cover

Retriever

Ron Sexsmith

CD (2004) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folk / Singer/songwriter

Spor:
Hard Bargain
Imaginary Friends
Not About to Lose
Tomorrow In Her Eyes
From Now On
For the Driver
Wishing Wells
Whatever It Takes
Dandelion Wine
Happiness
How On Earth
I Know It Well

Referanser:
Elvis Costello
Paul McCartney
Neil Finn
Michael Penn
Ed Harcourt
Travis

Vis flere data

Se også:
Cobblestone Runway - Ron Sexsmith (2002)
Time Being - Ron Sexsmith (2006)
Time Being - Ron Sexsmith (2006)
Destination Unknown - Ron Sexsmith & Don Kerr (2005)
Exit Strategy of the Soul - Ron Sexsmith (2008)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Snille tonar

Nok ei plate med harmonisk og veloppdragen popmusikk frå den skånsomme canadiaren.

Han prøvde seg i det små sidan tidleg på 80-talet, med sjølvfinansierte kassettinnspelingar, og som medlem i eit band med det, i Sexsmith-samanheng, svært så passande namnet The Uncool. Så entra han vår verden i 1995 med ein vakkert lydande CD som kun bar hans eige namn, og fylgde denne opp med den endå sterkare Other Songs to år seinare. Som ein beskjeden canadisk skogsblom syng han sine varlege poplåtar. Låtar som trass i sin enkle framtoning både ber i seg uforutsette vendingar og mangfoldige toneinnslag. Og viser ei unik evne til å hente mykje fin musikalitet berre utav enkle små ord. Det er derfor lett å skjøne at ein kar som Elvis Costello åpenlyst har proklamert sin kjærleik til Sexsmith sin tonekunst. Lett også fordi ein i Ron sin melodioppbygging, og då særlig på dei tidlegaste platene, høyrer mykje Costello. Rett nok turnerer Ron rundt i ein mjukare og langt meir danna sfære enn den den godaste Elvis har pleidd å gjere seg gjeldande i. Men slektskapet er der.

Som den røynde låtskrivaren han er, er det også lett å skjøne at Paul McCartney tykkjer om Sexsmith sine låtar. Og når eg no har gjort meg kjent med Ron sitt aller nyaste album Retriever, viser det seg at det er nett desse McCartney-tangentane som kanskje gjer seg aller mest gjeldande denne gongen. Særlig synest eg at dette kjem til uttrykk i dei grasiøse tilfella Not About to Lose og Tomorrow In Her Eyes, sjølv om det er lenge sidan eg har høyrt Beatle-Paul utretta såpass til saker. Beatles-klangen er også tilstades i meir up-tempo tilfeller som From Now On og Happiness (saman med den hamrande klangen frå gjestemusikant Ed Harcourt sitt piano), utan at nokon av låtane vel egentlig representerer Sexsmith sine aller største stunder som låtskrivar. Det gjer derimot elegante Imaginary Friends. Det er når Sexsmith tryllar fram slike tonar at vegen til ei legende som Cole Porter ikkje synest altfor lang. Ellers set eg også stor pris på den instrumentelt strippa For the Driver, med sine strøk av britisk folk. Aller mest velgjerande trur eg likevel praktfulle Dandelion Wine er. Den startar med Ron og hans akustiske gitar, som etterkvart får selskap av både piano, elektrisitet, rytmeanslag og strykarar. Utan at låta blir overkøyrd av den grunn.

På den andre sida klarer eg ikkje heilt å svelgje den 70-tals Bill Withers-inspirerte, og litt for svulstige Whatever It Takes. Samstundes som at heilskapen på Retriever kan gje eit litt vel pyntelig bilde. Det hadde ikkje gjort noko om han eit par gonger hadde skjena ut i eit noko meir hudlaust lende (eit slikt eit som dediserte Elliott Smith vitja, litt for ofte kanskje). Men så er det det at Ron Sexsmith truleg har andre intensjonar med sin musikk enn slike dunkle utflukter. Slikt som å sirkle inn veldreide tonerekkjer og plassere dei i eit harmonisk bilde. Og med god hjelp av produsent Martin Terefe (som og gjorde samme jobben på forrige Sexsmith-album, Cobblestone Runway) blir det alt i alt eit vellykka bilde utav desse tekkelige strøka også. Sjølv om eg personleg finn ein smule meir samhøyr med mannen sine to album frå midten av nitti-talet. Kanskje fordi Costello alltid har tiltalt meg meir enn McCartney.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo