cover

Songs

John Fullbright

CD (2014) - Blue Dirt

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Americana / Soul / Folk

Spor:
Happy
When You're Here
Keeping Hope Alive
She Knows
Until You Were Gone
Write a Song
Never Cry Again
Going Home
All That You Know
The One That Lives Too Far
High Road
Very First Time

Referanser:
Delbert McClinton
Townes Van Zandt
Randy Newman
Justin Townes Earle
Jason Isbell

Vis flere data

Se også:
From The Ground Up - John Fullbright (2012)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Country har soul

Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

Det vage og det mystiske er ikkje noko for John Fullbright. Han seier det i grunn slik det er, slik det blir opplevd, slik det funkar, eller ikkje funkar, over tolv songar, på sitt andre studioalbum. "What's so bad about happy" spør han seg sjølv, og sine omgjevnader, og sannsynlegvis også sine lyttarar, i første song. Kanskje som ein kommentar til at han og hans likemenn har ein tendens til å ramle inn i det melankolske? Kanskje som ein kommentar til dei 10 neste songane på plata? Det er nemlig ikkje spesielt mykje til lykke å spore i desse.

John Fullbright presenterte seg med glød og songmelodisk tyngde på plata From the Ground Up for to år sidan. Ei countryplate som var meir enn berre country. Her var det varlige balladar og kanskje berre eit piano, her var det souldyppa stoff, her var det drivande rockesaker. Songs har eit smalare spekter. Songs er ei semiakustisk plate der Fullbright på storparten av songane har lite anna enn den akustiske gitaren eller eit piano som instrumentalt fylgje. Det er ikkje eit problem.

Fullbright har ei røyst som aldri dovnar hen. Ei røyst som treff tonane med rå overtydnad. I song etter song, om kjærleikens kronglete livsvilkår. "I could show you how to live a life alone, All it takes is getting used to getting lost" syng han i When You're Here. "I haven't told myself the truth, Since the first night she were gone" syng han litt seinare, i The One That Lives To Far. To songar som behandlar både einsemda i kjærleiken og einsemda etter kjærleiken. To songar som fortel kor umogeleg det er. To songar med mykje soul i seg, der det sonisk spartanske møter det orgeldampande. To høgdepunkt på plata.

Midtvegs på plata tar han metaperspektivet og syng "write a song about the very song you sing". Tonen er utsøkt trist, alt han har fingrane borti er ein akustisk gitar, og ingen andre er saman med han. I ein annan song syng han om henne som veit, "she who knows a thing or two about me". Ho som også veit nokre ting om regnet, og om kjærleiken. Tonen er i slekt med ein mørk krok på ei gammal kneipe, der eit slitt piano står. Songarens fingrar vandrar over tangentane, og ingen andre er saman med han.

Til slutt ser han det litt annleis, i song nummer tolv. Frå pianokrakken hevdar han no, litt uventa, at han endelig føler seg allright. Med ei kvinne i armkroken og opningssongens lukke i bringa vender han blikket mot seg sjølv og sine songar og syng "between love everlasting, and meaningless rhyme, sits feelin' good for the very first time".

Uansett lykke, einsemd eller depressive tilstandar, country med soul har i sanning gode vilkår hos John Fullbright.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo