cover

Like Love, Lust & the Open Halls of the Soul

Jesse Sykes and the Sweet Hereafter

CD (2007) - Fargo / Indie

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Folk / Americana / Poprock

Spor:
Eisenhower Moon
LLL
You Might Walk Away
The Air Is Thin
Spectral Beings
How Will We Know?
Hard Not to Believe
Aftermath
Station Grey
I Like the Sound
Morning, It Comes
The Open Halls of the Soul

Referanser:
Marianne Faithfull
Cat Power
Lucinda Williams
Patty Griffin

Vis flere data

Se også:
Oh, My Girl - Jesse Sykes and the Sweet Hereafter (2004)
Oh, My Girl - Jesse Sykes and the Sweet Hereafter (2004)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Intense skriftemål

Med intensitet bak orda legg Jesse Sykes for tredje gong sjela fram til gjennomsyn.

Det er noko med stemma til Jesse Sykes. Den har noko slitent over seg, men ikkje utslitt. Den skaper eit inntrykk av at her talar ei dame som har godt med både røyndom og ånd. Den har meir enn ein whiskeyslurk av Marianne Faithful i seg, samstundes som den også har eit drag av Chan Marshall sin intimitet i seg.

Så, nesten kviskrande, intens og nær orda og tonane ho sjølv har laga inviterer Jesse Sykes på ei ferd i sjela sine opne korridorar. Der kjærleiken, lystene og dei skjøre kjensler vandrar både openlyst og dulgt omkring. Eller der både "half sadness and half fury" rår, for å nytte hennar eigne ord frå det vakre og lengtande opningssporet Eisenhower Moon.

Med seg har ho slik det har vore nokre gonger no The Sweet Hereafter. Eit lag som blei til i etterkant av at Jesse traff gitaristen Paul Wandscher på ein bar i Seattle mot slutten av det førre årtusen. Ein gitarist som på den tida var på rømmen frå ein ustabil sheriff i Whiskeytown.

Like, Love, Lust & the Open Halls of the Soul er Sykes sitt tredje album under denne signaturen. Eit jamt over bra album er det blitt. Nemnte Wandscher og hans gitarar får utfolde seg over litt større flater enn kva som var tilfelle på Oh My Girl, frå 2004. Ved eit par høve sjekkar han inn i Neil Youngske sfærar, utan å få det til å virke heilt slik mannen frå Toronto plar gjere.

Det einsarta, modeste, dampande og atmosfæriske frå tidlegare album får denne gongen selskap av låtar som enten rockar det litt meir til, eller gjer forsøk på å sprette i noko ein kanskje kan kalle pop-retning. Utan at ein av den grunn skal viske bort det folksy americana merket ho har hatt. Og utan at eg nødvendigvis kan gå god for at det er ein gunstig retning for henne å søke mot. Det er noko med stemma hennar som liksom tar seg best ut der tonane ikkje har det altfor hastig.

Det er sannsynlegvis derfor den strykardraperte og elegiske Spectral Beings, den nennsamt gospel-touchande The Air Is Thin, og den sakte gyngande og smått håpefulle Morning It Comes blir tre favorittar. Men eg likar også kva ho har for seg når ho lar Neil Young lånte "oh-la-la" snike seg med på den litt meir krafsande Station Grey.

Derimot synst eg ikkje ho har heilt taket på det når ho prøver å gå Lambchop i næringa med Aftermath. Og absolutt ikkje når ho lar The Sweet Hereafter føre seg inn i poprock-sfærar med You Might Walk Away og I Like the Sound. Då vandrar ho berre så altfor midt i den preglause handlegata.

Likefullt, på Like Love, Lust & The Open Halls of the Soul er det meir av det slaget som skaper interesse, enn det er av det slaget som skaper ein gjesp.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo