du verden, han kan slå til i blant.

Det mest slåande med Klezmer Mongrels er faktisk at her er mykje velkjent stoff frå dei to føregåande skivene. Gleda over rusen har han så klart behaldt. Som vanlig får whiskey sin faste dedikasjonslåt, (den nyadapterte The Whiskey). Litt weedblåsing i ny og ne vil han no også ha etter sine konsertar, men pass på å ikkje blande den ut med tobakk. Då begynner nemlig mannen å hoste. At Berner er ein dugande ordsjonglør som aldri går av vegen nyte ein god parafrase eller abstraksjon til middagen viser han også denne gangen. Gapskratten og evna til å dynke i utgongspunktet triste hendingar med joviale tonelag har vore eit kjenneteikn som vidareførast her.

Vel, kanskje har ikkje ting forandra seg nemneverdig, men kanskje det ikkje hadde vært dumt å tenke i nye baner. Eller kanskje er det kun meg som gjerne kunne trengt litt forandring. Klezmer Mongrels er som før – det vil seie, grunnpakken er stort sett den same. Han humpar framover på trekkspelet sitt, bæler ut som ein uflidd gatesanger medan knasande fiolinar og spartansk perkusjon dansar hulder-aktig rundt. Tidvis veldig fint er det, men stundom kjennast det også litt trøttande og vanskelig å heilt halde nær.

Sjølv synest eg faktisk han fungerar best på låtane der han sjølv ikkje er oppført som tekstforfattar; som den triste snakkevisa One Shoe av turnevennen Kris Demeanor (om politimishandling og det moglege drapet på ein canadisk tenåring på 90-tallet) og den langt mindre alvorlige Fukher av Irving Fields der Fukher – som på jiddish visstnok tyder vifte - her får eit heilt nytt bruksområde: Don't Fukher to much, maybe three times a day, The Motherfukher eller Don't be a shmuck! Get yourself a fukher- jepp, du skjønnar...). Kanskje det kjekkaste bidraget på plata der ja. På plusskontoen kan ein vel og slenge på den barnevennlege folkevisa Half-German Girlfriend, ein halvkomisk hyllest til Berner sin betre halvdel formulert blant anna på den her måten: The Nazi and the Orthodox Jew would both be disgusted if they knew about the dirty things we do. On that they would Agree.

Vanskane med å trekke fram dei heilt store høgdane eller dei regelrett semre songane gjer likevel dette til knapt meir enn ei middels lyttaroppleving. Sjølv om Klezmer Mongrels jamnt over står fram som ei dugande utgjeving snik det seg inn ei kjensla av at formelen hans er i ferd med å repetere seg inn i det uendelege. Håper i så måte at avslutninga av denne trilogien kan sprute nye vitaminer inn i Geoff Berner sine kommande prosjekt.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The International Tussler Society - Motorpsycho Presents the International Tussler Society

(Sony Music)

Motorpsychologar med venner inviterer på eit sevjerikt, variert og raust måltid.

Flere:

Andrew Bird - Noble Beast
Plastikman - Closer